• Dugnad og kafe i Botnane 4. mai

    Databilde av Fridtjov Urdal

  • Marskveld i Botnane. Foto: Gerd Gjelsvik

  • Kvardagsfiske i desember. Foto: Magni Øvrebotten

  • Fiber på gang Husefest-Årebrot. Foto: Ludvig Solberg

  • Krunhjort i sikte. Foto: Vetle Aase Øvrebotten

  • Fotomontasje av sendebrettbana i Botnane. Foto: Magni Øvrebotten

  • Garden på Ura. Foto: Magni Øvrebotten

  • Snøklokker. Foto: Magni Øvrebotten

 

Aktuelt

Dagens Fridtjov

Mot er dyrt og kontant,
feigskap krev grove renter.

Maiblomsten

Fridtjov Urdal har skrive eit lite kulturhistorisk minne om maiblomsten og laga eit databilete av blomsten og Fredrikke Marie Qvam, i Norske kvinners santitetsforeining. Det var ho som tok initiativet til sal av maiblomsten her i landet i 1909. Salet var eit tiltak i kampen mot tuberkulosen (tæringa). Med på kjøpet her får du også ei historie om då Fridtjov og Håkon Årebrot, som gutungar, selde maiblomar på Årebrot.

Dugnad og kafe 4. mai

Laurdag 4. mai, frå 10.00-15.00, vert det dugnad i Botnane. Den vert avslutta med kafe. Det vert tilsvarande dugnad på Årebrot laurdag 1. juni.

I Botnane treng grendahuset måling av ein vegg og vøling av takrenne på framsida, vasking av kjøkenet og rydding kring huset.

17. mai på Årebrot

Det vert  feiring av 17. mai på Årebrot grendahus, frå kl. 13.00. 17. mai-nemnda treng to medlemmer til og dei kan melde seg til leiaren av grendalaget, Åsmund Berthelsen, på mobil 93 23 70 73. Britt Maret Sunde, Marion van Eck Ederveen og Helen Aasen har alt teke på seg å vere med i nemnda.

Brev om vegen

Styret i grendalaget har sendt brev til Vestland fylke, Bremanger og Kinn kommunar, om vedlikehald og utbetringar på fylkesveg 5711, Frøysjøvegen. I brevet vert det bedt om utviding av den uoversiktlege svingen på Myklebust, autovern i Vindspollen og nytt dekke på vegen frå Botnane i Bremanger til Husefest i Kinn.

Aktivitetar framover

Laurdag 4. mai vert det dugnad og kafe i Botnane, kl.10.00-15.00. Frammøte grendahuset. Laurdag 1. juni  vert det dugnad og kafe på Årebrot. 17. mai feirar vi på Årebrot og vi treng to til i 17. mai-nemnda. Bygdehelga Botnane-Årebrot vert i år 12.-14. juli. I vedlegget finn du tidfesta arr. for 2024.

Om du vil hjelpe til med noko av dette kan du sende ei melding til leiaren av grendalaget, Åsmund Berthelsen, mobil 93 23 70 73.

Fullteikna murekurs

Kurset i turrmuring 12.-14. september er fullteikna med ti deltakarar.

Dette er det tredje kurset i Botnane med gråsteinsmuraren Haakon Aase. Kvar deltakar må betale kr. 1000 som bindande påmelding. Føremålet med murekursa er å gjere oss i stand til å ta vare på steingardane våre.

Dyrk graskar

Laurdag 19. oktober, kl.16.00, planlegg Siren Uren, dottera Sofie og barnebarnet Olivia, haustfest i grendahuset på Årebrot. Der skal dei kåre det største, minste og raraste graskaret dyrka på strekninga Myklebustkrysset-Villevika sommaren 2024. Graskar kan vi så på friland i mai-juni, dei blomstrar i juni og er ferdige i oktober. 5. oktober er sett som dato for påmelding til haustfesten, der det sjølvsagt vert servert graskarsuppe.

Mest attval i styret

Åsmund Berthelsen vart attvald som leiar for Botnane og Årebrot grendalag på årsmøte 16. mars. Det gjorde også nestleiar Nina Seljestokken og styremedlem Marion Van Eck Ederveen. John Sande er nytt styremedlem etter Vetle Aase Øvrebotten, som ikkje tok attval. Helen Aasen var ikkje på val.

Varafolk er Hannele Turunen, Britt Maret Sunde og Bjørg Kleiven. Nytt frå årsmøte finn du her:

180 medlemmer

Per mars24 er det 180 betalande medlemmer i Botnane og Årebrot grendalag. Å vere medlem kostar kr. 150 i året for vaksne og kr. 50 for dei mellom sju og 18 år. Du kan betale til Vipps 501465, eller bankkonto 3775.65.59177.

Det er viktig at du merkar betalinga «Medlem24», og kven du betalar for. Om du er ny som medlem må du sende ei melding til leiaren, slik at namnet ditt kjem på medlemslista. Mobil 93237073, E-post: asmund.berthelsen@icloud.com

Bruk sendebrettbana

Starten på sendebrettbana i Botnane er bak grendahuset. Der ligg det sendebrett til låns i ei korg i inngangspartiet til forsamlingslokalet. Det er viktig at dei vert lagt på plass att, både for neste brukar sin del og for at det ikkje skal bli liggande att plast i naturen.

Det er gratis å bruke bana, men om nokon vil støtte arbeidet Botnane og Årebrot grendalag har med den, kan dei vippse til 82 21 71 og merke innbetalinga «Sendebrettbana»

.

Alt frå årsmøte 16.3.24

Botnane og Årebrot grendalag hadde årsmøte laurdag den 16. mars i Botnane grendahus.  Her vart årsmelding, rekneskap, arbeidsplan og budsjett handsama. Du finn alle papira som vart lagt fram og handsama på årsmøte her. Vi kjem også etter kvart til å legge ut protokollen når den er underskriven.

Har du spørsmål eller kommentarar send dei til leiaren i laget, Åsmund Berthelsen, på asmund.berthelsen@icloud.com.

Her kan du leige i sommar!

Turar

Botnane og Årebrot kan by på mange turar – sjekk dei ut her!