Bruene skal tole 200-årsflaumen

(01.04.19) Dei nye bruene i Botnane skal tole 200-årsflaumen og dei kostar omlag 10. mill. kroner, opplyser anleggleiar Dag Ove Ulltang i Statens vegvesen. Bruene og vegen mellom dei i Øvrebotten vert asfaltert 8. eller 9. april og arbeidet er ferdig til fristen 15. april.

– Vi har vore heldige med vinteren, så arbeidet har gått etter planen, seier anleggsleiar Eirik Endestad i Mesta. Dei byrja på arbeidet i oktober 2018 og på det meste var dei sju – åtte mann i arbeid med bruene og to i administrasjonen.

Bruene over Søre – og Nøre elva er støypte på plassen med tradisjonell armering. Dei er seks meter breie og erstattar to smale 60 år gamle bruer, som ikkje lenger tolte den tungtrafikken som er på fylkesveg 577,  pga. både steinbrot og fiskeanlegg. – No kan vi trygt seie at bruene toler meir enn vegen og dei er dimensjonerte for 200-årsflaumen. Så her vil bruene stå om alt anna fer på sjøen, seier Eirik Endestad.

– Er det ikkje bale å drive med bruarbeid om vinteren?

– Nei, vanlegvis er det best på grunn av jamt lite vatn i elvane. Dei har gått store på grunn av nedbøren, men likevel minka raskt att. Utfordringa er å legge membran (blir lagt opp på dekket på bruene for å hindre at vatn trekkjer ned). Det skal gjerast rett før vi legg asfalt, difor vi ikkje veit enno om det vert 8. eller 9. april, seier Endestad.

– De har ikkje møtt nokon problem på dette anlegget då?

– Vi hadde litt utfordringar med å få lagt om høgspenten, frå luftline til jordkabel. Vi måtte grave han ned i Nøre elva og under den gamle steingarden. Vi la kabelen der steingarden var mest ramla ned, seier Endestad. – Gamle steingardar er handarbeid og ikkje maskinarbeid, legg maskinførar Per Ståle Sollied til der vi står og ser på den gamle steingarden og den nye brua over Nøre elva. Det er lett å sjå kva som er gjort med hand og kva som er maskinarbeid.

– Det er berre den harde kjerne som er att her no, seier anleggsleiar Eirik Endestad (t.h.), saman med maskinkøyrar Per Ståle Sollied i Mesta.

Kjempebra å bu i skulehuset

Sollied har vore mest fasinert av vinden, som kjem frå alle kantar inn mellom fjella her. – I starten, då vi hadde berre stropper på brakka, høyrdest det ut som eit Widerøe-fly som skulle ta av når det bles som verst her på Jørnjorda. Men vi trong ikkje gå lenger enn opp i det gamle skulehuset (grendahuset) der vi bur, så var det mykje stillare. Skulehuset har vore ein roleg plass å vere. Det har vore kjempebra å bu der, vi har hatt god sørvis og alt vi treng, seier Sollied. Anleggsleiar Endestad er samd i det og legg til at det har vore veldig kjekke grunneigarar å samarbeide med. Ja, sjølv då vi grov av eine vassinntaket til fiskeanlegget gjekk det fint. Vi ordna sjølvsagt opp etter opp, seier Endestad.

Fristen for å vere ferdige med bruene i Botnane er 15. april og anleggarbeidet er ferdig til påskehelga. – Vi kjem att for å så til skråningane når det er såtid, seier anleggleiar Dag Ove Ulltang i Statens vegvesen. Han varslar òg at det kjem til å bli mykje meir rekkverk på begge sider av bruene enn det var på dei gamle. Her er det forskrifter og regelverk å fylgje, og på Jørnjorda vil dei prøve å hindre at store bilar køyrer inn på parkeringsplassen for Diktarstien. Den skal vere for mindre bilar, syklar og fotgjengarar, seier Ulltang.