13. mars 1945

Den 13. mars 1945 var eg 9,5 år og budde i Sletten, på ein av dei nordre gardane i Nordbotten, med fri utsikt til dampskipsleia. Vi arbeidde med eit eller anna oppe på bakken, rett opp for husa. Då la vi merke til at Sonja, ein båt Gestapo hadde rekvirert, kom nordover ved Sørbottsneset, runda neset og svinga inn til Botnane. Ikkje rettare eg minnest la ho til ved sjøbua til Bernt Sørbotten, far til Magne Sørbotten. Det var vel den einaste staden med tilflot. Synet av Sonja var det same som gestapobesøk.

Far min, Ivar Sørbotten, sneik seg opp i utmarka og gøymde seg i nokre steinurdar. Han hadde hatt kontakt med naboane våre, Orvald Sletten og August Sande, som Gestapo var på jakt etter, i samband med at dei hadde hjelpt Vestige I- agentane sine operasjonar i Svelgen i hausten 1943. Difor tenkte far at det var best å stikke seg vekk.

«Hende hoch!»
Eg og dei andre borna på nabobruka vart sende nord til ein plass i utmarka der vi brukte å leike. Vi skulle vere ute av vegen, så vi ikkje skulle kome til å sei noko gale om vi vart spurde. Mor fortalde seinare kva som hadde skjedd.

Ho og bror hennar, Sigmund Nordbotten, og eldste bror min, Anders Sørbotten, stod oppe på låvebrua då nokre gestapofolk kom gåande utover. Leiaren i gruppa fikta med maskinpistol og ropte «Hende hoch». Men morbroren min og bror min skjønte ikkje kva det gjaldt, så dei stod roleg med nevane i bukselommane. Mor mi skjøna det, så ho løfta nevane opp, men fekk til svar «Nein, nein, ikke du, bare menn».

Då det lei så langt åt vi til kvelds og gjekk la oss. Midt på natta vakna vi av at det brått stod ein flokk kvinnfolk, både frå Nordbotten og Sørbotten, i kammersdøra og lyste inn med ei fjøslykt. Ei av dei spurde mor om ho hadde mannen med seg i senga. Då ho svara ja fortalde dei at Gestapo hadde teke med seg alle mannfolka i bygda, utan å sei noko om kva dei skulle med dei. Kvinnene var som ventande difor mykje oppkava.

Seinare fekk vi greie på at ein norsk agent frå England, Atle Svardal, var skoten opp i ei skor i Breivika, ein annan agent var teken til fange og Isak i Breivika var arrestert. Mannfolka i Botnane vart henta for å bere ned alt utstyret frå Roskastasjonen, og dei måtte bli med i det dei gjekk og stod i.

På minnemarkeringa på Kystmuseet 12. mars 2015, vart det referert frå rapporten til agenten som overlevde, Persen. Der gjekk det mellom anna fram at alle mannfolk under 50 år i Botnane vart utkommandert til å bere. Det må justerast litt. Bestefaren min, Anders Sørbotten, i Sørbotten var 74 år. Han braut eit ribbebein på denne turen. Johan Nordbotten og Geirvald Øvrebotten var 57 år.

Dei utkommanderte
Johannes Nordbotten (1927), som sjølv var med, meiner desse vart utkommandert til å bere ned utstyr frå Roskastasjonen i Breivika:  Anders Sørbotten, Johan Nordbotten, Geirvald Øvrebotten, Jon Øvrebotten, Johannes Nordbotten, Otto Nordbotten, Olav Nordbotten, Halvdan Øvrebotten, Odd Øvrebotten, Abraham Øvrebotten, Nils Øvrebotten, Ottar Årøen, Ulrik Sørbotten og Olav Øvrebotn.

Ottar Årøen og faren Karl Årøen (lærar i Botnane) var på veg ut på fisketur, men Gestapo skaut varselskot og stansa dei. Ottar måtte bli med til Breivika, medan faren, som berre hadde ei hand, vart send heimatt.

Morbroren min, Sigmund, 63 år, vart funnen for gammal og bror min, 14 år, for ung. Dei vart difor ikkje utkommandert til beretenesta, medan bestefaren min Anders Sørbotten i Sørbotten, 74 år som nemnt, vart teken med.

Johannes Nordbotten opplyser til meg at desse personane er han nokså sikker på var med, men at det kunne vere nokre få til. Det var vel ingen som tenkte på å notere ned dette då. Etter så lang tid er det klart uttrykket «erindringsforskyving» kan vere eit aktuelt begrep. Av dei som vart utkommandert er det berre Johannes Nordbotten, Otto Nordbotten og Ottar Årøen som lever i dag (september 2018).

