Soga om M/T Bivi

Av Ståle Sørbotten

Natt til 2. juledag i 1944 vakna eg brått av at mor reiv meg ut or senga og sa at vi måtte kome oss i kjellaren litt fort for det var skyting ute i Frøysjøen. Det var mørke natta, men Frøysjøen var opplyst av lysbomber som hang i lufta.

Kanonlarmen var skremande og sporlyset frå granatelden gjorde det ikkje betre. Morbroren min, Sigmund stod i berre underbuksa, såg ut kjellarglaset og song på strofa «–fred over jorden– frå «Deilig er jorden» med eit tillegg inn i mellom: «Ja, ja fred på jorda, ja, ja» Eg hutra og fraus i kjellaren for eg hadde lite kle på meg og det kjendest som ei æve før bataljen var slutt. Ein tankbåt, Bivi (biletet) var torpedert i baugen, men greidde å køyre seg i land på Sørbottsneset.

Dei tyske krigsfartya hadde brukt djupvassbomber, sansynlegvis for mistanke om ubåtar. Det førde til at det rak i land store mengder med sprengd fisk, tilsøla med solaroljen som låg på sjøen. Eg minnest enno at Borgar i Sletten, nermaste naboen vår, gjekk i fjæra og samla daud fisk i ei kipe. Han sat nord i Sandelva og vaska fisken for å få bort oljen. Om det lukkast eller ikkje kan eg ikkje sei no. Det måtte vel dugeleg med salt til for å få den fisken matsøkjande.

Bivi var lasta med solarolje. Ein del lak ut i sjøen som følgje av torpederinga, men ein del var att i tankane om bord. Solarolje var ettertrakta vare i krigsåra så restoljen vart nok etterkvart tømd, sansynlegvis både av bygdefolk og tilreisande som kom nattestider.

«Eg passar flya, mens pappa rive laust».

Det var nære på at det ikkje gjekk med liv seinare på våren 1945. Folk frå Sørbotten var om bord i vraket samstundes som tre engelske fly kom ut att frå eit rekognoseringstokt over Gulenfjordane. Dei såg truleg at det var folk om bord i vraket, for då flya passerte Bivi gjorde dei brått ein sving tilbake hit over Sletten igjen, svinga ut att og let kanonene spele opp. Eg stod oppe på bakken, opp for husa og såg kulespruten ta sjøen midtveges mellom Sletten og Sørbotten, med kurs rett mot vraket. Ein del av dei som var om bord hadde nok skjønt kva som kunne vere i vente, då dei såg flya snudde. Dei prøvde difor å ro i land, men skjønte sansynlegvis at det rakk dei ikkje. Dei snudde ut att for å kome i le av vraket. Kulespruten var nær, men dei slapp med skrekken. Raseringa fortsette likevel seinare, men med litt større varsemd, eller som ein 10-åring i Sørbotten uttalte: «Pappa rive og eg passa på om det kjem fly som kan angripe».

Om Bivi kan vi sei som Jakob Sande i «Barkskipet på Stadt»: «–det fanst ikkje flisa igjen—». Tankaren var ribba for det meste.

Bivi berga etter krigen.

Bivi vart ståande på Sørbottsneset til krigen var slutt. Sommaren 1945 vart den dregen av grunnen, slepa inn på Pollsmunningen og tetta. Det var Norsk Bjergingskompani med taubåten Sterkodder som stod for dette arbeidet. Vi tykte det var serdeles interessant å følgje med på for dei hadde dykkar som arbeidde nede i sjøen. Det låg ein dykkarbåt ved sida av «Sterkodder» Om bord der var det ein handdriven kompressor med ein slange som var tilkobla hjelmen til dykkaren. To mann sat og sveiva heile tida for å forsyne dykkaren med luft når han var nede. Det var serskilt spanande når dykkaren kom opp og gjekk ned, for det bobla og brusa noko voldsomt når han nerma seg overflata og når han forsvant ned. Dykkaren stod i ein stige når han var komen opp. I front på dykkarhjelmen var det eit hengsla glasdeksel som  dykkarleiaren om bord kunne skrue frå når dykkaren stod oppe. Dette for å få munnleg kontakt med dykkaren. Ein gong minnest eg at dykkaren vinka til oss ungane i færingen og sa noko til dykkarleiaren. Han kom bort til oss og sa at dykkaren gjerne ville ha oss med ned ein tur for å syne oss noko.  Då var vi snare å skuve frå, ta årane fat og komme oss til lands.

M/T BIVI var bygd i 1940 for reiarlaget L. Gill- Johannessen i Oslo ved Glommen Verk i Fredrikstad. Skipet var på 790 bruttotonnasje. Det vart rekvirert av den tyske krigsmarine same år. Reiarlaget tok over vraket etter krigen. Etter ei førebels tetting i Botnane fredsommaren 1945, vart det taua til Glommen Verk for reparasjon. Der vart det sett inn nytt baugparti.

Frå Bivi  til Servus – Kolibri – Bruno Montenaro – Verroia.

I 1946 overtok Rederiet A/B Saturnus i Stockholm skipet og gav det namnet SERVUS. Så i 1956 selde rederiet skipet vidare til Rederiet A/B Ankaret ogso i Sverige. Der fekk det nok eit nytt namn; KOLIBRI. Dette rederiet selde i 1958 skipet vidar til det italienske rederiet Bruno & Erendi m.fl der skipet igjen skifta namn, no til BRUNO MONTENARO. Rederiet selde i 1976 skipet vidare til eit Gresk tankrederi som gav det namnet VERROIA. Dette rederiet sende skipet til opphogging i Italia i 1990. Der enda BIVI sine dagar.

Det torpedoen ut for Botnane ikkje greidde 2. juledag 1945, greidde opphoggarane i Italia i 1990, 45 år etter den dramatiske  julehelga i 1945