,

Oline Øvrebotten 100 år:

– Dagsnytt 18 må eg ha med meg

Aktualitetsprogrammet Dagsnytt 18 har knapt ein større tilhengar enn Oline Øvrebotten, som fyller 100 år 5. februar. Kjem du på besøk til henne mellom kl. 18.00 og 19.00 må du berre sette deg ned og teie stilt, for då sit ho i godstolen sin og ser på NRK 2.   – Dagsnytt 18 må eg ha med meg, der får eg oppsummert kva som går føre seg, seier ho og legg engasjert ut om korleis dei som var med klarde seg.

Brordotter til Oline, Silje Sande, arbeider i NRK Dagsnytt og til 99-årsdagen til Oline sende ho ei videohelsing frå programleiarane i Dagsnytt 18. – Det var no artig at dei brydde seg med ei gamal kjerring, ler Oline. Fredrik Solvang er sjølve gromguten av programleiarane.       – Men han var så flink at dei flytta han til Debatten i NRK 1 om torsdagane, legg ho til og veit ikkje heilt om ho likte det. – Men Espen Aas er ikkje så verst han heller.

Å fylgje med i samfunnsdebatten har alltid vore viktig for Oline, og ekstra viktig i alders år. Det held hovudet skjerpa og krutet turt. – Eg blir så arg på desse høgrefolka som alltid skal mistru og rakke ned på Arbeidarpartiet. Eg hugsar då vi fekk regjeringa Nygaardsvoll i 1935 og det vart viktig å få folk i arbeid. Her fekk karane ei krone dagen for å arbeide med vegen. Vi hadde neimen ikkje hatt den velferdsstaten vi har utan Arbeidarpartiet og no driv høgrekreftene og byggjer den ned, privatiserer og aukar skilnadane mellom fattige og rike. Eg tykkjer framleis at «Gjer di plikt, krev din rett» er ein god leveregel.

I det siste er det særleg utvidinga av regjeringa Solberg som har oppteke Oline og  statsministeren står ikkje høgt i kurs. – Det var om å gjere for Erna Solberg å få lokka KrF inn i regjeringa for at ho skulle få beholde makta. No når dei har reint fleirtal kan dei få gjennomført så mykje høgrepolitikk som dei berre vil. Dei får gjort mykje gale som ikkje let seg gjere om. Men han der Ropstad trur eg dei vil få mykje plage med.

Fattig, men trygg barndom

Oline Gudrun Sande vart fødd 5. februar 1919, i ei stove med jordgolv og ljore i taket. Foreldra Birgit og Olav Sande fekk seg opp nytt hus i Sletten det året ho vart fødd, men så fekk faren astma og kunne ikkje arbeide. Det var før det kom medisin mot astma. –  Han far sat på ein stol heile vintrane og hadde nok med å puste. Han kom seg då det kom medisin for sjukdomen på 1930-talet, fortel Oline.

 

Olav og Birgit Sande med dei fire vaksne borna i 1956. Frå venstre: Odd, Mathias, Oline og August.

 

– Men sjølv om vi var fattig så hadde eg ein trygg barndom. Det var varmt og godt og ro i heimen, seier Oline og fortel med glede om ein oppvekst med tre brødre, foreldre, besteforeldre og to gamletanter i eit trongbudd hus. Og ein mulithandikappa gut, Hans, som foreldra tok på seg stellet av, for betaling, då Oline var tre år. Dei måtte ha meir enn garden å leve av då faren vart sjuk.

– Han Hans var i konfirmasjonsalderen då han kom til oss, men mentalt var han ikkje årsgamal. Han kunne ikkje snakke, kjende ikkje mor si, åt alt han kom over, var brå og uroleg og skreik veldig mykje. Oline hugsar at ho kom over mor si ein dag ho sat på kjøkenet og grein, ei tid etter at Hans kom til dei : «Å, Herre Gud skal eg bale med dette resten av mi tid», hiksta mora.  – Det brende seg fast, det var ikkje vanleg å sjå mor mi grine.

