Systrene Ranveig Øvrebotn (96) og Elida Kjelkenes (91) er no dei einaste attlevande av dei 18 som vart morlause i drukningsulukka ved Opnarhella i Botnane 6. februar 1934. Då omkom Aletta Sørbotten (45 år), som hadde ti barn, Maria Sørbotten (52 år), som hadde åtte barn, og Harald Sørbotten (42 år), som var ugift. Dei var på veg til Husefest i gravferd då ein kastevind gjorde at båten kolsigla. Dei skulle opp under land for å ta med mannen til Aletta.

I år er det 85 år sidan ulukka og det finst delvis ulik versjonar, både om kven som var med båten og kva som hende. Det vi veit er det ikkje skrive ned noko om kva dei overlevande fortalde, om dei fortalde. Fleire borneborn av dei seier at dei veit lite. Journalisten i meg berre måtte ta kontakt med dei to attlevande «borna» frå 1934 for å høyre kva dei hugsar.

Intervju: Magni Øvrebotten

Gravferda til dei tre omkomne 14. februar 1934. Kista til Aletta Sørbotten til venstre, Maria Sørbotten i midten og Harald Sørbotten til høgre,

Ranveig var elleve og Elida seks år og dei hugsar ulukkesdagen og gravferda i brotstykke. Eg besøkjer dei kvar for seg, Ranveig i Florø og Elida i Oslo. Begge fortel roleg og nøkternt, utan tårer. Men det er eitt minne som har brent seg fast og framleis er uråd å snakke om utan å gå litt i stå. Det er minna om at faren Bernt gret då kona Maria var død. – Eg gløymer ikkje at pappa gjekk og gret. Vaksne, sterke mannen, seier Ranveig.

Bernt Sørbotten var sjølv med båten som kolsigla. Ingen veit det sikkert i dag, men døtrene trur det var ein av deira båtar dei brukte, sidan både faren og bestefaren var med. Det er grunn til å tru at Bernt styrde, for båten var hans og han var van på sjøen. Kor mange som var med i båten veit vi heller ikkje sikkert, men i tillegg til dei tre som omkom, var i alle høve Bernt Sørbotten og Anders Sørbotten (også kalla Gamlegrotlen) og nabokona deira Anna Nøttingsnes med.

Anna Nøttingnes fortalde seinare om panikken som oppstod, då truleg ingen om bord kunne symje. Det var ein kamp på liv og død for dei alle. Anna fekk tak i høgre foten til Bernt og klamra seg til den. Han prøvde å redde kona si Maria, men mista taket. – Ho Anna fortalde at pappa vart rasande og spent henne frå seg då han såg ho mamma flyte vekk, fortel Ranveig. Anna Nøttingnes vart berga av at sonen Erling kom springande til og la henne over skuldra og bar ho heim. På den måten vart ho tømd for vatn.

 

Elida var fødd 1. august 1927 og hadde ikkje byrja på skulen då mora drukna.
Foto: Magni Øvrebotten.

 

– Eg var som ein klegg på mamma

Elida var yngste barnet til Maria og Bernt Sørbotten. Det var dei fem yngste av dei åtte borna som var att heime. I den tid reiste dei stort sett ut for å arbeide etter at dei var konfirmerte. Elida var den einaste som ikkje hadde byrja på skulen. Slik hugsar ho ulukkesdagen

– Mamma hadde vore i fjøset og mjølka og stelt dyra. Det var kvinnfolkarbeid. Eg var som ein klegg når eg visste at mamma skulle vekk. Eg hugsar eg sat på golvet og karda ull, medan mamma gjorde seg i stand. Ho tok smør på hendene og oske frå omnen, og med denne smurninga pussa ho skoa sine. Dei vart blanke og fine. Eg måtte gå og legge meg att då dei reiste, fortel Elida. Bestemora Dorthea var heime. Ho hadde ein vond fot og kunne difor ikkje fare i gravferda. Truleg var også den åtte år gamle broren Torvald og den nyleg konfirmerte systera Ulrikka heime. Ranveig og broren Artur var på skulen.

– Det neste eg hugsar er eit forferdeleg spetakkel. Det var då dei kom med mamma, pappa og bestefar og la dei inn i stova vår. Og det kom doktar frå Kalvåg og ei sjukesyster. Eg sat der attmed mamma og eg meiner ho levde då dei kom med henne, seier Elida stille. Ho kan ikkje fatte at ho fekk lov til å sitte der, men det var ingen til å jage henne ut.

– Doktaren sette ei kleklype i tungene deira, for at tunga ikkje skulle sige bak og kvele dei. Det veit eg no, men den gongen visste eg sjølvsagt ikkje det. Mamma si tunge vart veldig blå og etter ei stund sa doktaren: «Nei, her er det ikkje håp». Då snudde pappa seg mot veggen og gret, seier Elida og går i stå. Natta etter drøymde Elida at mora stod på ein stol i gangen og vaska taket, og ho var blå i fjeset. Men det synet har ikkje følgt henne gjennom livet.

Ranveig var fødd 23. september 1922, og var på skulen då ulukka skjedde.
Foto: Magni Øvrebotten.

