Amanuais thaimat

Amanuai Nesthus kom frå Thailand til Årebrot for ni år sidan, og det var ikkje lenge før thaimaten hennar vart etterspurd vare. No har ho skipa selskapet Amanuais thaimat, salsvogna er klar og ho ventar berre på at mannen Kjetil skal få teikna ein logo for firmaet hennar.

Amanuai arbeider som kokke på steinbrotet i Seljestokken. Der får ho folk av ulike nasjonalitetar til å ete både vårrullar og komle. Thailandsk og norsk mat om ei annan. Det vert uansett godt når så flinke matlagarar som Amanuai Nesthus står ved grytene.

– Eg har laga mat heile livet. Hjelpte mor mi med både maten og oppvasken. Vi stod opp klokka fire, og eg var med både før og etter skuletid. Eg vaks opp på bygda i Thailand, men der har vi det enkelt, veit du. Mor gjekk berre rett ut på gata og selde maten. Det er litt vanskelegare her i Norge, ler ho.

Vårrullar med båten

Likevel har ho sin eigen versjon av direktesalet frå Thailand. Det er nokså vide kjent av Amanuai Nesthus lagar og sel gode vårrullar. Ho har laga opp og frys ned i høvelege porsjonspakkar. – Det hender folk ringjer i siste liten og vil ha tak i 50 vårrullar. Då stuper eg ned i frysen, hentar opp og spring på båten med dei. Og kunden hentar vårrullane på kaia i Florø.

Amanuai og Kjetil Nesthus bur på Årebrot saman med dottera Åshild (8). Ho går på skule i Florø, og reiser til og frå med buss og båt. Kjetil Nesthus arbeider på Båtverkstaden i Seljestokken. Han kjem opphavleg frå Voss og har budde på Årebrot i mange år.

– Det er praktisk for meg å arbeide med mat på steinbrotet. Eg startar halv åtte og kjem meg heim att til Åshild kjem frå skulen. Eg lagar mat til 15 personar kvar dag, litt fleire om det kjem besøk.

Elddåp på Kystfestivalen i Kalvåg

Kjetil Nesthus fortel at dei har prøvd å få ein fast plass for salsvogna i Florø, men det har dei ikkje lukkast med. Det er konkrete arrangement og bestemte datoar ein kan få løyve til. – Elddåpen for salsvogna vert på Kystfestivalen i Kalvåg 4.-5. august. Vi var der i fjor også, med to partytelt. Då hadde Amanuai laga 500 vårrullar. Dei gjekk fort. I år satsar ho på 2000, fortel Kjetil. Det er tydelegvis eit felles prosjekt dei har sett i gong.
– Ja, nei, eg reknar ikkje med å ha frihelgar heretter, seier han.

Større selskap i grendahuset

Ekteparet bur nesten vegg i vegg med grendahuset på Årebrot, i huset som var  lærarbustad. Grendahuset vart bygt som skule i 1985 og har ein større forsamlingssal med scene, kjøkken, garderobe og fire toalett. Det rømmer godt 80 personar, og er veleigna til selskap.

Tidlegare i sommar var det to 50-åringar som slo seg saman om feiringa og tinga grendahuset på Årebrot til føremålet. Amanuai og Kjetil ordna det praktiske og Amanuai stod for maten. – Ho likar å lage mat, eg likar å prate med folk, så vi er eit bra team slik, seier han. Gjestane kom med båt og måtte vere der til selskapet var slutt. Ingen kunne stikke av og fare på pub, seier Kjetil og humrar godt. Amanuai er mest overraska over at folk som bur i Florø ikkje har vore på Årebrot før. – Dei seier,” Å, det er så fint her”. Men

dei har aldri vore her før, sjølv om dei har budd i Florø heile sitt liv! Vi ser jo over til Florø herifrå, seier Amanuai Nesthus forundra.

Sjølv har ho ei masse thailandske veninner i Florø. Det er kjekt å møtast og bruke morsmålet, og på Stadtlandet bur ei yngre syster som ho har mykje kontakt med. Men til dagleg går det på norsk.
– Eg var ikkje særleg god i engelsk, så eg måtte lære meg norsk for å kunne snakke med folk rundt meg. Det var viktig for meg. Men eg kan alltid bli betre i norsk, seier ho, før ho med raske hender pakkar saman dei vårrullane vi ikkje har ete opp, og sender med meg som niste. Ein går ikkje svolten frå hennar bord.