Skudalselva – Botnanipa
(Solanipa) 657 m.o.h.

Heile turen tek om lag fire timar. Start ved Skudalselva. Gå helst på den tydelege stien på vestsida av elva. Det er nokså synleg sti på begge sider, men når det er mykje vatn i elva kan det vere vanskeleg å kome over Skudalselva.

Ved ein stor konglomoratstein ved Langerabben, like før for Restallmyra og Skudalsvatnet, svingar stien 90 grader mot vest. Stien er grei å gå og på denne rabben går han i litt opnare lende, med mykje røsslyng.

På veg oppover ser du mot målet; Solanipa. På toppen av Langerabben held du fram i same retning mot Knoltren, på skrå i hellinga med utsikt mot Skudalsvatnet. Her er det ein del skryssande hjortestiar, som du kan ta feil av og kome litt ut av stien. Men du kjem fort på rett veg om du går mot toppen av Knoltren. Litt einer og kratt i området, men stien går i eit relativt ope terreng.

Frå Knoltren går stien gjennom eit område med tettvaksen småbjørk, eit par hundre meter. Sving så oppover i litt søraustleg retning til du kjem opp over bjørkebeltet. Oppe på heia er stien mykje attgrodd, men det er likevel godt å gå, på turt og fast underlag.

Stien går på skrå over heia mot Søre Kvangreskaret. Der er det litt brattare, men tydleg sti og fint å gå. Du fylgjer stien inn mot Skaravatnet på nordsida av elva. Når du kjem på høgda og ser Skaravatnet svingar du mot sør, opp eit lite dalføre, og går i ei slakk, fin stigning. Fyrst mot sør og så dreiar du over mot vest der du finn Botnanipa ( Solanipa), 657 m.o.h. med panoramautsikt i alle retningar.

Kjelde: Teksten er henta frå Turboka for Bremanger, som Bremanger Hamn og Næring gav ut i 2010. Vi har fått løyve til å brukte tekst og bilete frå den boka.