Gravstaden i Botnane
– bygda si historiebok

Av Magni Øvrebotten

Gravstaden i Botnane vart laga til av bygdefolket på dugnad og det var stor spenning kring kven som skulle bli den fyrste i jorda her. Det vart ein svenske som kom roande og la til lands i Sørbotten. Han var sjuk, fekk husly i Runnane og døydde der. Han vart gravlagd 15. april 1899. I gravprotokollen står han oppført som “omstreifar”, men vart her i bygda alltid omtalt som “svensken”. Det var alt to graver på gravstaden i Botnane då han vart vigsla i år 1900.

Under arbeidet med gravstaden sleit dei med å få opp ein stor stein. Isak Johan Bredvik, fødd 1873, var med på det og skal ha sagt at “Her vil eg ha grava mi, men fyrst skal eg i bryllaupet ditt Abraham”. Det var Abraham Saron Olsen Sørbotten, fødd 1876, som skulle gifte seg med Oleana Lovise Eliasdatter frå Birkelia, fødd i 1879.

Isak Johan Bredvik var bakarsvein i Florø og kom vekk på sjøen då han skulle segle heim i Breivika i nyttårshelga 1898/1899. Det vart høyrt rop, dei leita, men dei fann han ikkje. Den 12. juli 1899 var brurefylgje til Oleana Lovise Eliasdatter Birkeli og Abraham Olsen Sørbotten på veg over Frøysjøen til kyrkja på Kalvåg. Då flaut liket av Isak opp. Han vart gravlagd 15. juli 1899, nett der han hadde slite med steinen på dugnaden.

Det går knapt an å tenke seg ei meir uhyggeleg brureferd enn dette, og vi kan rekne med at det vart sett på som eit “varsel” for dei som brurfolk var. Dei fekk to dødfødde barn, det fyrste vart gravlagt 14. februar 1901, det andre 1. februar 1903. Mora, Oleana Sørbotten, døydde i 1905.

Søndagane på gravstaden

Som unge var eg med bestemor mi, Magna Øvrebotten, på gravstaden om søndagane. Der møtte vi ofte syster hennar, Solveig Sørbotten. Dei var fødde i 1900 og 1891 og hadde mista mor si i 1907. Far deira brukte å ta syskenflokken på seks med på gravstaden kvar søndag. Dei to systrene kunne levande fortelje om liv og lagnader til dei som låg i gravene. Eg meiner å hugse at dei sa at Oleana Sørbotten døydde i barsel, men i gravprotokollen står det at ho døydde av  lungebetennelse.

Men eg hugsar dei tre gravene. Eg var særleg oppteken av dei to små. Det var eit kvitt gjerde kring dei og opphavleg hadde det óg vore ein liten benk, fortalde Besta. Abraham Sørbotten hadde ofte site der og sørgd over familien sin, men reiste etter kvart frå bygda og busette seg på Kalvåg.

Då gravene fekk ligge i fred

Det var skikk i Botnane at bygdefolket samla seg og reiste på gravstaden og slo graset når dei var ferdige med heimeslåtten.  Ståle Sørbotten (1935) hugsar det godt: – Det var eg med på sjølv då eg var unge fordi eg tykte det var interessant. Då fortalde mor mi litt om kven som låg i dei ulike gravene. Om grava i nordaustre hjørne vart det berre fortalt at der ligg «svensken». Grava fekk ligge i fred fordi det var god plass på gravstaden og bygdefolket sjølve grov dei gravene som dødsfall i bygda kravde. Det var også ein frå bygda som førde gravprotokollen og bestemte kvar dei einskilde gravene skulle gravast, minnest Ståle.

– Men ein gong fyrst på 1980-talet kom prosten på vitjing og fortalde at dei ville slette dei gravene det ikkje var betalt festeavgift for, i alle høve dei det ikkje var gravminne på. Det vekte motstand, særleg fordi mange av gravene utan stein var over folk som korkje hadde pengar eller etterkomarar til å sette opp stein og stelle og betale for gravene. Det kjendest óg som det på den måten skulle settast strek over alt det dugnadsarbeidet bygdefolket hadde utført sidan 1900, seier Ståle Sørbotten.

To damer tok affære

Eg hugar enno kor opptrekt den elles så sindige besta mi, Magna Øvrebotten, var etter at prosten hadde vore på vitjing. Ho var særleg arg over at dei ville fjerne gravene til småkårsfolk som aldri hadde hatt råd til gravstein. – Det er nøgda med plass på gravstaden, kvifor kan dei ikkje få ligg i fred? spurde ho. Besta var godt opp i åttiåra då dette hende, men ho hadde ei svært engasjert og handlekraftig brordotter i Aslaug Nordbotten Samnøy. Dei to sette seg føre å få gravsteinar på alle gravene som mangla slike, for å redde dei frå sletting. Ståle Sørbotten var svigerson til Magna.

