Gard og heilårs julebutikk

Jacqueline Mannaart driv økologisk med sauer på garden ho og mannen Alex driv i Botnane. Sauene er av den gamle norske spelsaurasen, og ho sel livdyr, skinn og ull av dei.

Sommaren 2018 opna ho heilårs julebutikk i eit lite hus på tunet, der ho sel julepynt og heimelaga barneleikar og dekorasjonar. Det meste har ho laga med løvsag, men her er òg flotte saueskinn frå eigne sauer.  Om folk ynskjer å få laga spesielle motiv er det berre å ta kontakt. Sjå Facebooksida Jacqueline Mannaart.

– For dei som er interesserte i dyr, folkeliv og historie kan eg vise fram dyra og naturen, og fortelje om garden og bygda. Rett nede på bøen ligg ei stor gravrøys frå bronsealderen, og det er heile 40 gravrøysar på strekninga Botnane-Årebrot, seier Jacqueline Mannaart.