Botnane grendahus

Forsamlingslokalet ligg i kjellaren, på baksida av huset. Det vart pussa opp på dugnad fyrst på 1990-talet. Vinteren 2019 skal det settast inn nytt kjøkken der. Lokalet er brukt til møter, basarar, søndagskafear, barnedåpar, konfirmasjonar og gravferder.

Rommet har god plass til 60-70 personar. Det er lågt under taket og trekvite veggar med lokal kunst.  Eit lite kjøkken ligg vegg i vegg med forsamlingslokalet, som har to utgangar. Ein rett ut på mark, den andre via gang og overbygg. Det går greitt og gang å kome inn med rullestol. Det er to toalett og ein dusj i tilknyting til gangen.

Rimeleg leige

Du kan leige lokalet for kr 500,-. Er du medlem i Botnane og Årebrot grendalag er leigeprisen kr 250,-.

Ynskjer du å leige lokalet tek du kontakt med  Åsmund Berthelsen, mobil 932 37 073. E-post: asmund.berthelsen@icloud.com. Han er leiar i Botnane og Årebrot grendalaget.

Levering av mat

Om du vil ha lokal matlevering kan du ta kontakt med Amanuais thaimat, på Årebrot. Mobil 48 21 95 72. E-post: amanuainesthus@gmail.com
Amanuais Nesthus lagar både norsk og thailandsk mat.

Skulestova skal i bruk att

Botnane grendahus var skulehus frå 1927 til 1975. Skulestova ligg mot sør på den store skulehustrappa. Etter at skulen vart lagt ned var ho i bruk som bibliotek, men også det er lagt ned.

No har vi sendt tyngda av bøkene til Bokøya Hovden og dei vi har att skal opp att i bokhyllene. Men fyrst må vi få isolert mellom skulestova og leilegheita, der det er veldig lydt. Meininga er å ta skulestova i bruk for mindre forsamlingar, kurs, strikkekafe og anna.

 

Basar i Botnane 2016.
Foto: Elisabeth Ruud Nordbotten.