Treng eit distriktsopprør

Regjeringa meiner vi kan klare oss med post to dagar i veka frå 1. juli 2020. – Når vi i dag bestiller delar til Seljestokken treng ein sokalla il-pakke to døgn før han kjem hit. Det vert tragisk om vi skal vente tre-fire dagar for å få tak i delar til båtverkstaden. Det må kome eit distriktsopprør, seier Nina Seljestokken, leiar for Seljestokken Båtverkstad og nestleiar i Botnane og Årebrot grendalag. Ho er redd for fylgjene om regjeringa sitt framlegg om post berre 2,5 dag i veka vert vedteke. Det vil i praksis bety at posten kjem måndag, onsdag og fredag eine veka, og tysdag og torsdag den andre. 

 

 

Halvparten av varene til Seljestokken Båtverkstad vert levert på døra som Bedrift til bedrift-pakke, elles må dei til Svelgen for å hente pakkane. Det tek dei to timar eller mykje styr med å få vener og kjende til å hente pakkane. Strekninga Årebrot – Seljestokken – Breivika ligg i Flora kommune, men soknar til Bremanger kommune når det gjeld posten, noko som alt no medfører ein god del praktiske vanskar. Landpostbodet kjem heilt frå Rugsund og er ikkje på Årebrot før i 15.30-tida. Alternativet for Årebrot hadde vore å ligge under posten i Florø, men også då er det mykje styr for å få pakkane henta i butikk og leverte på båten til Villevika.

  • Bedrifter i sentrum kan hente posten i butikken, utan å bruke for mykje tid på det. Men alle utanfor sentrum må ha landpostboda for å få det til å gå i hop, elles vasar vi vekk mykje tid med å fare og hente pakkar vi må ha for å få gjort arbeidet vårt. Og dette vert endå verre om posten vert levert berre to dagar i veka, seier Nina Seljestokken.
  • Kva fylgjer vil det ha?
  • Vi er avhengige av å få levert delar vi manglar fort for å halde produksjonen i gang. Elles stoppar arbeidet opp og vi får ikkje levert til avtalt tid. Om sjarkane blir ståande på slippen her i eit par døgn fordi vi manglar delar vert det dårleg stemning. Du anar ikkje kor stressande det er å ikkje har ting på plass og kor mykje tid det tek. Og det vert vanskeleg for oss å konkurrere i marknaden.

Seljestokken Båtverkstad slippar sjarkar, fritidsbåtar og oppdrettsbåtar, opp til 45 fot. I tillegg forsikringsjobbar der det er skade på båten, og arbeidet vert gjort gjennom eit forsikringsselskap.

  • Det verkar som om dei styrande ikkje vil at det skal vere folk og verksemder i distrikta. Telenor skal ikkje levere oss internett, som vi er heilt avhengige av i dagens samfunn. Fasttelefonen skal vi ikkje ha lenger, sjølv om det ikkje er skikkeleg mobilsamband. Sjølv når telefonsambandet er heilt vekke hastar det ikkje å få det opp att, verkar det som. Og no altså forslag om post berre to gonger i veka! Ein misser litt motet når ein stadig får tyn på denne måten, seier Nina Seljestokken.

Attende i tida 

Seljestokken opplever det som å gå attende i tida. Før det kom veg til området kom varene med rutebåten. – Det har aldri vore så bakvendt som det kan bli no. Det er grunnleggande for alt og alle i dag å ha post, internett og telefon. Det må vere ein del av sjølve infrastrukturen i samfunnet vårt. Kven skal betale for dei to timane eg må bruke til å hente varene i Svelgen? spør Nina Seljestokken retorisk.

Ho meiner at det er bedriftene og eldre og sjuke folk som vert mest råka av sjeldan postlevering. Mange medisiner kan ikkje «vere på veg» i dagesvis og bedriftene har ikkje tid og folk til å fare lange vegar for å hente delar som er sende med posten. Nina Seljestokken etterlyser eit distriktsopprør.

Seljestokken Båtverkstad har vore i drift i over 50 år. Det var farfar til Nina, Norvald Seljestokken, som starta verksemda. Faren Torleif er framleis med, men det er Nina som er leiar. I fjor omsette Seljestokken Båtverkstad for om lag 6 mill. kr. og har fem tilsette.

Tekst og foto: Magni Øvrebotten