Gravstaden i Botnane 14. februar 1934 då dei tre som omkom 6. februar vart gravlagde.

Drukningsulukker
i fjern og nær fortid

Folk i Botnane og sørover stranda til Årebrot måtte i båt, same kvar dei skulle, heilt fram til desember 1993. Då kom det veg nordover mot Sørgulen. Mange har mist livet ved drukning, og fram gjennom tidene sikkert fleire enn vi veit om i dag. Kanskje veit du om andre?

Ståle Sørbotten (f.1935) har laga ei oversikt over ulukkene vi kjenner til i dag.

Seks drukna i Frøysjøen i 1861

Søndag den 4. august 1861 omkom Augustinus Hansson Øvrebotten, 44 år, i Frøysjøen saman med dei tre døtrene sine: Marianne 21 år, Lucie 19 år og Anne Susanne 16 år. Vidare omkom Anne Pernille Gjertsdotter, 24 år, dotter til Gjert Bergesen og Berte Pedersdotter. Dei var brukarar på Støylen i Nordbotten. I kyrkjeboka står det òg at “….arbeider Ole Andersen, 31 år, fra Ousen i Indre Dale, opholdt sig på Nordbotten”, og drukna. Han var frå Osen i Bygstad.

»—  Disse 6 Personer omkom ved at kuldseile paa Tilbagereisen fra Bremanger Kirke søndagen den 4de August”. 3 af de paa Baaden værende Personer blev reddet —-«, står det i kyrkjeboka. Kor mange andre som var med veit eg ikkje noko om, men truleg var det fleire båtar i lag. (……tyder at eg ikkje klarer å tyde det som står skrive).

Enkja etter Augustinus Hansson Øvrebotten, Marte Berntdotter, miste mann og tre døtre, og sat att med sonen Hans på nær to år (bestefar til Arne Øvrebotten (1923-2017) og Oddbjørg Sørbotten (1928)). Garden, bruksnr.2 i Øvrebotten, heldt på å gå på tvangsauksjon. Alt innbu vart seldt.

Det knyter seg ei historie til denne ulukka. Det vert fortalt at ein kar frå Sørbotten hadde kjøpt seg ein slipestein (truleg hadde dei vore i Smørhamn og handla på tilbaketuren frå kyrkja). Det vart diskusjon om dei skulle kaste slipesteinen på sjøen for å lette båten, men eigaren nekta. Mannen med slipesteinen overlevde.

Fem drukna ved Hovden i 1876

Den 19. februar i 1876 omkom Simon Nilsson Øvrebotten, 25 år, Gunder Andreasson Nordbotten, 38 år, Søren Olsson Nordbotten, 30 år, Kristian Hansson Bredvik, 57 år og Hans Olai Kristiansson Bredvik, 25 år. Dei var på fiske, visstnok ut med Hovden ein stad.

Simon Nilsson var son til Nils Simonsson på bnr. 1 i Øvrebotten. Gunder Andreasson var leiglending i Nordbotten og let etter seg fire born, den eldste 25 år og den yngste 12 år.

Søren Olsson Nordbotten var opphavleg frå Husefest. Gift med Berte Gjertsdotter på Støylen.

Ho enda på legd, den tids fattigkasse. Kristian Hansson Bredvik var opphavleg frå Øvrebotten bnr. 2, men flytte til Breivika saman med kona Kristi Simonsdotter frå Øvrebotten bnr. 1. Hans Olai var son til Kristian. 

Drukna fyrste nyttårsdag 1899

1.nyttårsdag i 1899 omkom Isak Bredvik, 26 år, utanfor Seljestokken. Han skulle sigle frå Florø, der han var bakarsvein, og heim til Breivika. Morbror min, Sigmund Nordbotten, fortalde eingong at folka i Seljestokken hadde høyrt rop frå sjøen, men i mørkeret var det lite dei kunne gjere. Dei fann han ikkje att då, men ved eit spesielt høve seinare på året.

Isak Bredvik hadde vore med på opparbeidinga av gravplassen i Botnane. Det vert fortalt at dei arbeidde med ein stein som var vanskeleg å få opp, og då dei endeleg greidde det sa Isak:
» Her vil eg gravast når mi tid kjem, men først skal eg vere med i bryllaupet ditt, Abraham”. Denne Abraham var Abraham Saron Olsen i Sørbotten, som òg var med på dugnaden på gravstaden. Dette bryllaupet var 14. juli 1899 og på båtreisa til (eller frå?) Frøyakyrkja flaut liket av Isak Bredvik opp i Frøysjøen. Han vart gravlagd på gravstaden i Botnane 15. juli 1899, på den staden han hadde peika seg ut.

