Sydama som trylla

Eg har aldri skjønt korleis Faster – Oddbjørg Sørbotten – fekk kjolar, skjørt og blusar ut av dei små tøystykka kvinnene heime i Botnane kom med når dei skulle ha henne til å sy seg kle på 1950- og 60-talet. – Det gjekk alltid på eit vis. Dei kjøpte ikkje meir stoff enn absolutt nødvendig. Det var ikkje mykje pengar blant folk og dei tok vare på det dei hadde. Dei kjøpte seg ikkje noko nytt til kvart høve, seier Oddbjørg på sitt forsiktige vis. Eg er framleis overtydd om at ho kan trylle med stoff, symaskin, nål og tråd. For eg har sett det!

Oddbjørg vart fødd i Øvrebotten i 1928 og har sydd frå ho var ganske lita. – Kom eg over ein tøybit så laga eg noko av han. Då gjekk det mest i dukkekle. Eg hadde nok anlegg for saum og måtte ha noko i nevane støtt. Eg trur eg putla på med det sjølv. Mor hadde ikkje så mykje tid til slikt. Ho sydde ny kjole til jul om dei eg hadde var for små eller utslitne. Eg hugsar ho sa at det skulle bli godt når eg vart så stor at eg kunne sy kjolane hennar. Det ynskjet fekk ho no opppfylt, smiler Oddbjørg nøgd. (Bilete over er av Oddbjørg med symaskina som ho sydde på, fram til ho fekk seg elektrisk symaskin.)

Brevkurs i saum og sylære i Florø

Det var etter krigen at Oddbjørg byrja sy for kvinnene i Botnane og bygdene ikring. Ho hadde sydd mykje kle til dei før ho tok eit brevkurs i saum. Det var å sende inn syprøvar, til dømes ulike måtar å legge opp falden på. Og ho lærde å rekne ut storleiken på ulike plagg og lage mønster. Mønsteret vart laga av store, kvite ark, som likna på gråpapir i konsistens.

– Men du gjekk i sylære i Florø?

– Ja, eg gjekk i lære hjå Torbjørg Midtbø fyrst på 1950-talet. Ho var enkje og hadde to døtre. Dei budde i eit hus rett innanfor Fram (ungdomshuset i Florø). Torbjørg hadde systove heime hjå seg sjølv og tok folk i lære. Ho tok mot syoppdrag som ho og lærlingen sydde.

– Kva slags kle var det de sydde?

– Det var mest kjolar, skjørt og blusar etter mål. Folk kjøpte seg tøy og kom med. Det var óg ein god del omsaum. Det var vanskeleg å få tak i stoff etter krigen, så vi spretta opp kle og sydde dei om. Torbjørg var eit tolmodig menneske og eg lærde mykje hjå henne. Eg fekk sydd mange slags kjolar og fekk meir variert erfaring.

I Florø budde Oddbjørg hjå Hedvig og Fridtjof Nybø. Han var bakar og hadde lege i dekning i Botnane under krigen. Oddbjørg og mora Magna hadde laga mykje mat til dei som gøymde seg for tyskarane der. – Det var kjekt å bu hjå Nybø sine. Dei visste ikkje kva godt dei kunne gjere for meg, så eg følte takksemda deira. Dei hadde to døtre, Kari og Grete, som eg heldt lag med. Om vintrane arbeidde eg vekselvis på systova til Torbjørg Midtbø og i butikken til Magnhild Huus på Tua. Men eg måtte heim att når det var mykje å gjere heime i Botnane.  Eg var i alle høve heime sommarstid, i slåtten, fortel ho som om det var heilt sjølvsagt. Og eg hugsar at det var stas når Faster var heime, ho hadde tolmod til alt.

Store damer og små tøystykke
Eg er fødd i 1954 og det må såleis vere slutten av 1950- talet og fyrst på 1960-talet eg har minna mine om Faster ved symaskina frå. Om dei små damene i moteblada ho hadde og dei røsslege damene med dei små tøystykka, som kom for å få sydd seg kle. At eg sjølv var lita gjer sikkert sitt til at eg hugsar damene som ekstra store. I  tillegg til dei eg kjende frå bygda kom det damer med båten. Det var veldig spennande, ei av dei fortalde at ho hadde vore tenestejente heime då far min vart fødd i 1923. Det var ho Margit på Sagebøen, og eg og syster mi fekk kvar vår brystnål av henne.