Såg mora kome opp Sjøvegen

– Det er stor skilnad på folk slik. Nokon tek ting lettare, andre tungt. Eg er nok typen som tek ting litt tungt innover meg. Eg var heilt borte vekk då mamma døydde, og såg henne kome opp Sjøvegen etter at ho var død, fortel Ranveig. Når det skjer liknande ulukker kjenner ho at det riv litt opp i såret frå gamalt. – Det var grusomt, men livet er ingen dans på roser, og skal ikkje vere det heller, slår ho fast.

Gravferdsdagen 14. februar 1934 hugsar dei berre at dei var på gravstaden, dei stod der ved dei tre kistene og det var mange avisfotografar. Men dagen er som i ei skodde for dei begge.

– Den største tragedien var at Aletta i Posten drukna. Ho hadde ti barn og den yngste var berre årsgamal, og halvparten av ungane var under ti år gamle. Borna hennar var jamt over yngre enn oss. Dette seier Ranveig og Elida uavhengig av kvarandre. Det var mannen til Aletta, Magnus Sørbotten, dei skulle opp under land og ta om bord då båten kolsigla ved Opnarhella. Han hadde ikkje vore klar til å fare då dei andre tok ut.

– Dei sa at ingen av dei om bord kunne symje og ho mamma var plaga med bronkitt, så ho tålte nok ikkje å kome i sjøen. Det var vel ei styring med det som skjedde, at det skulle så vere? Men det er vanskeleg å forstå, seier Ranveig stille. Ho har hatt styggen til segling etter ulukka. Faren sette ned føre at alle borna skulle lære seg å symje og det gjorde dei, på eiga hand. Elida hugsar at ho vassa så langt ut i sjøen som ho kunne stå grunnen, og symde innatt. – Eg er veldig glad i å bade. Det er mest rart, seier ho. Elida har elles eit vagt minne om at det vart sagt at mannen som drukna, Harald på Neset, kunne symje, men veit det ikkje sikkert.

 

Ungdomsbilete av Bernt og Maria Sørbotten. Foto privat.

Folk var veldig hjelpsame

Begge hugsar at bygdefolket stilte veldig opp for dei. – Dei kom på huset og hjelpte oss med det praktiske. Amanda i Garden, Alma i Sletten, Astrid og Solveig i Nordbotten, hugsar eg, men det var sikkert fleire. Eg reknar med at dei eller andre var hjå dei i Posten for å hjelpe til der også, seier Elida.

Det vart sett i gong ein innsamlingsaksjon og pengane vart sette i banken, særleg med tanke på dei borna som ikkje var konfirmerte. Elida hugsar at ho fekk ein fin gensar frå ein butikk i Oslo. Det var svære greier. Men kven som sette i gong innsamlingsaksjonen veit dei ikkje. 100 år gamle Oline Øvrebotten meiner å hugse at det var ei avis eller fleire aviser som gjorde det.

– Olav Nordbotten var verje for oss. Det var han som styrde pengane som vart samla inn og godkjende kva dei vart brukt til. Pappa skjønte seg ikkje alltid på kva vi trong og då tok Ulrikka kontakt med Olav. Han kom bort til oss og vi sat på kjøkkenet og prata med han. Olav var ein klok og snill mann, som hjelpte oss mykje, fortel Ranveig.

Elles hugsar ho læraren deira, Karl Årøen. – Han var eineståande med oss. Det var han som fortalde oss som var på skulen om ulukka. «Vi må slutte skulen for det har hendt ei fæl ulukke i Sørbotten», sa han. Eg hugsar ikkje om han sa drukningsulukke, men eg visste at mamma, pappa og bestefar skulle på reis den dagen og vart forferdeleg redd, fortel Ranveig. Ho har eit vagt, men usikkert, minne om at Årøen gjekk saman med skuleungane til Sørbotten den dagen.

Sjølv i dag tenkjer Ranveig på at det fall mykje ansvar på systera Ulrikka, som var konfirmert hausten før mora drukna.  – Det var Ulrikka som måtte ta støyten. Eg var i ein vanskeleg alder og heldt meg mykje opp i buda med besta og bestefar. Besta var så flinke med nevane og lærde meg å sy, spinne og strikke og å ha alt i orden. Ho var forferdeleg nøyen med at det skulle vere reint over alt, så vi vaska mykje.

Det minnest Elida også. Ho hugsar bestemora stod bøygd over staven sin og såg etter at Ulrikka og Ranveig skura og skura på golva, og at det aldri vart godt nok. «Der må du skrubbe meir», sa ho med dei. Eg var for lita til å vaske og hugsar enno kor nyttig eg kjende meg den dagen eg fekk vaske trappa. Denne vaskinga har vi visst hatt i oss og med oss alle, ler Elida.

