Omvising på diktarstien frå 7. april

Frå opninga av Diktarstien 18.08.18. Foto: Ingrid Haugen/Fjordenes Tidende.

Mange har spurt om det vert omvisingar på Diktarstien i Botnane. Det vert det frå søndag 7. april og vidare den fyrste søndagen i kvar månad, når grendalaget har kafe i grendahuset. Tanken er å starte omvisinga i totida og gå dei 4,3 km lange stien og fortelje om dikta, diktaren og bygda. Når kafeen opnar kl. 16.00 kan dei som vil kjøpe seg mat og kaffi.

Trass i skiftande vêr har diktarstien hatt godt besøk i haust av folk som har gått han på eiga hand. Eg håpar at informasjonsskilta har gjeve dei nødvendig informasjon. For tida er det maskinene til Mesta som dominerer parkeringsplassen på Jørnjorda, der dei største diktskilta står.

Mesta arbeider med nye bruer over Nøre- og Sør elva og skal vere ferdige med dei til 15. april 2019. Det er sett opp gjerde mellom området til diktarstien og parkeringsplassen med maskiner og utstyr. Diktskilta druknar litt i slikt selskap, men nye bruer trengst, så det er ingen grunn til å klage. Dette er ein overgang.

Huset som talar

Fyrste omvisinga på Diktarstien i Botnane vert søndag 7. april. Dei som vil vere med møter på parkeringsplassen på baksida av grendahuset i Botnane. Det høver å starte der Jan-Magnus Bruheim budde dei sju åra han var i Botnane, frå 1978 til 1985.

På veggen ved inngangen til forsamlingslokalet heng dikta «Huset som talar» og «Den annsame», og eit informasjonsskilt om Bruheim og diktinga hans, og forholdet hans til Botnane. På alle informasjonsskilta er det kart over stien.

Fotefar i stein

Om alle som kjem er spreke til beins kan vi gå 300-400 meter inn i skogen, bak grendahuset til Legene. Der er det merka sti fram til Søre elva, der vi finn diktet «Fotefar i stein» og steinen det er skrive om. Dei som ikkje kan gå dit skal til den tid kunne lese diktet, og sjå bilete frå området, på eit informasjonsskilt bak grendahuset. Det har vore til galvanisering, men er ikkje sett opp enno.

Jørnjorda

Deretter høver det å gå turen nedom Jørnjorda, der dei tre store skilta i cortenstål er godt synlege. Dei er det fyrste møte med Diktarstien i Botnane når du kjem køyrande frå nord. Her er det informasjonsskilt med kart og dei fire dikta «Du i meg», «Gjev meg ei stund med stille», «Haustkveld ved havet» og «Tjelden».

Her kan vi sitje ned og sjå utover Pollen, vasse i fjøra og sjå på fuglelivet der, slik Jan-Magnus Bruheim så ofte gjorde. Diktet «Tjelden» er skrive med inspirasjon herifrå, og då maksinførar Øystein Faye arbeidde opp dikt-, raste- og parkeringsplassen her i mai/juni 2018 hadde han dagleg selskap av eit tjeldepar med tre ungar.

I diktet om tjelden står det at fuglen flyg ut på Flotholmen når Bruheim kjem for å vitje den sky venen sin nede ved sjøen. Diktet er skrive for ungar, men som dei fleste av barnedikta hans er det nok av botnar i det til at det er like mykje for vaksne. Neste stopp på diktarstein er nettopp Flotholmen i Søre stranda. Dit går vi langsetter fylkesveg 577, Frøysjøvegen.

«Øyi mi» – Flotholmen

Vi er avhengige av fjøre sjø for å kome oss ut på sjølve Flotholmen, som Bruheim kalla «Øyi mi». Er det flo må vi nøye oss med å lese diktet og historia om Bruheim og øya på eit skilt oppe ved vegen. Vi kan gå den gruslagde stien ned til sjøen og sjå stålskiltet med diktet på ein hammar på Flotholmen. Kjem vi oss over er det fint å rusle rundt, eller sette seg ned, og nyte stilla som rår der.

