Soga om Rakel og Bertil i Mekja

Bilete viser kartet som var oppteke i samband med jordskifte av innmarka i Nordbotten 1888-1889. Bokstaven E, mellom linjene e-f og h-g markerar Mekja og øvst oppe ligg husa i Mekja, der sansynlegvis Bertil og Rakel budde. Nede ved sjøen er det ogso innmålt noko som kan vere restane av eit naust.

 

Av Ståle Sørbotten (17.06.2019)

 

Bertil Johannes Henriksen og Rakel Berntsdtr. Kvamme, frå Førde prestegjeld, gifte seg i 1856, og fekk bygselbrev på Mekja i Nordbotten i 1855. Det var ein plass under bnr. 2, Gardabruket i Nordbotten. Bertil var son til Henrik Olsen, som eigde bnr 1. Støylabruket frå 1829 til 1836. Alt som er fortalt om Rakel og Bertil tyder på at dei ikkje hadde mykje å leve av i Mekja.

Dei hadde ikkje råd til brurebukett til Rakel då dei skulle gifte seg, og ho henta ville blomster frå marka. Det var fleire par som skulle gifte seg samstundes og truleg med «finare» bukettar enn Rakel. Ho hadde både bukett og hovudkrans av hundeslenge (hundekjeks). Då presten såg brurebuketten til Rakel sa han: »Denne bruden er smykket med markens blomster, hun skal derfor stå øverst på kirkegulvet og vies først» Det må ha vore ein klok prest, men det var nok mange som tykte dette var lite passande, for fattigfolk skulle alltid stå sist.

«Litt søtt på grauten»

I følgje folketeljinga i 1865 fødde Mekja 4 sauer, 5 geiter og der vart sådd ei kvart tønne havre og sette ei åttandedels tønne med poteter. Bertil og Rakel levde nok eit strevsomt liv for å få endane til å møtest. Mor mi, Magnhild Sørbotten, fortalde at samlivet deira nok hadde sine vanskar, for Bertil trua vissnok fleire gonger med å reise frå Rakel. Ein gong hadde han kome i båten og var i ferd med å ro sin veg. Rakel stod nede på vorren og ropa at han måtte kome til lands igjen. Då hadde Bertil svara: «Ja, får eg noko søtt på grauten skal eg slå meg til ro». Og so vart det. Det spørst om «litt søtt på grauten» hadde vore nok til å slå seg til ro i dag.

Heimedåp og død

I følgje kyrkjeboka fekk Bertil og Rakel 5 born; Rasmus, 1857-?, Bernt Ananias, 1860-1863, Hanne Agnete (Mekja Hanna ) 1862-?, Henrik, 1862-1862, Tommasine, 1867-?.  Rasmus veit eg ikkje noko om. Han er ikkje nemnd i folketellinga for 1900 og han er heller ikkje å finne i dødsprotokollane for Botnane før den tid. Men han er registrert hos Innrulleringssjefen i Bergen, Register til annotasjonshovedrulle for Bergen Krets L-Å, 1869-1897. Det kan tyde på at han ein gong mellom 1869 og 1897, var komen til Bergen. Det kan igjen tyde på at han hadde søkt hyre og var reist til sjøs.

Bernt Ananias døydde berre tre år gamal, Henrik døydde berre tre veker gamal. Han var tvilling med Hanne Agnete. I følgje kyrkjeboka for Kinn var dei fødde 1. desember 1862 og Henrik vart heimedøypt same dag av Rakel Augustinusdtr. Øvrebotten. Sjølv om Henrik døydde 26. desember 1862, er han førd inn i kyrkjeboka samstundes med tvillingsystera Hanne Agnete. Der er det ført inn:  «Døden hindrede hjemmedåp bekræftet i Kirken». Dette skjedde 12. april 1863. Fødselen har sansynlegvis vore så kritisk at det var om å gjere å få den nyfødde døypt. Og sidan det ved fødslar nok berre var kvinner tilstades, måtte dei og foreta heimedåpen. Elles har eg hatt inntrykk av at ei slik gjerning var ei oppgåve for mannfolk og helst skulerte mannfolk.

