Registrering av hausttrekket

Det er forskararar frå Norsk institutt for naturforksing (NINA) som står for arbeidet, og det er Zepyr som har tinga ei ny konsekvensutgreiing, fordi Fylkesmannen ikkje godkjende den fyrste.

– Det er mengder med fugl, ikkje art, vi skal registrere, seier avd. ing. Øyvind Hamre i NINA. Det er han som riggar radaren «Robin», frå eit nederlandsk firma som har slike radarar i mange vindparkar og på flyplassar. Forskarane skal registrere haustrekket til midt i oktober, og vårtrekket til våren. Radaren vart sett opp midt i august og står på ein lastebil i steinbrotet i Seljestokken. Det er bilete av ei ørn på sida.