Leilegheita er utleigd frå nyttår

Leilegheita i grendahuset i Botnane er langtidsutleigd frå nyttår 2024. Ho vert difor ikkje til utleige elles. På strekninga Botnane-Årebrot er det tre privatpersonar som driv med utleige.

Leilegheita har eigen inngang og går over to etasjar. I fyrste etasje er det kjøkken, to stover, gang og bad/vaskerom. I andre etasje er det tre-fire soverom og gang.

Grendahuset er eit skulehus frå 1927 og leilegheita vart pussa opp på 1990-talet. Ho har enkel standard og møblering, mobilt breiband, internett, fjernsyn og varmepumpe. Straum og breiband er medrekna i prisen.

Romma er enkelt møblerte og kjøkkenet utstyrt med nødvendig utstyr for matlaging. Dei fire soveromma har råmemadrasser (90×200) og klestativ. Det er ekstra madrasser til å legge på golvet.

Tømmerstove med utsikt til sjøen

Leilegheita ligg i den nordre delen av huset, med eigen inngang. Frå tømmerstova er det utsikt mot sjøen, medan dei andre romma vender mot fjella og skogen, og leike- og parkeringsplassen på baksida av huset.

Grendahuset i Botnane var skulehus i bygda frå 1927 til 1975, og leilegheita var lærarbustad. Etter oppussinga på 1990-talet har leilegheita vore utleigd for kortare og lengre tid. Dei seinare åra mest om sommaren.

Forfattarbustad 1978-85

Forfattaren Jan-Magnus Bruheim (1914-1988) budde her frå 1978 til 1985, i den gule stova og blå kjøkkenet. Han var fasinert av roa og stilla i Botnane, naturen og det omskiftelege veret, og skreiv mellom anna eit eige dikt om skulehuset.

Bruheim hadde lenge drøymt om å bu på kysten og diktinga hans fekk nye motiv og eit lysare preg. Han gav ut elleve av 45 bøker dei sju åra han budde i Botnane.

Hausten 2013 spelte artisten Sigrid Moldestad og musikarane hennar inn CD-en «Brevet til kjærleiken» i denne leilegheita. Moldestad tonesette dikt av Bruheim i høve 100-årsmarkeringa for han i 2014, og samla over 400 menneske til utekonsert her det året.

Ein del av Diktarstien

I 2018 vart det opna ein Diktarsti i Botnane med ti dikt av Jan-Magnus Bruheim, plasserte der han vart inspirert til å skrive dei.

Dikta «Huset som talar» og «Den annsame» heng på baksida av grendahuset. Der er det inngang til forsamlingslokalet i bygda, som vert brukt til små og store samkomer. Det er parkeringsplass på baksida av huset.

Grendahuset og plassen rundt vert halde ved like og rydda på dugnad av bygdefolket. Det er viktig at dei som leiger her har respekt for det, og tek omsyn til at dette er både eit utleige- og forsamlingshus som folk er glad i og vernar om, og vil ha presentabelt til ei kvar tid.

Kontakt med grendalaget:

Botnane og Årebrot grendalag v/Åsmund Berthelsen står for utleige av leilegheita. Mobil 93237073. E-post: asmund.berthelsen@icloud.com

Kontonummeret til Botnane og Årebrot grendalag er: 3775 65 59177. Merk innbetalinga «leige leilegheit».

Andre utleigarar:

John Sande, Botnane – mobil 901 90 244
Rune Nordbotten, Botnane – mobil 415 53 395
Håkon Årebrot, Årebrot – mobil 975 35 394