72 hjortar skotne i Botnane

Hjortejakta var over veslejulafta og frå Botnane er det meldt inn 72 skotne hjortar, av 98 løyve. I fjor vart det gjeve tre gonger så mange fellingsløyve som vanleg, på grunn av beiteskader og for mykje dyr i høve til vinterbeite. Til samanlikning med eit normalår vart det i 2017 skote til saman 34 hjortedyr i Botnane.

Det var berre i Botnane det var gjeve ekstra fellingsløyve av omsyn til dei som driv med husdyr. Dei får dårlegare avlingar når hjorten et, skit og trakkar ned graset på bøane. På strekninga Husefest- Årebrot var det ikkje ekstra tiltak, der var det 50 fellingsløyve i 2018 og det vart skote 44 dyr, opplyser Torleif Seljestokken.

I Botnane skal jegarane fyrst og fremst skyte kalvar og ungdyr, for å få opp snittalderen på hjortebestanden og dermed sterkare dyr. I 2018 vart det skote 73 prosent kalv/ungdyr av dei fire hjortevalda, det vil seie 31 kalvar og 22 ungdyr. – Ei kolle er sterkast i 10-12-årsalderen. Det same er dei sokalla «haremsbukkane», fortel Torbjørn Øvrebotten, ein av hjortejegarane i Botnane.

Kollene trekkjer mot dei dominerande haremsbukkane og parar seg helst med dei. Dermed vert det sterke gener frå både mor og far, og det får opp snittvekta på både kalvar og ungdyr. – Det har vore mange små kalvar å sjå i år, som har vore seint fødde og merka av ein turr sommar og våt haust.  Vi skaut ein kalv på berre sju kilo, han var truleg åleine og så liten at han såg heilt nyfødd ut. Det fanst ikkje matauk i han, men godt at han slapp å lide meir, seier Øvrebotten.

Det er opp til Bremanger kommune å vurdere om det vert fleire år med fleire løyve enn normalt. I den vurderinga tel det mest kor store beiteskadane er for dei som driv med husdyr. Det spelar óg inn kva vinter det vert. Om det vert mykje snø lenger inne i fylket søkjer hjorten til kysten, og i Botnane brukar det å vere eit hardt beitetrykk på vinteren. Det syner att på alt frå fråveret av blåbærlyng i marka, nedgnagde bøar, til skadd skog, ramponerte hagar og storleiken på dyra.

(Bilete på framsida er av Berit og Nina Seljestokken klare for jakt på heimegarden)

Vetle Aase Øvrebotten flår hjort. Foto: Sigbjørn Sørbotten.

Utsikta til Sigbjørn Sørbotten på post.

Sigbjørn Sørbotten klar til å bere heim halve hjorten.