Nokre segner om underjordiske på Årebrot.

Av Fridtjov Urdal.  Foto: Åsta Urdal

Det er ikkje så lenge sidan folk trudde på slikt. Mangt underleg hende og skulle ha ei rimeleg forklaring. Dei underjordske var ei slik. Ho Karnils-Helina hadde treft på buskapen deira opp ved tjønna i Stølsdalen. Ho trudde fyrst at det var kyrne i Sunnervågen ho hadde føre seg, men det såg ho snart at det ikkje var. Det var ein bøling ho ikkje kjende, og ho kjende så visst kvart beist som var der i markjene. Nei, her i kring hadde ingen slike beist, då var det ikkje anna råd, det laut vera dei underjordiske sine.

Det var fleire stader der dei hadde tilhald. Ut under Sunnervågvarden var ein stad, og i den store steinen som ligg mellom Kvalvik og Sunnervåg hadde dei både sett og høyrt til dei. Der skulle det ikkje vere heilt trygt etter at det var mørkt. Opp i ei urd, rett ovanom der kunne ein stundom sjå at det var som ein lysskjen og det høyrdest at der var folk, men dei var ikkje å sjå. Dei meinte at dei som budde i steinen hadde smia si der.

At det var huldrestø på nordre Uravikja var tvilaust. Folk hadde høyrt dei både når dei kom og for, sjølv om dei aldri vart sett der. Bjarne Holstad sa om båtplassen sin at det var ein bra plass å ha gavlen liggjande. Det er no ei gamalde huldrestø. Det skulle vere dei som helt til i huldresteinane på Kvia som hadde båtplass der. Det var sjeldan nokon såg dei underjordiske, men det hende. Ein gong hadde dei på Gamlebøen sett eit heilt følje av blåkledde som for opp Klipe (farvegen ovanom gamleskulen) Dei skulle kan hende heim på Kvia? Huldresteinane er to flytteblokker som ligg sør og vest om tunvegen, mellom  Nordre vasskreken og tunet på Kvia.