Kaia i Korsnesvika

Neste stopp er kaia i Korsnesvika, dit Bruheim gjekk kvar dag for å sende og hente post når ferja kom. Det var her han møtte og vart kjend med bygdefolket. Det er diktet «Still sjø» som er med på informasjonsskiltet her. Der fortel vi litt om kaia og ferjetrafikken før det kom veg til Botnane i 1993.

Gravstaden og «Tri grannar»

Siste stopp er gravstaden med diktet «Tri grannar», om skikken med at bygdefolk grov grava når nokon frå bygda døydde. Det var skikken i Botnane heilt til gravemeaskiner tok over oppgåva då det kom veg. I porten inn på gravstaden heng det også eit skilt om historia til gravstaden, som vart teken i bruk i 1899.

Jan-Magnus Bruheim var oppteken av at gravstaden var bygda si historiebok og skreiv fleire dikt med inspirasjon derifrå. Men no er problemet at det ikkje er nokon som betalar for dei gamle gravene og då vert dei sletta. Det verkar viktigare med lettslegen plen enn historie på gravstadane våre, for i Botnane handlar det ikkje om plass. Det er det rikeleg av lenge enno.

Den fyrste som vart gravlagd på gravstaden i Botnane var ein omstreifar. Rulle- steinen på grava hans vart fjerna våren 2018, berre nokre månader før to oldebarn kom på opninga av nettopp Diktarstien i Botnane. Han var oldefar til ho som graverte diktskilta og før ho fekk den oppgåva visste ho ikkje at han var gravlagd i Botnane. Sjå elles meir om gravstaden på sida for «historikk».

Informasjonsskilt på Villevika

For dei som kjem med båt til Årebrot og vil sykle eller køyre bil til Botnane, er det eit informasjonsskilt om diktarstien i kaiskuret på Villevika.  Stiane fram til dikta  er merka med eit lys lilla merke, og når vi får meir røynsle med bruken av stien vil vi vurdere om det trengst meir merking. Diktarstien har eiga side på denne nettsida og der finn du alle dikta, kart over stien og meir om Bruheim og Botnane.

Takk til alle

Stor takk til alle som var med på å gjere Diktarstien i Botnane mogeleg, både med idear, pengar og arbeid, og til alle som kom på opninga. I det veret! Vona er at mange skal ha glede av stien, både som tur-, natur- og kunstoppleving. Med Botnane og Årebrot på kjøpet.

Om grupper, lag- og organisasjonar vil ha omvisingar andre dagar let det seg gjere, men det må avtalast i god tid.

Beste helsing Magni Øvrebotten

mobil 970 55 201. E-post: magni.ovrebotten@gmail.com

Dei tre søylene i cortenstål på Jørnjorda har eit informasjonsskilt og fire dikt. Sunnfjord Industrier i Naustdal har laga dei tre skilta i cortenstål.

Skiltet på kaia i Korsnesvika vart hengt opp i ausande regnver dagen før opninga. Her er det diktet «Still sjø» som er med og historia til kaia.

I kaiskuret på Villevika, Årebrot, heng det eit informasjonsskilt om Diktarstien, for dei som kjem sjøvegen.

Dette er fyrste merke for Diktarstien i Botnane, når du kjem frå nord. Skiltet i cortenstål er formgjeve av sivilarkitekt Bjørn-Are Vollstad, som var arkitekt og formgjevar for stien.

Inngangspartiet i grendahuset. Med informasjonsskilt og to dikt.

Stien som fører til diktet «Fotefar i stein»

Steinen som inspirerte til diktet «Fotefar i stein».

«Øyi mi» kalla Bruheim Flotholmen.

Diktet «Ved fjøre sjø» gravert i stål og bolta til ein bergvegg på Flotholmen. Askvoll skiltgravering har gravert dikta på stålplater.

I porten inn til gravstaden heng diktet «Tri grannar» og eit informasjonsskilt om gravstaden.

Click here to add your own text