Dei vart stilt opp på rekke med om lag 1 meters avstand og det var klår ordre om at den som fall ut av rekka vart skoten. Bestefaren min, Anders Sørbotten, vart stilt først i rekka.

Johannes Nordbotten og ein del andre slapp med ein tur. Dei rodde heimatt med færingen til Geirvald Øvrebotten. Denne hadde Gestapo teke med seg sørover til Breivika.

Halvdan Øvrebotten skreiv ein stil om denne hendinga, då han gjekk på Solvang Ungdomsskule 1945/1946. Den stilen er truleg den mest litande rapporten om bereoppdraget.

Gestapo varsla sjølv
Eg reknar med at hovedsaka for Gestapo den 13. mars likevel var å arrestere Thorbjørn Øvrebotten og sonen Arne Øvrebotten, fordi dei hadde funne namna deira på Roskastasjonen. At dei ikkje fekk tak i desse to kunne Gestapo takke seg sjølv for, fordi då Sonja kom inn Pollen for Otto Nordbotten roande over. Han skulle bort i Sørbotten og hente posten. Gestapo skaut varselskot for å få han til å stanse. Denne skytinga høyrde Thorbjørn og Arne då dei sat og drakk kaffi. Dei skjøna at noko var i gjere og kom seg opp i marka i siste liten.

Isak Bredvik hadde hyra Magne Sørbotten som dreng i Breivika for å ha ein han kunne lite på, og hjelpe til med det illegale arbeidet. Isak hadde sagt med Magne at høyrde han noko unormalt oppe frå Roskastasjonen skulle han komme seg vekk med ein gong. Det hadde Magne gjort og kom difor springandes inn i Øvrebotten ei tid før Gestapo kom. Inne i Øvrebotten hadde han sansynlegvis sprunge fjæra for å vere minst mogeleg synleg. Oddbjørg fortel at han kom springande opp langs elva, han sa ikkje eit ord, men berre for vidare inn i marka.

Olav Øvrebotn og Ulrik Sørbotten, bror til Magne Sørbotten, vart utkommandert til å vise Gestapo veg inn i Øvrebotten der Thorbjørn og Arne budde. Den gongen var det ikkje opparbeidd veg like inn, men berre litt inn forbi Korsnesvika. Resten gjekk i terrenget. I terrengdelen – fortalde dei to seinare – at dei tok dei omvegar dei kunne for å seinke Gestapo. Dei pusta letta ut då dei kom fram og skjøna at Thorbjørn og Arne hadde kome seg vekk.

Gestaposjefen, Kesting, kommanderte Magna, kona til Thorbjørn og dottera Oddbjørg, ut på tunet. Oddbjørg vart kommandert innatt i huset og med maskinpistol i ryggen måtte ho gå frå rom til rom med Kesting bak seg. I eit rom oppe på loftet, der det hang forheng og tepper og det var skymt, ville han ikkje inn. Oddbjørg trur han var så nervøs at han ikkje våga.

Det er opplagt at dei som sat heime måtte tole store påkjenningar. Dei kunne ikkje ryme bort. Magna Øvrebotten sa etter krigen at ho hadde loge så mykje under krigen at ho lurde på om ho kunne snakke sant meir.

Bjarte Sindre fortalde på opninga av Roskastigen for for nokre år sidan at Gestapo var på veg nordatt til Breivika for å sette fyr på hus og bygningar. Dei hadde imidlertid fått kontraordre. Dei måtte istaden til Staveneset for å ordne opp i ei sak der.

Eg nemnde dette for Ragnar Ulstein og spurde om dette var noko han kjende til.  Ragnar Ulstein var Linge-mann og sentral i motstandsarbeidet i Sogn og Fjordane. Han er vel ein av dei mest kjende  forfattarane om hendinger under krigen,  men dette hadde han ikkje høyrt om i det heile.

Eg synest og det høyrest usannsynleg ut. Det er sjølvsagt lett å samanlikne med Telavåg. I Telavåg vart imidlertid ein tysk offiser skoten, det var tidlegare i krigen, så at represaliane vart hardare der er vel rimeleg og ordren om nedbrenning kom vel frå Terboven sjølv. I Breivika derimot var det ein norsk agent som var skoten – altso ein siger for Gestapo – og alle visste at krigen gjekk mot slutten.

Bilettekst: Oddbjørg Øvrebotten, no Sørbotten, og Ståle Sørbotten oppe på Roskastasjonen 10. august 2010, vel 65 år etter den dramatiske hendinga i Breivika og som førde til at ho måtte gå med ein maskinpistol i ryggen, frå rom til rom heime på garden i Øvrebotten, 13. mars i 1945.
Foto: Sigbjørn Sørbotten