To drukna ved Røysaneset i 1907

  1. januar 1907 omkom Larine Jørgine Nordbotten, 38 år, og broren Andreas Nordbotten, 29 år nord for Røysaneset i Sletten. Dei var sysken til mor til Johannes Nordbotten (1927). Dei var nord i utmarka i Nordbotten og skulle hent ved. Det rauk opp til sørleg storm og på heimvegen ut for Røysaneset sokk båten. Begge var ugifte. Dei forsvant i sjøen og kom ikkje til rettes seinare.

Omkom på Lisetvatnet i 1922

  1. januar 1922 omkom Isak Øvrebotten, 31 år, frå bnr. 1 i Øvrebotten, i Lisetevatnet ut på Frøyalandet. Han gjekk gjennom isen på vatnet. Isak var bror til Nils Øvrebotten som då dreiv garden i Øvrebotten (svigerfar til Oline Øvrebotten, f.1919)

Tre drukna ved Opnarhella i 1934

  1. februar 1934 skulle ein del personar reise til Husefest i gravferda til Hans Husefest. For å kome til Husefest måtte dei enten gå langs den veglause stranda, mellom Sørbotten og Husefest, eller bruke sjøvegen med båt. Det vart mest brukt båt. Desse brukte båt og sidan vindforholda tillet det, heiste dei også segl. På veg sørover langs stranda såg dei Magnus Sørbotten kome gåande, han hadde ikkje vore klar til å fare då dei reiste frå Sørbotsvikja. Dei i båten ville leggje under land ved Opnarhella for å ta han med.

Denne manøveren fekk eit tragisk utfall då ei vindrose fylte seglet så mykje at båten kantra, vissnok på grunn av at tampen på seglet var surra fast. Fleira av dei ombord hamna under seglet og kom seg ikkje opp. Her omkom Aletta Sørbotten, 45 år, Maria Sørbotten, 52 år og Harald Sørbotten, 42 år. Anna Nøttingnes såg òg ut til å vere drukna. Men sonen Erling, som kom springande til frå Botnane, fekk henne på land og merka at det var liv i henne. Han bar mora over herdane og heim. På det viset rann mykje sjøvatn ut av kroppen og Anna overlevde.

Aletta Sørbotten, som var gift med Magnus Sørbotten, let etter seg 10 born. Den yngste knapt årsgamal gamal. Maria Sørbotten, som var gift med Bernt Sørbotten, let etter seg åtte born, det yngste seks år gamalt. Harald Sørbotten var ugift. Bernt Sørbotten, mannen til Maria, var med båten då den kolsigla ved Opnarhella. Hans Husefest vart gravlagd på gravplassen i Botnane ulukkesdagen 6. februar 1934.

Biletet viser gravferda til dei tre omkomne 14. februar 1934.

Drukna på Pollen i 1946

Den 4. februar 1946 skulle Harald Langø, 45 år, hente ved hos Thorbjørn Øvrebotten i Øvrebotten. Han lasta veden om bord i ein liten motorbåt han hadde, fordi det ikkje var køyreveg mellom gardane i Øvrebotten og over innmarkene i Nordbotten.

På veg ut Pollen rann båten full av sjø og sokk. Det kom raskt folk til, men Harald Langø omkom. Han kom under båten og det lukkast ikkje å få han laust. Yngste sonen Villy, 9 år som var med, vart berga. Harald Langø let etter seg kona Oddny og to mindreårige born. Han hadde nettopp dimittert frå forsvaret etter krigen. Langø hadde reist opp og ned langs kysten med fraktebåt, både før og under krigen, men enda sine dagar på Pollen i Botnane.

Drukna ved Årebrot i 1972

Den 16.april 1972 reiste Nikolai Sørbotten, 39 år, frå Botnane tilbake til Florø der han arbeidde. Han vart etterlyst då han ikkje kom fram, eller møtte på arbeid dagen etter. Det vart difor sett i gang leiting og båten hans vart funnen rekande ved Årebrot. Han vart straks etter funnen omkomen i sjøen. Nikolai Sørbotten var yngste barnet til Aletta og Magnus Sørbotten, i Posten, og var berre to år då mora drukna i 1934.

Desse hendingane minner oss om det Bernt Støylen skreiv i ein salme: ”..berre ei fjøl mellom seg og si grav..” at sjøen kan vere farleg å ferdast på.