Vi måtte ikkje ha Hans i 19 år, men han vart ein del av familien og mor hans ville så gjerne at han skulle få bli hjå oss. Ho hadde to søner som var sjuke og ei frisk dotter. Hans blei buande hjå oss til han døydde sist på 1930-talet. Han forma synet mitt på psykisk utviklingshemma , og det gjorde at eg vart aktiv i Saniteten då den i mange år arbeidde for å få opp Solbakken i Florø, seier Oline. Solbakken var ein arbeids- og pleieheim for psykisk utviklingshemma som vart opna i 1960. Oline var leiar for Saniteten i Botnane i mange år. Ho trur det var 15 år, men er ikkje sikker.

Pelssyerske i Bergen

Det var huspost eller arbeid på Vefring kafe i Florø som var den vanlege levemåten for jentene i Botnane når dei var konfirmerte. Oline trur ho var den fyrste jenta her som ikkje var nøgd med det. Ho ville gå i lære. Den fyrst husposten hadde ho i Florø i 1937, og i 1939 fekk ho huspost hjå familien Mugaas i Bergen. Dei hadde kafé og iskremsalong. – Dei var kommunistar og behandla oss tenestefolka veldig skikkeleg, minnest Oline. Men i 1940 kom krigen og då kom faren og henta henne og syskenebarnet Gerd heim til Botnane.  – Dei trong hjelp heime, for dei to eldste brødrene mine var i krigen. Eg var heime i eitt år, men ville så gjerne i lære, fortel ho.

I 1941 fekk ho eit tre månaders sykurs hjå faren fordi ho hadde vore heime og hjelpt til. Ho sette inn lysing i Bergens Tidende og fekk seg læreplass i Pelsforretninga Gullaksen. Ho skulle få 18 kroner veka i løn, sa kontorsjef Berg. Men Oline hadde rekna ut at ho måtte ha 20 kroner i veka for å klare seg. – Det var ei tante av han som bestemte. Så når eg takka nei til 18 kroner og gjekk sa ho: «Henne der skulle du ikke latt gå, for hun ville klare seg selv». Så kontorsjef Berg måtte ut og spore meg opp, smiler Oline nøgd.

– Vi var tolv syersker, men symaskina var vanskeleg for meg som er keivhendt, så eg ba om å få sy i fôret. Etter ei veke fekk eg 22 kroner i vekeløn. Eg tykte eg hadde kome til himmelriket; Tenk å arbeid frå 08.00 til 16.30, med ein times middagsfri om kvardagane, og ferdig på arbeid kl. 13.00 på laurdagane. Og fri heilt til måndag!

Oline Sande hadde vel 90 kroner i vekeløn då ho slutta som pelssyerske i 1947, for å reise heim til Botnane for å gifte seg med Abraham Øvrebotten, den 5. juli. – Her var ikkje lys ein gong, ler ho og rister på hovudet. (Botnane fekk lys i desember 1954).

Ikkje velkomen

– Eg hadde mykje å bevise som svigerdotter her på garden. Dei tykte ikkje eg var god nok, ei jente frå små kår, som attpåtil hadde vore i Bergen i fleire år. Sjølv om vi heime i Sletten hadde både innlagt vatn, vindmølle som gav oss lys, traktekaffi og andre «byvanar», sidan mor mi var frå Bergen. Men Ragna og Nils hadde nok forventa at han Abraham skulle finne seg ei sværare kone. Det var å bli gift inn i overklassen i bygda å kome hit inn i Øvrebotten, lærarfamilie og alt. Slik såg dei på det sjølve óg, seier Oline.

Oline og Abraham fekk tre born, Vigdis i 1948, Ingunn i 1951 og Norulv i 1955. – Eg var den fyrste her i bygda som fødde på sjukehus. Det var vanleg å føde heime, men her trur eg dei fleste tok etter meg og reise til sjukehuset i Florø. Eg hugsar eg var frykteleg redd for å få barn med handikapp, det var minna om Hans som slo inn då, seier ho.

Dei tre borna Vigdis, Norulv og Ingunn. Fotograf Horne tok både dette og brudebilete.