Snakka helst ikkje om det

Den 3. november 1938 gifta Bernt Sørbotten seg opp att med Solveig Nordbotten, ei av kvinnene frå bygda som hadde vore der og hjelpt til etter at kona hans drukna. Elida hugsar at ho ikkje likte det, medan Ranveig minnest at ho kjende det som ei lette.  – Ho Solveig var eit  klokt og kjekt menneske. Ei skikkeleg husmor som laga god mat. Eg var 16 år og Solveig spurde kva eg tykte om at ho skulle flytte bort til oss. Eg svarde at det var eg glad for, for då slapp eg å vaske så mykje! «Og spesielt kjekt for han pappa», sa eg. Det var sant, for dei fekk det godt i lag og ho Solveig gjekk inn i mor sin stad på ein stillsleg og fin måte. Ulrikka var heime til han pappa gifta seg opp att, og då slapp ho fri og byrja i arbeid i Florø.

Det varierer kor mykje dei som vart morlause seinare snakka med eigne ungar om ulukka og at mor deira hadde drukna i 1934. Ranveig fekk born tidleg og budde i Botnane. For henne var det naturleg å fortelje borna om mora og ulukka. – Men det var ikkje noko vi snakka om i tide og utide. Merka vi at andre ikkje ville snakke om ulukka tagde vi stilt. Folk er ulike slik òg, seier Ranveig.

Elida flytta vekk og busette seg i Oslo med mann og barn, og snakka ikkje om det. Dottera, Anne Sigrid Kjelkenes, seier at ho og systera Kari var store før dei fekk vite om det. Dei kalla Solveig for Besta og det var ho som fortalde dei at ho ikkje var deira rette Besta.

– Eg likte ikkje at folk snakka til meg om ulukka og mamma. Den som snakka til oss ungane om det var ho Ragna i Botn og henne skydde vi som pesten. Vi måtte gå gjennom tunet der for å kome på skulen. Såg ho snurten i oss sa ho: «Stakkars dokke som har mist mor dokka». Det var vondt, men ikkje noko vi snakka om. Slik var det i den tid, slår Elida Kjelkenes fast.

Ranveig hugsar også at Ragna Øvrebotten var direkte og snakka om det som helst ikkje skulle snakkast om. – Men eg trur ikkje det var vondt meint frå Ragna si side. «Korleis går det med dokke?» brukte ho å spørje meg, og eg let om at det gjekk fint. Det er vel slik med dei fleste av oss at vi seier det går bra. Det er fyrst når vi er åleine med oss sjølve at vi kjenner korleis vi har det, og at det gjer vondt. Vi er nok ikkje dei einaste som har opplevd det, seier Ranveig Øvrebotn.

 

Faktaboks:

Tre drukna ved Opnarhella

Den 6. februar 1934 skulle ein del personar reise til Husefest i gravferda til Hans Husefest. For å kome til Husefest måtte dei enten gå langs den veglause stranda, mellom Sørbotten og Husefest, eller bruke sjøvegen med båt. Det vart mest brukt båt. Desse brukte båt og sidan vindforholda tillet det, heiste dei også segl. På veg sørover langs stranda såg dei Magnus Sørbotten kome gåande, han hadde ikkje vore klar til å fare då dei reiste frå Sørbotsvikja. Dei i båten ville leggje under land ved Opnarhella for å ta han med.

Denne manøveren fekk eit tragisk utfall då ei vindrose fylte seglet så mykje at båten kantra, visstnok på grunn av at tampen på seglet var surra fast. Fleira av dei ombord hamna under seglet og kom seg ikkje opp. Her omkom Aletta Sørbotten, 45 år, Maria Sørbotten, 52 år og Harald Sørbotten, 42 år. Anna Nøttingnes såg òg ut til å vere drukna. Men sonen Erling, som kom springande til frå Botnane, fekk henne på land og merka at det var liv i henne. Han bar mora over herdane og heim. På det viset rann mykje sjøvatn ut av kroppen og Anna overlevde.

Aletta Sørbotten, som var gift med Magnus Sørbotten, let etter seg 10 born. Den yngste knapt eit år gamal. Maria Sørbotten, som var gift med Bernt Sørbotten, hadde åtte born, det yngste seks år gamalt. Harald Sørbotten var ugift. Bernt Sørbotten, mannen til Maria, var med båten då den kolsigla ved Opnarhella. Han dei skulle i gravferd til, Hans Husefest, vart gravlagd på gravplassen i Botnane ulukkesdagen 6. februar 1934.

Borna til Aletta og Magnus Sørbotten: Margit (1915), Petra (1917), Anny (1918), Martin (1921), Signe (1922), Ragnvald (1924), Alfred (1926), Håkon (1928), Erling (1930), Nikolai (1933).

Borna til Maria og Bernt Sørbotten: Dorthea (1910), Ulrik Elias (1912), Magne (1914), Ulrikka (1916), Artur (1918-1919), Artur (1920), Ranveig Karen (1922), Torvald Paul (1925), Elida (1927).

Kjelder:
Ståle Sørbotten sitt stykke om drukningsulukker i Botnane, på denne nettsida.
Bygdebok for Bremanger, band 2, med oversikt over dei som miste mødrene sine.
Eigne intervju med Ranveig Øvrebotn 08.12.2018 og Elida Kjelkenes 12.01.2019.