Brandsøy Maskin AS

Entrepenørfirma drive av Ronny og Kim-Henrik Brandsøy på Årebrot. Far og son skipa firmaet i lag i 2014.

Men Ronny Brandsøy har drive Årebrot Sag og med lastebiltransport i mange år.  Per juli 2018 har dei fire tilsette. – Vi har meir å gjere enn vi rekk over, difor kjem arbeidsstokken til å vekse framover, seier Kim-Henrik Brandsøy.

Dei arbeider mykje for steinbrotet Norwegian Sandstone Export i Seljestokken, men tek også andre oppdrag både i nærområdet og elles. Brandsøy Maskin har tre gravemaskiner, ein dumper, lastebil og traktor. Dei tek på seg vegbygging, utgraving av tomter, muring av ymse slag, transport, snøbrøyting, snekkararbeid, osv.

Brandsøy Maskin AS har eiga Facebookside der du finn fleire opplysingar. Du får tak i dei på mobil 90 52 11 09 og e-post: ronnybrandsoy@live.no