Rakel på legd

Bertil døydde i 1896 og det førde nok med seg at bygselkontrakta på Mekja vart oppsagd. Dermed måtte Rakel ut på «legd». I følgje folketellinga i 1900 budde ho då på Støylabruket og dreiv med «strikking og spinding». I folketellinga for 1910 budde både ho og dottera Hanne i Runnane i Sørbotten. Det var skjebnen til legdefolk å vandre omkring på gardane, dei var «kasteballar» i systemet. I følgje kyrkjeboka døydde ho i Nordbotten 1917. Det kan ikkje tyde anna enn att ho då var komen tilbake til Nordbotten.

Rakel er gravlagd på gravplassen i Botnane, i ei annonym grav som få visste om før eldsjeler i bygda – Magna Øvrebotten (1900-1992) og Aslaug Nordbotten Samnøy (1933-2016) – med god hjelp av andre fann blankskura steinar frå rullesteinfjøra i Nordbottenstranda, skreiv på namn og årstal og plasserte dei på alle annonyme graver på 1980-talet. Men i 2017 fann Bremanger kyrkjelege fellesråd ut at steinane vi la ut var «farlege» saker. Dermed var steinane fjerna og annonymiteten senka seg på nytt over desse gravene på gravplassen. På det viset kutta Bremanger kyrkjelege fellesråd strengen til ein del av soga til folket i Botnane. Spesielt gjekk dette utover folk som hadde hatt lite å rutle med og difor ikkje hadde råd til gravsteinar, og heller ikkje hadde nokon etter seg som kunne ordne med det.

Tenestejentene Thommasine og Hanne

Thommasine var fødd 18. mars 1867.  Ho flytte til Oslo som tenestejente, lengste tida hos kommunal middelskulelærerinne Marie Støp. Ho var visstnok syster til presten Halvdan Støb, prest i Bremanger 1893-1905. Kva tid Thommasine Nordbotten reiste til Oslo har eg ikkje funne ut, men sansynlegvis skjedde det ein gong mellom 1891 og 1910. Sansynlegvis  før 1900 sidan ho ikkje er med i manntalet i Botnane det året. Ho er manntalsførd i Nordbotten i 1891, men det kan sjå ut som at på registreringstidspunktet arbeidde ho i Domba i Kinn, ho er i alle høve registrert med adresse Domben.

Bilete: Tommasine Nordbotten. Foto: Ukjend, henta frå albumet til Magnhild Sørbotten, mor til Ståle og nabo til Mekja.

 

 

Hanne Agnete var lenge tenestegjente i Øvrebotten, hos «gamle» Abraham og kona hans Anne Marie. Når tid ho tok til der er uklart, men ho var i alle høve komen dit i 1900. Då er ho registrert i folketellinga i Øvrebotten med arbeid «Gaardsarbeid og kreaturhold». I folketellinga 1875 er ho framleis heime i Mekja med foreldrene. Då var ho 13 år og det er ikkje usansynleg at tenesta i Øvrebotten starta straks etter. Ho måtte vere slutta i Øvrebotten i 1910. For i følgje folketellinga då budde ho i Runnane i Sørbotten saman med mora. Kva tid ho reiste til systra, Tommasine i Oslo veit eg ikkje, men det vel mogeleg at ho gjorde dette etter at mora døydde i 1917.

Bilete over: Hanne Agnete Nordbotten (Mekja Hanna) Foto: Ukjend, bilete henta frå albumet til Magnhild Sørbotten

Samhald med gamle naboar

Thommasine og Hanne hadde mykje samkvem med morbroren min Nils som budde på Høvik. Det kom nok av at dei var naboar i Botnane. Sjølv om Hanna og Tommasine var vel 20 år eldre enn Nils vil eg tru at naboskapet i Botnane gjorde sitt til at samholdet utvikla seg i Oslo. I tida mi på Landbrukshøgskulen på Ås, var eg ofte innom Høvik der morbroren min Nils og døtrene Helene, Margaret og Aase budde. Aase var fødd i 1926, men mintest Tommasine, så det må tyde på at Tommasine levde ein del år etter 1926. Dei prata mykje om Hanna og Tommasine, men eg var midt i 20-åra og hadde sjølvsagt ikkje vit og forstand til å spørje og notere. Difor sit eg med mange «blanke» ark no.

PS. Etter at Ståle la denne artikkelen ut på Facebook har Vidar Sørbotten, som til Helene Sørbotten, opplyst at mora fortel at både Hanne og Tommasine døydde under andre verdskrig 1940-45.