SOGA OM DS SONJA

Av Ståle Sørbotten

Den 9. juni 1940 gjekk det svenske skipet DS SONJA – bygd 1917 for Rederiet AB Transmarin i Helsingborg – ut frå Thamshamn ved Trondheim –  i retning Helsingborg i Sverige. Skipet var lasta med svovelkis frå Orkla Metall i Orkanger.
Den 10. juni, ein søndag seint om kvelden, kom skipet sør gjennom Frøysjøen og der i leia nordvest for Røysaneset i Sletten, gjekk det på ei mine og sokk momentant.

Denne kvelden  hadde ungdommen fått lov til å danse på låven heime i Sletten. Det var vel ein sokalla smugdans for off. dans var ikkje tillete i krigsåra, sjølv om eg ikkje veit om det forbodet var sett i kraft så tidleg i okkupasjonsåra. August Sande – ein av dansarane – og budde på ein av nabogardane, fortalde meg ein gong, at då dansen nærma seg slutten kom ein kraftig eksplosjon ute frå Frøysjøen. Då dei kom fram i låvedøra stod ein båt rett opp ned i sjøen og so kvarv den ned i havet. Båten må difor ha gått raskt ned, for det kunne ikkje ta lang tid å kome fram i låvedøra etter eksplosjonen

Bestefar min, Ananias Nordbotten som låg og sov hadde vakna av eksplosjonen og kom springande ut i berre underbuksa for å sjå kva som stod på. Dei sa då at ein båt var minesprengd og forlist ut for Røysaneset. Bestefar sin kommentar var kort, fortalde August: ”Ditta blir eit godt linefeste”.

Ein del av ungdomane sette båt på sjøen for å dra ut å sjå om det trongst hjelp. Overlevande frå Sonja var då tekne om bord i eit anna svensk skip, «Inger» som var i følgje med Sonja, men lå om lag 15 minutt etter. Hjelpemannskapet frå Botnane vart imidlertid bedne om bord i «Inger» til litt servering som takk for at dei ville hjelpe.

Eg var av og til før med og sette line ute i Frøysjøen, men vi måtte alltid passe på at vi ikkje sette lina slik at ho kunne hekte seg fast i vraket av «Sonja».

Ei tid seinare kom ungdommane i Botnane igjen og bad om å få danse på låven, fortalede August Sande, men då sa morbroren min Sigmund bryskt nei. «Her skulle ikkje dansast, det gjekk gale nok sist»

Gjennom den svenske ambassaden i Oslo har eg fått tilgang til kjelder som tyder på at det har vore ei sjøforklaring i Sverige, i etterkant av forliset av DS Sonja. Ut i frå den har eg skissert kva som skjedde med M/S Sonja.

  1. April 1940 låg DS Sonja i Thamshamn ved Trondheim og lasta svovelkis som skulle til Helsingborg. Skipet vart liggande til først i juni fordi okkupasjonsmakta la ned forbod mot avreise. Den 25. april var skipet angrepe av engelske fly, men det førde berre til lettare skader.

Først i juni gav okkupasjonsmakta «Sonja» fri og  den 9. juni – ein laurdag – om morgonen kasta DS Sonja laust og setter kursen sørover og kom som nemnt ovanfor inn i Frøysjøen om kvelden den 10. juni. Der gjekk det – som skrive ovanfor – på ei mine som reiv opp styrbord side i baugpartiet og DS Sonja gjekk rett ned med baugpartiet først. Det heile var i følgje dei svenske kjeldene gjort på 25 sekund. Dette stemmer overeins med det som August Sande fortalde, for då dei kom fram i låvedøra stod skipet rett opp/ned i sjøen.

I følgje opplysningane hadde DS Sonja eit mannskap 21 mann. Ni mann vart berga av det svensk følgjeskipet  DS Inger som kom til etter ca 15 min.  Det vil sei at 12 av mannskapet omkom. Av desse var sju norske, resten svenske, mellom anna kapteinen Frans L.Gustavsen. Dei norske var ; Karl Arntsen Rein, sjømann, Harald Ingvald Nordtømme, maskinsjef, Johannes Myr, Jungmann, Per Kringstad, sjømann, Birger Jonsen, kystlos, Reidar Ileby, maskinist, Øystein Holan, messegut.

Så der, i dampskipsleia norvest for Røysaneset i Sletten ligg DS Sonja, lasta med svovelkis og med tolv omkomne sjømenn.

Ikkje rart vi skulle vere varsame med line og pilk i det området.

Så Gud vere dei nådig i si våte grav i snart 80 år.

Bernt Støylen har så rett, så rett» …. Berre ei fjøl mellom seg og si grav…»

Biletet er henta frå http://tornsvala.se/Sonjas sista ferd.