Av Ståle Sørbotten (1935)

Glaning, eller skotring, er eit uttrykk som vel er på veg ut av språket vårt. Dei yngre generasjonane veit knapt kva «glaning» eller «skotring» er?

Det var ein skikk før, at den som ikkje var bedd i bryllaup, kunne reise i bryllaupet for å «glane», eller «skotre», som det òg vart kalla. Då måtte han kle seg ut til det ugjenkjennelege og møte opp i bryllaupsgarden når det lei mot kveldstid. Det var om å gjere å kome seg fram til bryllaupsgarden utan at gjestane såg kvar «glanarane» kom frå. Det eigna seg difor best å kome når skymingstimen var godt på veg. Mottakinga i bryllaupsgarden kunne vere varierande, enkelte stadar godt mottekne, andre stadar meir kjøleg mottaking.

I Botnane var vi av og til på «glanarferd». Eg var med på to slike «glaneturar» i 1950 – åra. Den eine var inn til Dyrstad, der ei av døtrene til Albert Dyrstad gifte seg. Eg kjem ikkje i hug no kor mange vi var, men vi reiste innover med båten til bror min, Anders. På vegen innover reiste vi innover Nordgulen, langs søre landsida, for at vi ikkje skulle bli lagt merke til på Dyrstad. Eit stykke innanfor Dyrstad svinga vi over fjorden og gjekk i land på Askeland. Derifrå gjekk vi ut til bryllaupsgarden på Dyrstad. Der vart vi mottekne med opne armar, sette til bords og vart serverte kaker og kaffi. Albert Dyrstad, faren til brura, gjekk rundt og nesten putta mat i oss. Han tykte visst dette var ei storhending. Det lei så langt på kvelden at brureparet var gådde til ro, men dei vart «alarmerte» og kom ned frå loftet for å helse på oss.

Det store problemet med slike «glaneturar» var å unngå at nokon av gjestane skulle finne ut kven vi var. Det var mykje gissing om kven vi var på Dyrstad, men så var vi så uheldige at Ragnvald Sørbotten var i bryllaupet som gjest. Han kjende oss att og dermed var det ikkje lenge før alle visste kven vi var og kvar vi kom frå. Det var tydeleg at Albert Dyrstad tykte det var stas at det var «botningar» som kom, for han rekna seg halveges som botning sjølv. Han var fødd i Botnane, på Runnabruket i Sørbotten, i 1893, eit bruk som foreldra hans åtte i perioden 1880-1899.

Ei tid etter var det eit bryllaup ute i Hovdevågen. Der òg fann vi ut at vi skulle dra på «glanetur». Eg trur vi var ein ni-ti personar. Anders var skysskar og «glanar» der òg. Vi la til lands eit godt stykke ute i Hovdevågen for å komme usedde til gards. Vi måtte klatre gjennom ei ur for å kome fram til bryllaupsgarden, og der var ei av jentene så uheldig at ho glei og slo eine kneet sitt stygt. Men ho hinka likevel med.

Vi kom oss usedde fram til bryllaupsgarden der dei dansa på ei løe. Brureparet såg vi ikkje noko til. Det vart heller ikkje servering, men kjøgemeisteren for rundt og tilbaud drammar. Alle takka pent nei til det og då var det ein som sa; «Ingen av dei drikk, då er dei frå Botnane».  Det var for så vidt ein god attest, og med den i «lommen» reiste vi heimatt.

I dag er «glaning» avleggs fordi bryllaup oftast blir haldne på hotell, eller forsamlingslokale og der held «glanarane» seg borte.

 

Bilettekst: Kan dette vere ein glanetur? Otto Nordbotten i styrehuset og Bjørg Øvrebotten på utsida. Dei hadde i alle høve ikkje kledd seg ut enno då bilete vart teke.