Forferdeleg å misse huset

Huset til Oline og Abraham brann ned 13. mars 1970. Det var ein laurdag og Abraham sat på kontoret sitt og skreiv på ei tale han skulle halde på ein fiskarfest i Bremanger om kvelden. Oline dreiv og vaska brakkene til dei som mudra ut leia, for å få større ferjer til å gå inn til den nye kaia i Korsnesvika. Brakkene stod framfor hagemuren deira.

–  Abraham merka brått at det kom sivande røyk langsmed husveggen, og då han skulle sjå til var det full fyr i den andre enden.  Det gamle huset var berre harpiks (kvae) og det var ikkje kjellar under, så det vart raskt til eit bål. Vi miste alt, absolutt alt, seier ho og tek ein liten pause.

– Det var forferdeleg å misse huset. Det er ryse å misse alt du eig når du er 50 år. Det var ikkje søtmjølk. Men det var berre å gå på på nytt. Eg hugsar eg sydde meg ny sunnfjordbunad til landsmøte i Saniteten i juni, men då fekk eg skjorta av bror min Odd.

Dei budde eit år i skulehuset medan det vart sett opp eit nytt hus, som Oline bur i den dag i dag.  – Vi flytte inn til jul i 1971. Eg likte meg godt i skulehuset og nekta å flytte inn i nyehuset før alt var ferdig. For det som ikkje er gjort før du flyttar inn det vert aldri gjort.

Alt vatn som ikkje renn i røyr er ein uting

Abraham kom tidleg med i kommunalt styre og stell i Bremanger. Oline kan ikkje hugse anna enn at han var aktiv i politikken. Han byrja i jordstyret og kom med i kommuenstyret på byrjinga av 1950-talet.

Abraham Øvrebotten representerte Arbeidarpartiet og var ordførar i Bremanger frå 1968 til 1979. Han sat i fylkestinget i Sogn og Fjordane frå 1968 til 1976, og frå 1980 til 1987. Han stod sentralt i sjukehusstriden som prega fylket i fleire tiår og var tilhengar av sentralsjukehuset i Førde.

– Det vart han ikkje populær av, men det brydde han seg ikkje om å vere. Han var berre overtydd om at fylket trong eit større sjukehus slik at vi slapp å fare til Bergen for det meste, seier Oline. Eit anna sentralt stridsemne i hans tid i politikken var kraftutbygging og han var tilhengar av å bygge ut fleire vassdrag som vart verna. Abraham var stolt av å bli kalla «kraftsosialist». Det meste kjende sitatet etter han er: «Alt vatn som ikkje renn i røyr er ein uting», sagt i ein debatt om kraftutbygging på eit landsmøte i Arbeidarpartiet.

Klypp frå Firdaposten sin reportasje om kronprinsparet sitt besøk i Bremanger i 1979. 

Prata med kongen om fjøsstell

Oline var samd med Abraham politisk og tykte det var viktig at han var aktiv i politikken, sjølv om det betydde at ho måtte stå for mykje av arbeidet heime. – Eg likte å arbeide både med kyrne og sauene. Sjølvsagt vart eg veldig bunda, det var ikkje ofte eg tok med tid til å vere med han på representasjonsoppdrag.

Men då det noverande kongeparet, Harald og Sonja, vitja Bremanger kommune som kronprinspar 16. juni 1979 var ordførarkona med. Ho hugsar det godt og når eg spør kva ho snakka med dei om så var det fjøsstell. Dei hadde nett fått seg nytt fjøs på Skaugum og Harald var interessert i å høyre om stell av dyr, kva som måtte til for at kyrne skulle mjølke betre, sjukdomar dei kunne få og råd for å førebygge slike.
– Dei var like til folk å ha med å gjere, minnest Oline.

Her høver det å smette inn ei historie som Synøve og Asbjørn Sande i Svelgen fortel om dette besøket. Synøve serverte på hotellet og hugsar at praten gjekk lett, og at det var god stemning rundt bordet. Ordførarparet og kronprinsparet såg ut til å trivast i lag. Asbjørn hadde blankpussa skorne sine for å køyre kronprinsparet dei få metrane frå hotellet i Svelgen og ned på kaia, der kongeskipet låg på hamna.

