Av Ståle Sørbotten

Harald Langø var fødd i Batalden 1. februar 1901, i dåverande Kinn herad. 30. juni 1934 gifta han seg med Oddny Sørbotten, i Domkirken i Bergen. Ho var dotter til Anders og Anna Sørbotten på bnr. 5 i Sørbotten. Oddny og Harald Langø fekk to born, Harald (1935-2004) og Oddvar Villy (1937-1975). Den første tida etter giftarmålet budde dei i Bergen, men eg trur dei flytta til Botnane først på 1940-talet. Der  leigde dei eit rom hos Olav og Birgit Sande, på bnr. 7 i Nordbotten (Sletten).

Harald Langø var sjømann i innanriksfart. Han var skipper på motorkutteren «Roald» som trafikkerte Vestlandskysten, stort sett mellom Bergen og Trondheim. Det var ein brønnbåt på ca 70 fot og med ein 50HK Wickmann motor i. I krigsåra vart han med i illegalt arbeid, som i hovudsak gjekk ut på å frakte personar som var etterlyste. Det var visstnok laga eit hemmeleg rom i tilknytning til styrehuset der desse kunne holde seg i skjul.

Harald stogga av og til i Botnane når han for forbi for å sjå til kona og dei to sønene. Då hende det han tok med seg flyktningane på land. Dei gjekk forbi huset vårt og eg minnest eg var forundra over kor stort mannskap det var bruk for ombord. I ettertid skjønte eg at det nok ikkje var ordinert mannskap alle desse, men personar som var på flukt. Harald var vel kankje litt uforsiktig der, utan at eg trur nokon i bygda melde det.

Men trafikken hans vart i alle høve oppedaga. Tidleg ein morgon, våren 1944, kom Gestapo og skulle hente han. Dei dundra først på døra til Borgar Sletten på nabobruket vårt. Han kom ut i døra i berre underbuksa og ei rød topphue på hovedet. Gestapo spurde etter Harald Langø. Borgar svara at han ikkje budde der, men i huset utanfor. Gestapoffiseren helsa stutt og sa «Sov videre mann» og gjekk. Harald Langø var heldigvis ikkje heime, men Oddny måtte stå i berre ei nattrøye og forklare seg.

Gøymde seg under berghellar

Harald Langø var varsla om at han var ettersøkt og hadde forlete båten «Roald» i Trondheim. Han reiste nedover kysten med ein annan båt frå same rederiet, og vart sette i land i Botnane. Han søkte tilflukt hos Thorbjørn Øvrebotten. Han og sonen Arne hadde bygd ei “jordhytte”oppom garden i utmarka og der låg Harald til seinhaustes 1944. Oddbjørg, dottera til Thorbjørn, som då var 16 år, hadde som oppgåve å bere mat opp til han. Dei hadde avtale om tid og stad der maten skulle settast dersom Harald ikkje alt var komen ned. Det var ein liten vedomn i “hytta”, som var bygd under ein hellar i berget. Men det var vanskeleg å bruke den, for røyken var godt synleg, for heile bygda. Oddbjørg hugsar at dei tok opp poteter då om hausten, og “Langøyen” som dei kalla han, hadde lagt i omnen. Det steig opp blå røyk som steig rett til himmels. Ho fekk beskjed av Thorbjørn om å gå og seie til Harald at han måtte sløkkje omnen, sjølv om det var både kaldt og hustre.

Harald var ein god del nede på garden. Han lånte ei trøye som Thorbjørn brukte for å vere mest mogeleg lik han. Nabokona Ragna, syster til Thorbjørn,  såg Harald Langø i denne trøya ein kveld ho var ute og såg etter kyrne sine. Ho trudde det var Thorbjørn og ropa til han om han hadde sett kyrne? Men Harald svara ikkje. Han gjekk berre vidare utan å snu seg. Seinare klaga Ragna seg til Arne. Ho kunne ikkje forstå kvifor Thorbjørn var so sint på henne at han ikkje svara. Arne hadde sagt at faren plagdes med nokre grabukkar som han ikkje fekk tak i. Han var sikkert so oppkava med dei at ikkje hadde høyrt ho.

Den 27. november 1944, kom det ein MTB frå  Shetland inn i Frøysjøen og henta Harald Langø. Thorbjørn Øvrebotten sa seinare han trudde oppholdet opp i berghellaren tok hardt på Harald. Det var ei lette for alle å få «skipa» han over til England. Resten av krigen gjorde Harald teneste som los og kjendtmann for Shetlandstrafikken. Han vart dimmitert frå marinen tidleg på året i 1946.

Den fatale ulukka

Den 4. februar 1946 skulle Harald Langø, 45 år,  hente ved hos Thorbjørn Øvrebotten. Harald lasta veden om bord i ein liten motorbåt han hadde, fordi det ikkje var køyreveg mellom gardane i Øvrebotten og over innmarkene i Nordbotten.

På veg ut Pollen rann båten full av sjø og sokk. Det kom raskt folk til, men Harald Langø omkom. Han  kunne ikkje symje. Dei fekk han på land og dreiv med opplivingsforsøk, men fånyttes. Kona Oddny hadde alltid vore redd for at han skulle hamne i sjøen fordi han hadde så lett for å få krampe. Yngste sonen Villy, 9 år, som var med, vart berga.

Så vart det spørsmål om kva dei skulle gjere med liket. Oddny budde på eitt rom med borna, så der kunne ein ikkje legge det. Det enda med at det vart bore ut og lagt i «beststova» vår, ei stove som vanlegvis ikkje var i bruk. Eg ser enno for meg kona Oddny 35 år då, farsystra mi, sat inn med omnen i kjøkkenet vårt og storgret etterpå. Eg, som var vel 10 år, kunne ikkje forstå at vaksne folk kunne sitje å gråte slik. I vaksen alder har eg skjøna at ho hadde god grunn til å gråte. Ho var åleine igjen med to mindreårige born, åtte ingen ting og budde til leige på eitt rom, så situasjonen var alt anna enn lys.

Det var ei ulukke som slo hardt ned i bygda.

Bygda slo ring om Oddny

Men  bygdefolket slo ring om Oddny og sønene hennar. Det vart ordna slik at ho fekk frådelt ein tomt i ein utmarksteig som faren hadde i Sørbotten. I Myrane. Bygdefolket grov ut og støypte grunnmur. Ved god hjelp av lensmann Mons Monsen i Bremanger fekk Oddny overta ei sokalla «tyskarbrakke» ute i Berle. Den reiste ein del bygdefolket i Botnane ut, reiv ned og førde inn til Botnane. Der var ho sett opp på grunnmuren som alt var reist. Dermed kunne enkja etter Harald Langø i alle høve flytte inn i eige hus.

Oddny Langø var fødd 13. mai 1911 og døydde 6. mars 2007, så ho vart nesten 96 år. Ho var anleggskokke på veganlegget Haukå – Myklebust. Då ho slutta der måtte dei tilsette tre-fire nye kokkar for å erstatte henne. Ho sleit seg vel litt ut på dette arbeidet, for ho slutta der før anlegget var ferdig og gjekk over i ei rolegare stilling som hushjelp hjå Einar Steffenakk i Florø. Eg kan tenkje meg at ho tok til som kokke på veganlegget sist på 1950-talet. Tunelldrifta i Magnhildskaret trur eg starta i 1959. Det var mykje matlaging til to arbeidsskift. Lenge etter at ho slutta fortalde ho meg at anleggssjefen hadde kome til Florø og spurt om ho ikkje kunne kome innatt og ta over kokkearbeidet att. Men det gjorde ho ikkje.