Vegvesenet vil ikkje ha «skiltjungel»

Vegvesenet vil ikkje ha skiltjungel langs vegane, eller det dei kallar  «ei uakseptabel skiltmengd langs vegnettet». Difor har dei avvist å setje opp nytt skilt til Årebrot i tillegg til eksisterande skiltet som viser til Botnane i Myklebustkrysset (krysset mellom fylkesvegane 614 og 577). Saka vart teke opp på årsmøtet i Botnane og Årebrot grendalag i mars månad. Det vart sendt brev til Vegvesenet som no har konkludert i saka etter at ho har vore på høyring i både Bremanger og Flora kommune. Bremanger kommune er samd i konklusjonen. Flora har ikkje hatt merknader.

I sitt fyrste brev til grendalaget (16.5.18) skreiv Vegvesenet at dei kunne godta ei endring av visningsmål frå Botnane til Årebrot. Botnane var tidlegare siste stad på fylkesveg 577, eller Frøysjøvegen. Men då vegen vidare vart fylkeskommunal er det Årebrot eller Villevika som er den siste staden. Grendalaget har sagt at dei ikkje vil ha endring i visningsmål, men eit skilt til, der det sto Årebrot eller Villevika.

Slik vert det ikkje. Vegvesenet har konkludert: «Ettersom at det ikkje er aktuelt for søkjar å skifte ut eksisterande skilt til «Botnane» med eit nytt til «Årebrot» er det ikkje aktuelt å skifte skilt på noverande tidspunkt.»