Asbjørn stod ute saman med ein politimann og venta. Men det varde og rakk. Inne hadde dei god tid. Abraham fortalde historier og kronprinsparet lo og slappa av. Dei hadde det ikkje travelt med å kome seg vidare til Florø. Asbjørn Sande hugsar enno då dei endeleg kom ut på trappa. Abraham strekte ut høgre armen og sa; «Jammen er det ikkje opplett, då trur eg vi går ned på kaia». Og slik vart det, og Asbjørn med dei blankpussa skorne fekk ingen køyretur og ler godt av historia den dag i dag.

Abraham døydde brått i 1992, nokre veker etter nyttårsorkanen. – Det kom brått og uventa. Eg var to år eldre enn han og hadde visst innbilt meg at eg skulle fare fyrst. Han vart berre 69 år. Vi hadde tre små barnebarn som vi gledde oss til å bli kjende med, og så var han brått borte. Det var tungt og trist, men det nyttar ikkje på legge seg føre, livet må gå vidare, slær Oline fast.

Våren etter at mannen døydde sende ho til fjells 70 sauer og lam, med hjelp frå borna og bygda sin alt-mogeleg-mann Ragnvald Sørbotten. Ho reduserte saueflokken ein god del om hausten, men hadde gleda av å drive med sau i mange år etterpå.  Det sat langt inne å kvitte seg med sauene, for det var så godt selskap i dei.

 

 

 

 

 

 

Oline med borneborna, Ida, Vetle og Julie. Ida og Vetle er tvillingar.

– Eg har streta på

Det siste tiåret har Oline brote det som er å bryte av armar og bein og kvar gong sjukebilen har henta henne har ho frykta at ho ikkje skulle kome seg heim att. – Men eg gror så lett saman, nett som ein ungdom, seier doktarane.

Dottera Ingunn har hjelpt henne mykje og vore heime mest kvar helg når ho ikkje var på arbeid. Og Oline si store glede er at borneborna med kjærastar likar seg i Botnane og kjem på besøk så ofte dei kan. Særleg er haustane med hjortejakt kjekke, då er dei mykje heime.

– Eg har streta på for å vere heime så lenge eg kan. Eg har sagt med familien at dei ikkje må bli lei seg om dei finn meg her død. Det er slik eg helst vil fare. Så lenge hovudet fungerer har eg det best heime, og det held enno. Eg gjer alt i mitt eige tempo; lagar mat, et, spøtar, les aviser, høyrer på radio og ser fjernsyn. Men så er det desse forbaska føtene som ikkje vil bere meg lenge, seier ho og ser opprådd ned på beina sine og vidare til rullatoren. Det er bale og tungvindt å vere avhengig av den for ei som var van til å vere både rask og lett på foten.

 

 

Oline med krumkakebaksten jula 2018.

Foto: Ingunn Øvrebotten.

 

– No vil eg vere heime til eg er 100 år, feire dagen skikkeleg og så får vi sjå, seier ho. Oline har vore nokre vender på den nye sjukeheimen i Svelgen, på kortare opphald. Ho tykkjer det er ein flotte sjukeheim og det er greitt å vere der når du må.

– Men eg er redd eg forfell fort om eg hamnar der fast. Slik er det berre, det trur eg ikkje vi rår med.  Samstundes må eg vedgå at eg er trøtt no og kreftene svingar frå dag til deg. Eg har nådd ein alder ingen har opplevd før i Botnane. Det skulle dei ha sett dei som tykte eg var så lita og nåsleg då eg var unge at eg knapt kunne vekse opp, skrattler ho førnøgd

– Men det er fortærande og trist at eg ikkje skal få oppleve ei ny regjering………… No dei har fleirtal er det ikkje realistisk at eg lever i 2,5 år til. Men då håpar eg for landet og dykk som lever at det vert regjeringsskifte!

 

 

 

Intervju: Magni Øvrebotten 25.01.19.