– Dei som kom frå Sørgulen, Myklebust og elles inne i Gulen kom med mjølkeruta «Skjolden» på føremiddagen og måtte vere til båten gjekk attende på ettermiddagen. Då fekk dei sjølvsagt mat og det var god tid til både å ta mål, passe til og prate, fortel Oddbjørg. Der reknar eg med at forvitne meg sat og prøvde å vere stille, noko som aldri har lege for meg. Men eg ser dei enno levande føre meg, og Faster som ligg på kne på kjøkengolvet for å få kanten på kleplagget bein, med masse knappenåler i munnen. Besta  og Bestefar var der og heldt drøsen i gang. Det var kjekt å høyre nytt frå grannebygdene.

 

På bilete frå 75-årsdagen til Aletta i Garden midt på 1950-talet, er det mange kjolar Faster Oddbjørg vedstår seg å ha sydd. Eg har mistanke om at ho har sydd dei fleste, men ho vil ikkje skryte. – Nokon sydde sjølve, veit du, forklarar ho. Fremst står høge og staselege Anna i Kvia. Henne hugsar eg frå kjoleprøving hjå Faster. Sjølv hugsar ho spesielt eitt kjoletøy Anna kom med. Det var eit grått ulltøy, med raude ruter, og det var moderne med skråklypte mønster på den tida.

– Eg hugsar ho mor vaska kjøkengolvet for at eg skulle få legge tøyet utover der, og legge på mønsteret. Men mor var overtydd om at det ikkje var nok stoff til å sy ein kjole til Anna. Når det er ruta stoff er det verre å få rutene til å stemme når du har knapt med stoff. Men det gjekk den gongen óg. Eg måtte aldri gje opp å få kjole av dei tøya dei kom med, men det hende at kjolen vart litt kortare og det var aldri store biten med restestoff att, seier Oddbjørg med eit lurt smil. Her skal det ikkje røpast meir enn høgst nødvendig.

– Sit du og syr for tjue kroner?

Når eg spør kva ho tok betalt for desse kjolane kjem ho på ei historie.  Oddbjørg hadde sydd ein grøn kjole til Bjørg på Støylen. Kjolen var skråklypt og brodert med gult moulinegarn, med andre ord mykje arbeid. Oddbjørg føreslo 20 kroner for kjolen. Jon Øvrebotten, bror til Bjørg, høyrde det. Han gjekk på Heimyrkjeskulen på Jølster fyrst på 1950-talet og hadde fått syn for verdien av handverk og utbraut: – Sit du og syr ein kjole for 20 kroner? Han var forferda, men Oddbjørg auka ikkje prisen av den grunn.

Brudebilete av Faster og Ståle 29. september 1962. Ho hadde sydd både brudekjolen og kjolane som Sissel og eg har på oss. Torbjørn er fire år, eg er åtte og Sissel fem år. Foto: Kåre Botnmark.

Oddbjørg dreiv som sydame til ho gifta seg med Ståle Sørbotten i 1962. Då fekk ho seg elektrisk symaskin. Ho slutta å sy utanfor familien, men heldt fram med det innanfor.  Både til mor si, mor mi og oss tre syskena, seg sjølv og etter kvart tre eigne barn. Borna Magnhild, Tore og Sigbjørn hadde heimesydde kle som knapt nokon såg var heimesydde, og vegra dei seg for å gå med dei heime i Førde, så sette ho berre på eit merke ho hadde spetta av eit kjøpt plagg.

Etter kvart som slektsledd etter slektsledd vart konfirmantar sydde ho bunadar. Den fyrste ho laga var til seg sjølv i 1948. Ho har kome ut av teljinga med kor mange ho har sydd, men vi har rekna saman at det er minst 12-13 bunadar; sunnfjordbunadar for både kvinner og menn, finnmarksbunad og kystdrakter. Og når vi stod fast i eigne syprosjekt var det berre å gå til Faster med problema. Alt let seg løyse når ho fekk hendene i det.

Laurdag 22. desember fyller Faster Oddbjørg 90 år, men det er ikkje noko å snakke om……… Det får då vere grenser. Denne dama har skydd merksemd på eigne vegne heile livet, men vi hine har kunna sole oss i glansen av abeidet hennar.

Fem sunnfjordbunader som Oddbjørg har sydd. Bilete er frå 1996.

Magni Øvrebotten 18.12.2018.