Redningssaka i Botnane

Av Ståle Sørbotten

Eg sit med ei gamal kladdebok, ikkje kva som helst kladdebok. Det er protokollen for Botnane kvinnforeining for Norsk Selskap til Skibbrudnes redning. Foreininga var ”…stiftet 16.11.1932 av reisesekretær O. Vebenstad og innkommet ved kollekt kr. 15,77…”.

Anna Nøttingnes var den første leiaren i foreininga, eit verv ho hadde fram til 1953. Den 20.10.1953 vart Oline Øvrebotten vald som ny leiar, med Alma Sande som nestleiar. Hausten 1955 slutta begge desse to i foreininga og aktiviserte seg i den nystifta sanitetsforeininga. Magnhild Sørbotten vart vald som ny leiar i redningssakforeininga, eit verv som ho hadde fram til ho gjekk bort i 1970.

Av boka kan vi lese at det var fest og basar kvart år framover til og med 1939.

I 1933 kom der inn kr. 76,46, 1934, kr. 105,00, 1935, kr. 110,85, 1936, kr. 124,00, 1937, kr. 132,10, 1938 120,20 og i 1939, kr. 122,00. I krigsåra 1940 – 1945 låg aktiviteten nede. Drifta vart teken oppatt i 1946.
I våre auge i dag, er desse summane heilt ubetydelege, men i 30-åra kan summane truleg måle seg med dei som kjem inn på basarane no. Legg vi konsumprisindeksen til grunn ville truleg basarinntektene i 1935, utgjere om lag 11 000 kroner i verdi i dag (2017).

25-årsjubileum

I  1957 er det skrive i protokollen:” .. Anna Nøttingnes var formann i foreininga sidan 1932 då foreininga vart teka oppatt og til 1954 – medlemar som var med i desse 25 åra var: Anna Nøttingnes, Solveig Sørbotten, Johanne Sørbotten, Ragna Øvrebotten, Kalla Nordbotten, Aletta Nordbotten, Alma Sletten. Birgit Sande, Magna Øvrebotten, Maria Øvrebotten, Oddny Langø, Magnhild Sørbotten

3dje mai heldt foreininga 25 års høgtid med fest og basar.Reisesekretær Sigmund Rikstad var tilstades.
Foreininga fekk Redningselskapet sin diplom og desse fekk selskapet si nål i sølv og emalje: Solveig Sørbotten, Kalla Nordbotten, Aletta Nordbotten, Alma Sletten, Birgit Sande

Diverre hadde ikkje reisesekretæren nok nåler så Anna Nøttingnes, Ragna Øvrebotten og Johanna Sørbotten som alle var burtreiste måtte ha til gode til ein annan gong å få sine nåler. På basaren kom der inn 380 kroner, men festen vart ikkje overskot på..”.

Betalte underskot av eiga lomme

Protokollen viser at basarpengane gjekk fullt og heilt til selskapet. Det same gjorde eventuelt overskot på matpengane, men gjekk matpengane med underskot, dekka medlemane underskotet av eigen lomme. Det var aldri tale om å bruke basarpengane til å dekke underskotet.

Eg har lyst å knyte eit minne til eit av desse basarane. Det måtte vere enten i 1947 eller i 1951. Det var i alle høve før Botnane fekk elektrisk straum i 1954.

Redningsskøyta skulle kome og dei skulle vise film. Det var ei storhending i bygda. Skøyta hadde med seg aggregat til å drive filmapparatet med. Aggregatet vart sett opp utanfor skulehuset. Salen var stappande full og då vi kom ut etter filmen låg diselrøyken frå aggregatet som ei frostskodde utover bøane.

Det tok liksom heile motet frå oss

Magnhild Sørbotten døydde ved juletider i 1970. Nestleiaren, Alma Sletten, sende i 1971 denne meldinga til  Redningsselskapet om at foreininga var nedlagt:

”…Redningssaka  har alltid vore synt stor velvilje i vår vesle krins, men no er dei fleste medlemane av laget, anten bortreiste eller døde, so i det farne år har vi ikkje havt foreiningsmøte. Vi 3-4 som er att, er i 70 – 80 åri, og duger ikkje lenger til å gå i gang med noko tilstelling, men vi vil få takke for alle gilde stunder vi har havt, når vi har havt vitjing av reisesekretær eller talar. Formannen vår døydde frå oss ved juletider, og det tok liksom heile motet frå oss.”

Bileta:

Bilete i toppen av sida er frå eit møte i Redningssaksforreininga hjå Kalla Nordbotten. Framme frå venstre: Magna Øvrebotten, Kalla (Karoline) Nordbotten, Aletta Nordbotten og Alma Sletten. Bak frå venstre: Birgit Sande, Astrid Nordbotten, Magnhild Sørbotten og Maria Øvrebotten.

Det nederste bilete er damene i Redningssaksforreininga i Aletta Nordbotten sin 75-årsdag i 1962. Frå venstre: Magnhild Sørbotten, Solveig Sørbotten, Astrid Nordbotten, Birgit Sande, Anna Nøttingnes, Maria Øvrebotten, Aletta Nordbotten, Kalla Nordbotten, Ragna Øvrebotten og Magna Øvrebotten.

Meir om kvinneforreiningane

Av Magni Øvrebotten

Eg har tenkt å skrive meir om dei ulike kvinneforreiningane på Årebrot og i Botnane. Dei dreiv mykje samfunnsbyggande arbeid i både inn og utland. Om nokon har bilete og historier høyrer eg gjerne om dei.

Oline Øvrebotten (fødd 1919) fortel at dei skipa Sanitetsforreining i 1955 og la møta til kveldstid, etter at dei var ferdige med fjøsen og hadde fått ungane i seng. Det var noko nytt, dei andre forreiningane var samla på dagtid. Oline hugsar godt og at Anna Nøttingnes opna kvart møte i kvinneforreininga for Redningssaka med salmen «Min båt er så liten». Det er ein svensk salme frå 1870-åra, omsett til norsk, og mykje brukt i Søndagsskulen:

  1. Min båt er så liten og havet så stort
    men Jesus har grepet min hånd.
    Når han styrer båten så går det så bra
    på veien til himmelens land.
  2. Så liten og ringe på jorden jeg er,
    men Jesus meg hjelper hver dag.
    Hver morgen meg bønnen til himmelen bær,
    jeg sovner hos Jesus hver kveld.