Foto: Frank Harald Anonsen.

Nordsjøløypa – ein flott sykkeltur

Nordsjøløypa frå Årebrot til Botnane er 18 kilometer lang og godt eigna til sykling. Med få unntak syklar du i eit oversiktleg og flatt terreng, høveleg til familieturar og små avstikkarar til naturen rundt. 

Du syklar Frøysjøvegen (fv 577) langsmed sjøen og det er lett å gå ned i fjøra og sjå på livet der. Hovudskipsleia går rett forbi. Blant næringsfattig sandstein skjuler det seg små område med eit rikt planteliv. Det er svært mykje hjort i området og ikkje sjeldan siglar det havørn over himmelen, også elles eit rikt fugle- og dyreliv.

Startar du turen på kaia på Villevika syklar du forbi det nedlagde skulehuset på Årebrot, som no er grendahus. Bak huset ligg Kvernhusvatnet, med vakre vassliljer i sommarstid. Du dreg forbi Uradalen, med merka DNT-løype til Grytadalen. Vidare forbi Solberg, garden flypioneren Thor Solberg kom frå.

Deretter Seljestokken båtverkstad, med dei vestlegaste husa på fastlandet i Norge. Ovanfor Breivika låg radiostasjonen Roska under siste verdskrig, der motstandsmannen Atle Svardal vart skoten av tyskarane. Det er merka sti opp til skora der han og Fredrik Peersen gøymde seg. Her har Flora historielag sett opp eit minnesmerke.

I Husefest kan du ta avstikkarar til fots på skogsvegar innover dalen, eller sykle vidare nordover stranda der du møter beitande kyr og sauer. Her ligg Opnarhella, det vestlegaste punktet i fastlands-Norge.

Det er heile 27 store og små gravrøysar frå Bronsealderen på strekninga Årebrot- Botnane. Dei fordeler seg utover heile strekninga, men dei mest synlege ligg i Botnane. Ei stor og vid røys breier seg over mykje innmark i Sørbotten. Her syklar du forbi det einaste «bustadfeltet» i området, fire hus som vart sette opp i Myrane, då det kom steinbrot i Seljestokken.

Gravstaden i Botnane vart teken i bruk i 1899 og er framleis i bruk. Der ser du det fyrste diktskiltet til Diktarstien i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim. Dei andre finn du på kaia i Korsnesvika, på Flòtholmen, på grendahuset, i utmarka ved Søre elva og på Jørnjorda. Der er det raste-, parkerings- og informasjonsstad for Diktarstien. Det er til saman ti dikt av Bruheim på Diktarstien.

Frå fylkesveg 577 i Korsnesvika kan du ta deg ein rask tur til fjellet Opnaren, som ruvar over Sørbotten, og gjev deg ei fantastisk utsikt når du kjem opp. Dit er det merka sti. Frå Jørnjorda i Øvrebotten kan du gå ein skogsveg til Nøre dalen. Her var det under krigen ei hytte der ein gøymde motstandfolk og hadde illegal radiosendar. Det er berre muren att av den hytta.

Når du kjem til Øvrebotten møter du eit meir skogkledd landskap. Her ligg det gamle skulehuset i Botnane, som no er grendahus. Der det er søndagskafe kl.16.00 fyrste søndagen i kvar månad, med sal av kaffi og heimelaga mat.

Settefiskanlegget Firda Settefisk ligg inst i Pollen, der vegen svingar nordover og ut Nøre stranda. Der er det steinurer heilt innpå vegen. I Nordbotten er det einaste attverande mjølkebruket og i Sletten utegangarfe, som du møter etter vegen.

I Sletten er det ope og vidt utsyn over Frøysjøen, og hovudskipsleia går rett forbi. På Røysaneset ligg ei av dei største gravrøysane i landet, lokalt kalla «Fremste røysa», fordi ho ligg nærmast bygda. Litt lenger nord ligg Nøre røysa, der gravkammeret er opna og godt synleg.

Bremanger kommune har fått pengar frå Riksarkivaren til å skilte dei største gravrøysane i Botnane, og gjere dei meir tilgjengelge for publikum. Arbeidet skal vere ferdig til 1. september 2019.

Nordsjøløypa – North Sea Trail – er eit samarbeid for «vern av Nordsjøregionen sin felles kulturarv som kommunikasjons- og transportåre». Merket er ein blå N, som er festa til stolpar langsmed løypa.

Sjølv om Nordsjøløypa sluttar i Sletten er det fint å sykle heilt til Myklebustkrysset på fylkesveg 614. Forbi Gulestøa, Hjellen, Almenning, Sørgulen, Mulehamn, Vindspollen og Myklebust.