Turar
Botnane og Årebrot kan by på mange turar – sjekk dei ut her!
Statens Vegvesen har sett opp 60 km-skilt i Nordbotten og Sørbotten i Botnane, elles er det framleis 80 km gjennom bygda og vidare sørover. På årsmøte i grendalaget i mars vart det på nytt søkt om redusert fartsgrense på fv 5711 Frøysjøvegen gjennom Botnane og delar av vegen sørover til Villevika. I april tilrådde Vestland fylkeskommune 60 km fartsgrense i dei områda der det var flest utkøyrsler til fylkesvegen, og no har det kome opp skilt der det er tilfelle, og der det er flest tun nær vegen og det bur mest folk.
Botnane og Årebrot grendalag har tidlegare fått avslag på søknadar om redusert fart gjennom Botnane. og delar av strekninga sørover til Villevik kai.
Boka om kystagentane og hjelparane deira er i trykken og vi håpar ho blir ferdig til vi har tillyst presentasjon av boka i Botnane grendahus 1. november, kl. 16.00. Dit kjem forfattaren Magnus Helge Torvanger, saman med Øyvind Kleiven og Oddvar Isene frå Flora historielag. Kystagentane det er snakk om er Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen, og mellom hjelparane er det fleire namn frå Botnane-Årebrot-området. Meir om boka i vedlagde intervju med Torvanger frå tidlegare i år.
Den årlege hjortefesten i Botnane grendahus blir laurdag 21.november, kl. 19.00. Den kostar kr. 250 for vaksne og 80 kr. for barn. Betal til hjortefesten sitt eige vippsnr. 94 86 78, og meld deg på til Rune Nordbotten, mobilnr. 415 53 395.
Det er hjortejegarane som steller til festen og dei treng å vite kor mange som kjem i rimelege god tid, siste frist 17. november. Håpar mange finn høve til å kome.
Den fyrste hjortefesten var for 30 år sidan, i 1996. men sidan det ikkje var nokon fest i coronaåret 2020 er dette den 29 hjortefesten.
Søndag 1. november, kl. 16.00, er det kafe i Botnane grendahus. Dit kjem Magnus Helge Torvanger for å snakke om boka han har skrive om kystagentane og hjelparane deira. Kjersti Straume-Sande og Marit Brandsøy er vertskap for kafeen.
Laurdag 21. november, kl. 19.00, hjortefest i Botnane grendahus. Frist for å melde seg på er 17. november. Det er hjortejegarane som står for festen. Sjå elles eige oppslag.
Laurdag 5. desember, kl. 12.00, inviterer Solbjørg, Astrid og Linn Sørbotten til juleverkstad i Botnane grendahus. Det vert baking og laging av julepynt. Alle velkomne.
Alle skjønar kva sving vi spør om når spørsmålet er kva forhold dei har til «den smale svingen» på Myklebust. Nokon seier at det er «heilt greitt», det gjeld berre å passe farten og kunne rygge. Andre stivnar til og kjenner på frykt for kva vi møter. Det er ikkje plass til meir enn ein bil i den svingen og bergingsbilar er eit nokså vanleg syn her. – Den svingen er farleg, seier han som har køyrt og brøytt der i 33 år.
Dei likar ikkje å stikke seg fram. Eg har spurt om intervju i fleire år, utan napp. No brukte eg som argument at dei måtte «stå fram» etter all skryten dei fekk frå Siv Elise Gulestøl og Eddy Robertsen i Storevika, for hjelp og fagkunnskap. Brandsøy Maskin vart skipa i 2014, av far Ronny og eldste son Kim-Henrik Brandsøy. No er også bror nummer to, Adrian Brandsøy, komen med i firmaet. Mor Marit Kleiven Brandsøy styrer kontoret og pengane. Dei driv med snekring, gravemaskiner, lastebilar og har ein av dei største ambulerande verkstadbilane i landet. Dei har base på Årebrot og kjenner ikkje bygdedyret.
Frå hausten av skal Siv Elise Gulestøl og Eddy Robertsen bu meir i Storevika for å arbeide meir samanhengane med restaurering av husa og garden mellom Husefest og Seljestokken. Denne sommaren nyt dei at skifertaket på hovudhuset endeleg er skifta og tett.
Gulestøl skal studere og Robertsen har kontoret i veska, han driv med sal og utvikling av programvare for HMS og tryggleik. I deira auge ligg Storevika nokså sentralt, det er berre ein halvtime til flyplassen i Florø.
Fridtjov Urdal skriv om «Regn sommar minne», ferskt per 9. august 2026:
No har det vore den eine elvafylla etter den hi i vekesvis. Det er dette ulidelege styggveret som kallar fram minnebilete frå ei onnor tid som kan hende ikkje var så mykje annleis likevel, for det skulle ikkje så lenge til med opphaldsver før det vart tala om turkesommaren i 1933. Då høystålet var helvta av det som var vanleg og potetene ikkje var større enn hasselnøttene.
For sjette gong har grendalaget arrangert Bygdehelg. Frå 10.-12.juli hadde vi konsert, fiskekonkurranse, lunsjkafé, sendebrettkonkurranse og omvisingar. For fyrste gong var det dåpsgudsteneste ute på Jørnjorda, og det vart opna merka sti over Åsen i Øvrebotten. På Årebrot fortalde Fridtjov Urdal om næringsvegar i bygda i tidlegare tider. Helga vart avslutta med basar og grendalaget fekk inn litt over 40.000 kr til drift og vedlikehald av grendahusa våre, i Botnane og på Årebrot.
Vi prøver å få fram ei liste over alle som gjekk på Botnane skule frå januar 1927 til juni 1975. Med hjelp av bygdefolk, bygdeboka og gravsteinane på gravplassen har vi førebels kome fram til 104 namn, rekna gard for gard frå nord til sør.
Fint om du kan sjekke lista og sjå om det er namn som manglar, eller folk på lista som ikkje gjekk der. Var det til dømes tilflytta barn under krigen som gjekk på skule her? Send opplysingar til magni.ovrebotten@gmali.com eller mobil 970 55201.
Per 04.09.26 har Botnane og Årebrot grendalag 167 medlemmer. Frå i år av kostar det 200 kroner for vaksne, og kr. 50 for dei mellom sju og 18 år. Yngre gratis. I fjor hadde grendalaget 154 medlemmer.
Betal til Vipps 501465 eller bankkonto 3775.65.59177. Merk innbetalinga med «Medlem26» og kven du betalar for. Vi vil gjerne sende ut meldingar direkte til medlemmene og ber om at de sender oss e-postadresse eller mobilnummer. Send til leiaren i grendalaget på e-post: asmund.berthelsen@icloud.com .
Botnane og Årebrot kan by på mange turar – sjekk dei ut her!