– Stortinget har vorte forandra etter at KrF gjekk inn i regjeringa og den vart ei fleirtalsregjering. Før kunne eg vere fri og freidig og spørje om kva som helst, når som helst. Men no når KrF er i regjering må eg gå til statsråden som har saka og ta den opp med han eller henne.For regjeringa har som mål å finne ut av ting internt, utan at usemja kjem ut, sa stortingsrepresentant Tore Storehaug, då han var gjest på søndagskafeen på Årebrot grendahus søndag 5. mai. Det hadde møtt fram vel 20 personar.

Nina Seljestokken, leiar for Seljestokken båtverkstad og nestleiar i Botnane og Årebrot grendalag, sa at det kjennest seigt å måtte forklare at det framleis ikkje vert lik nettleige, sjølv om området her har vore positivt til storsamfunnet sitt ynskje om vindmøllepark på Guleslettene. Ho understreka kor viktig det er for folk med telefon, breiband og postlevering for å bu og drive næringsverksemd i distrikta. – Det er tapt tid og pengar å gå og vente på delar som skal kome i posten, om det no er fem personar som ventar på båtverkstaden eller 20 på steinbrotet i Seljestokken. Politikarane må sjå meir på kva verdiar som vert skapte i distrikta og ikkje berre kor mange, eller få, menneske som bur der, sa Seljestokken. Ho minna Storehaug om at Botnane og Årebrot grendalag lenge hadde kjempa for Kystvegen og håpa inderleg at den ikkkje drukna i kravet om ferjefri E 39.

Tore Storehaug lova å halde fram med å arbeide for ein skikkeleg infrastruktur i distrikta, som lik nettleige, breiband og postlevering, men verka ikkje å ha same trua på at det nytta etter at KrF kom med i ei fleirtalsregjering og må innrette seg etter det. – Vi politikarane får høyre at 99,9 prosent av folket her i landet har breibandtilgang, men det vert ikkje sagt noko om kor mange av dei som er avhengige av koparnettet som no vert fasa ut med fasttelefonen, sa Storehaug, som meinte at Stortinget måtte løyve meir pengar til dei fylka som har mange slike område som Botnane-Årebrot. Han meinte at det var ein politisk augeopnar då Telenor sa at dei ikkje ville levere telefon lenger, men ordet «leveringsplikt» kling ikkje like godt no som før.

Dei frammøtte fortalde om innkallingar til timar på sjukehuset som ikkje kjem fram før dei skulle vore der, at det tek over ein månad å sende ein del til ei silotalje fram og attende i posten for å få ho reparert, og nokon lurde på om storsamfunnet i det heile ville at det skulle bu folk i distrikta?
Otto Ullevålseter undrast på om Posten verkeleg ynskte å legge ned seg sjølv, eller om det kom føringar frå samferdsledepartementet som dei var nøydde til å fylgje?  Storehaug hadde ikkje noko svar på det, men sa han for ofte møtte haldningar om at det var «dyrt å halde oppe distrikta». Difor var han samd med Nina Seljestokken i at det var viktig å få fram kor store verdiar som vert skapte i distrikta. – Eg brukar av og til å be folk om å gjere eit tankeeksperiment; At det var sett ein ugjennomgtrengeleg mur rundt Oslo, ingenting ut og ingenting inn, medan landet elles samhandla som før. Skal tru kva side av muren det vart kloremerke på fyrst? avslutta Storehaug.

Skrivar: Magni Øvrebotten