Vi kom i den stunda då flagget under tvil vart heist. Var det tilrådeleg eller ville neste råsa rive det til seg og fare ut Frøysjøen med det? Aldri er flagget vakrare enn når det blakrar i raudt under gråtunge, kvervlande  skyer og piskast av slagregn. Det var ein slik dag det var i Botnane den 18.8.2018  då diktarstien vart opna. Regnet som ein silande, ullgrå vegg, og eine vindpiska bya fylgde den hi, hakk i hel.

Er det folk ute i slikt ver? Ja, det er folk ute, og det kom meir folk ut enn det var råd å få inn i skulehuskjellaren. Utruleg kva ein slik liten kjellar kan romme når ein stuar tett, og så stuar litt til og endå litt til og fyller opp gangen. Ber inn fleire benkar: «Det er plass til tre til her framme!» Det ville ingen ende ta. Ein heil årsproduksjon frå Helly Hansen kom og ville i hus, men alle kom ikkje i hus. Då set ein opp glaset så dei ute får høyre ord og musikk, og dei som er inne får sin del av vindbrak og regn.

Sigrid Moldestad song frå «Brevet til kjærleiken». Så skjer dette underfullt underlege. Ei kunstoppleving så ein tykkjest stå ein stad i utkanten av røyndomen og sanse. Det treng ikkje vere fullkomme, berre ekte eller kan hende er det nett då det er det fullkomne? Denne blinken når tonen lyfter ordet, og det som var kjent på ny, vert nytt. Det er slikt ein ikkje kan gje, berre dele.

«Det var då utruleg at det kom så mykje folk, i slikt eit vær», seier dei som kom, til dei hine som kom. Då er vi ved kjernen. Nei, det er slett ikkje utruleg. Det ville då vere for gale at det kom lite folk når så mange har gjort så mykje. Nei, vi må no i alle fall av stad, så kan det både regne og blåse kva det vil. Alt dette skal så visst ikkje ha vore til  fånyttes. Det var ikkje minne om og poesien til Jan-Magnus Bruheim som sende folk ut i styggevêret. Ikkje Sigrid Moldestad heller, om det var glede og grunn nok. Det er noko større, dette ein kallar samhald. Det er desse samfunnstrådane som bind i hop.

Det var nokon som skulle fortelje og fleire som skulle takkast, for mange har vore med og gjeve tilskot og ofra  timar, dagar og sveitte. Det hadde ikkje gått om ingen gjekk fyrst og ropte,» kom her». Og dei ropte ikkje til fånyttes.

Bruheim hadde havlengt og tyste. Dei 7 åra i skulehuset i Botnane var rike skapingsår. Den stillslege, tagale mannen med alpehue vart til Bruheimen. Det seier sitt for dei som skjønar, ein sambygding.

Så gjekk alle Helly Hansane ut att i styggevere, gjekk diktarstri, i alle høve eit stykkje på veg og les dikta. Kan hende vil nokon les dei dikta som ikkje fekk tone, dei som ikkje er komne på stål.  Då har dette heiders arbeid  ikkje vore til inkje. Då heidrar ein diktaren gjennom si eiga oppleving, undring og vokster. Takk og ære til dei som har noko med det.

Fridtjov Urdal
19.08.2018.