Havet og kystlandskapet – og folket inspirerte

Brordotter til Jan-Magnus Bruheim, Magnhild Bruheim heldt opningstalen då Diktarstien vart opna laurdag den 18. august 2018:

Kjære folk frå Botnane og Årebrot grendelag, andre venner av Jan-Magnus Bruheim, alle som har møtt fram her i dag.

Det er ein stor dag – ein ny diktarsti er endeleg klar.

Viss Jan-Magnus hadde vore her i dag, ville han ikkje trudd sine eigne augo, han hadde vel trudd han var i Paradis.

For Jan-Magnus var det særleg to ting med Botnane som var viktig, som gjorde at han fekk inspirasjon til nye dikt, og at han treivst så godt, og Havet og kystlandskapet  – og folket.

Jan-Magnus hadde alltid hatt slik hug til å bu ved kysten, fortalde han Magni Øvrebotten første gongen ho intervjua han. Men den hugen hadde han ikkje følgt, truleg var det for stort prosjekt for han å ordne på eiga hand. Det måtte ei handlekraftig dame til, og til alt hell så dukka journalisten opp for å intervjue han om ei bok. Og da var det ikkje lenge før det var ordna med eit tomt skulehus i Botnane.

I artikkelen sin i Dikt i utval skriv Magni at ho lurte på kva ho hadde gjort, korleis ville han bli motteken her i havgapet og korleis ville han trivast?

I skulehuset fann han freden og stilla han søkte, i naturen fann han nye inspirasjonskjelder. JM var ikkje det vi kan kalla ein naturlyrikar, dvs skreiv ikkje dikt som hylla naturen, men han brukte naturbilde for å gje uttrykk for det som hadde med mennesket og menneskelivet å gjera. I Botnane fann han nye naturbilde til dikta sine.

Det var i desember 1978 han flytta frå ei lita bygd til ei mindre. Den tida måtte ein ta båt frå Florø for å koma seg ut dit. Eg var så heldig at eg kunne besøkje han der, for eg budde sjølv eit par år i Førde.

Og det var ein oppkvikka farbror som møtte meg på kaia. Det var tydeleg at han treivst i det nedlagde skulehuset i den vesle bygda i Bremanger.

Kven var Jan-Magnus på den tida. Han hadde da vore aktiv forfattar i over 35 år, han var ein aldrande mann. I diktarverda hadde det kome nye talentfulle forfattarar som kravde sin plass, han kom meir i bakgrunnen, bøkene hans fekk ikkje same mottakinga som i dei beste åra, og kanskje hadde diktarårene tørka litt inn mot slutten av tida i Skjåk, slik at det vart vanskelegare å få orda og tankane ned på papiret. Slik tærer på sjølvtilliten.

Men nå fekk han ny inspirasjon, og det kom nye diktsamlingar. Etter mi meining vart mange av dei beste dikta til i desse åra.

Med opphaldet her fekk han ei forandring i livet, ei fornying. Han trong å koma bort frå dei vante spora til eit nytt miljø. Vi kan seia at han fekk ein ny vår.

Da eg kom til Botnane første gongen, tok han meg med på dei nye stigane han hadde funne, ut til havet han nå hadde kome nær, viste meg naturen han hadde vorte glad i, fortalde om menneska han hadde rundt seg og bygdesamfunnet han nå var ein del av og kjende seg så velkomen i. Det var godt å oppleva, men også vemodig.

Kva så med folket? Det var ikkje berre det å leva i stilla og freden her i eit nytt landskap, det var også menneska her.

J-M forstod fort at folk ønskte han velkommen og ville at han skulle trivast hjå dei og bli ein del av det vesle bygdesamfunnet.

Og det vart han. For dei var han Bruheimen.

Og han kjende nok at han vart sett pris på, at han vart likt og verdsett, både som menneske og forfattar. Slikt gjev godkjensle og sjølvtillit. Og det trong han.

Som nemnt, kysten hadde tydeleg innverknad på diktinga hans. Symbolikken er henta frå det miljøet han levde i og den naturen han såg kring seg.

Og fleire av dikta er knytta til konkrete stader her.

Når vi går Diktarstien, får vi alle vera med til Flotholmen, der diktaren kunne sitja og sjå og undre seg og finne ord som vart til dikt.

Ved fjøre sjø

Er denne øyi landfast

Og du kan nå

Dei andre um du vil.

(Du høyrer båreskval.

Ei terne flyg med bråkast.

I vårblå luft ei lerke

Bivrar – vengjestilt)

På plata som Sigrid M gav ut i samband med 100-årsjubileet i 2014, er det eine tonesette diktet «Haustkveld ved havet». Der tonane til Sigrid møter orda til jan-Magnus blir kjensla av å vera ved det uendelege vide havet forsterka, vi er der, og tar kveldsstunda ved havet innover oss.

Ei eldraud kveldssol sig i hav

Og her, i avdagselden

Kan hjarta gløyme krav og kav

Og kvile ut i kvelden.

Jan-Magnus fekk sju år i Botnane, sju viktige år, det vart ein lang ny vår. Gav ut ti bøker på dei åra.

I brev til R Djupedal frå 1984 skriv han: eg kjem til å sakne Botnane, kvar eg elles endar.

Han enda i Skjåk, i 1985 flytta han attende til heimbygda. Og der døydde han ein augustdag i 1988, for tretti år sidan, rett utanfor huset sitt låg han død, med ansiktet vendt mot det fjellet som i så mange barne- og vaksenår hadde danna bakgrunnen.

Men dei tre siste åra var Botnane med han, i tankane, i saknet, og Botnane er for alltid i diktinga hans. Magni har sitert frå julebrevet 1985 der han skreiv: «Det meste av meg ligg enno att utmed Frøysjøen».

Han tok med seg mykje av Botnane heim, men la også att mykje av seg sjølv her. Og har sett slike spor at han nå har fått sin eigen Diktarsti.

Den er synleg til alle tider, i alle fall så lenge vi lever, vi som er her.

Nettopp Frøysjøen er med i diktet «Solmorgon ved havet».

På vegner av familien til Jan-Magnus, vennelaget Jan-Magnus Bruheim, andre venner og alle som bryr seg om diktaren og diktinga vil eg takke folket i Botnane for alt de var for han da han budde her, og nå for at de har fått laga denne diktarstien, særskilt til den alltid like handlingsretta Magni, med det store pågangsmotet, som har brukt timar og år på å få dette på plass. Utan deg – ingen Diktarsti her.

Takk også til alle som har gjeve sitt bidrag, økonomisk og praktisk, så prosjektet kunne realiserast.

På tekstene langs stien kan de alle lesa om bandet og den ævelege kjærleiken mellom Jan-Magnus og Botnane.

Opninga av Diktarstien vart markert med avduking av eit informasjonsskilt på skuleplassen og vise veg inn til diktet “Fotefar i stein.”

Foto: Arve Sandal