– Ja, eg var med på den aksjonen. Vi henta glattslipte steinar nord i fjøra i Nordbotten, steinar som var slipte etter rulling av sjøbårer frå Frøysjøen i hundrevis av år. Desse steinane køyrde vi heim, måla namn og dato på dei og plasserte dei på gravene. Det vart stilt ei stund, sjølv om ei og anna grav vart sletta i det stille. Men i 2017 kom eg ut på gravstaden og oppdaga at alle desse steinane var fjerna. Det var blitt “plen” der dei låg. Eg tok kontakt med Bremanger Kyrkjelege Fellesråd, som kunne opplyse at dei hadde bestemt at desse steinane skulle vekk. Dei var “i strid med regelverket og kunne vere farlege for slåttemannskapet” vart eg fortalt, seier Sørbotten. Han klaga i brevs form, men fekk aldri noko svar.

Etter at det kom veg til Botnane i 1993 tok Bremanger kommune over gravearbeidet og slåinga av gravstaden, og det arbeidet er gjort på uklanderleg vis. Gravstaden er fint stelt. Det er fjerninga av graver som fell oss tungt for brystet. Historia vår vert plukka vekk med dei. Forfattaren Jan-Magnus Bruheim kalla gravstaden “Bygda si historiebok”. Kvar grav har si historie å fortelje. Bruheim skreiv to dikt med inspirasjon frå gravstaden i Botnane. Diktet “Tri grannar”, som no heng i porten inn til gravstaden, og diktet

KVARDAGSSOGE

Han vart burte på sjøen
i uver og storm frå vest.
Ho sat att med åtte
farlause born
og tidt nok var naudi gjest.

Ingen nemnde saknaden –
Ingen den tunge slitet.
Jamt måtte dei,
når til bords dei gjekk,
vera nøgde med lite.

Men ingen gløymde å takke
Vårherre for det dei fekk.

(Diktet står i diktsamlinga “Flo og fjøre”, frå 1984, og i Dikt i utval frå 2014).

Verda er ikkje stor

Den før omtalte “svensken” heitte Karl Gustavson, var fødd i Sverige i 1849 og gravlagd i Botnane 15. april 1899. Han var omstreifar og det var ikkje vanleg at dei vart gravlagde i vigsla jord. Tidlegare arkivar i Fylkesarkivet, Hermund Kleppa, trur at dette er (var) den einaste omstreifargrava vi i dag veit om på ein gravstad.  I Vik i Sogn er det sett opp eit sams minnesmerke over omstreifarane, fordi det ikkje var noko minne etter dei. I Botnane hadde vi ei grav heilt til Bremanger Kyrkjelege Felleskontor i 2017 fann ut at rullesteinen ikkje var i samsvar med “forskriftene”.

At verda ikkje er stor fekk eg sanne då eg i 2017 kom til Askvoll Skiltgravering og Judith Gjervik, for å få laga skilta til Diktarstien i Botnane. Eg visste at “svensken” hadde etterkomarar i Sogn og Fjordane, mellom andre tidlegare skulesjef i Bremanger, no avdøde Gunnar Skjølberg. Sidan eg óg var frå Bremanger kommune fortalde Judith Gjervik at ho var i slekt med han, og dermed kopla eg henne til “svensken”. Ho visste godt om oldefaren, men ikkje at han var gravlagd i Botnane. No har ho hjelpt Hermund Kleppa med å nyste opp i spora etter den omstreifande oldefaren, og den soga kan du lese om i Fylkesarkivet for Sogn og Fjordane.

Gravplassen er registrert

Ståle Sørbotten registrerte graver og gravminner på gravstaden i Botnane i 2008. Dei ligg no på nettsidene til DIS-Norge og du kjem inn på sida for gravplassen i Botnane med å trykke på knappen med “Finn gravene her” til høgre på sida her.

Del av Diktarstien

Frå 2018 er gravstaden ein del av Diktarstein i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim. Når eg viser rundt folk på Diktarstein er det stor interesse for historiene som knyter seg til gravene. Det gjer inntrykk å stå framfor grava til ei kvinne som drukna frå ti born, og ei anna som hadde åtte, og begge omkom i same drukningsulukka i 1934.

Gravstaden er eit kulturminne som fortel om levd liv og lagnad. Lat oss behalde han slik, sjølv om ikkje alle ser seg syn med å betale for gravene attende i slekta. Dette er bygda si historiebok.

Kjelder:
Ståle Sørbotten (1935), Magna Øvrebotten (1900-1992), Solveig Sørbotten (1891-1975) og Aslaug Nordbotten Samnøy (1933-2016), Hermund Kleppa (fødd 1941) og gravprotokollen for gravstaden i Botnane.

 

Steinen på grava til svensken før han vart fjerna. Foto: Ståle Sørbotten.

Frå den nyaste delen av gravstaden. Foto: Magni Øvrebotten.

Frå den eldste delen av gravstaden. Foto: Magni Øvrebotten.