M/S Engøy – den gløymde båten

Lykta på Olaskjæret med Botnane i bakgrunnen. Foto: Grete Thorsen Nøttingnes

 

Av Ståle Sørbotten

Bestefar min, Ananias Nordbotten døydde våren 1943 og vart gravlagd 6. mars. Etter jordfestinga var gravferdsfolket samla i Sletten til middag med sosekjøt som vanleg var ved gravferder på den tida. På slutten av middagen høyrde vi ein eksplosjon ute i skipsleia og mor kom fort inn og sa at eit skip hadde gått på mine, inn og sør for Olaskjæret. Middagen fekk ein brå slutt.

Ein del av karfolka sprang frå matbordet og rett til sjøen, løyste båtane og fossrodde ut for å sjå om det var folk som trong berging. Mannskapet hadde imidlertid kome seg om bord i ein dykkarbåt som fartyet hadde på slep. Dei var berga, men korleis dei kom seg vidare har eg ikkje minne om. Seinare fekk vi greie på at det var D/S Engøy, sansynlegvis ein båt som dreiv med dykkaroppdrag sidan den hadde ein dykkarbåt på slep. Det vart ogso berga opp ein del utstyr som tydde på dykkararbeid.

Der fartyet sokk var det så grunt at mastetoppane stakk opp av sjøen. Ei tid seinare kom det eit bergingsfarty som skulle fjerne vraket. Korleis det vart gjort, er borte frå «hardisken» min. Eg veit dei arbeidde med dykkar, for bergingsfartyet –Sterkodder kanskje – brukte tåkeluren ofte for å varsle skipstrafikken om å seinke farten når dei passerte. Det var det nok ikkje alle som respekterte, i alle høve ikkje dei tyske krigsfartya som traffikerte nord-sør i leia. Sansynlegvis vart vraket knust og teke opp stykkevis. Det er vel mogeleg at det enno ligg vrakdelar igjen ute på Sørbottsflua.

I boka «Lang kyst» nemner Trygve Nordanger så vidt Engøy, men det er sparsomt med opplysningar.

I følgje «Skipet.no» var skipet ein trebåt, bygd som seglskip i 1882 i Steinkjær, med ukjend eigar og namn, dimensjon 89,2 x 26,6 x 18,9. Eg reknar med at måla er i fot. Skipet vart så seld til A/S Norma  i Trondheim i 1910. Der vart det ombygd til dampskip, 131 brt, 69 nrt og 200 tdw og gjeve namnet NORMA. I 1912 vart det overteke av A. Trøan i Trondheim, i 1915 av Linnerud og Breien i Oslo, i 1918 seld til Karl A. Dahl & Rasmussen i Bergen, i 1919 seld til P. Bruun i Bergen, i 1922 seld til I. Barnholdt i Fredrikshald og omdøypt til BRUUNDAHL. I 1925 overdrege til Johannessen og Vartdal i Ålesund, i 1928 overdrege til Kr. Vike i Molde, i 1930 overdrege til Lars Leirvik, Molde, i 1932 overdrege til Andreas Eivindsen i Molde, i 1933 overdrege til Jakob Sivertsen i Trondheim, i 1935 overdrege til Borgund Bruk i Ålesund som igjen selde til Stavanger Skibsophugnings Co i Stavanger. Så det er ingen tvil om at skipet har hatt ein omflakkande tilverelse. Stavanger Skibsophugnings Co nytta sansynlegvis skipet til opphoggingsoppdrag der dykkararbeide var ein del av oppdraga.

Stavanger Skibsophugnings Co gav skipet namnet ENGØY og let det gå i fraktfart på Norskekysten fram til skipet møtte lagnaden sin i Frøysjøen 6. mars 1943, forårsaka av ei mine i eit minefelt som visstnok var utlagt av den norske MTB-en 619, 23. februar 1943. Det har ikkje vore mogeleg å framskaffe bilete av DS Engøy.

Bileta av Olaskjæret er tekne av Grete Thorsen Nøttingnes sommaren 2018.  Sigfred Nøttingnes har sjeldan opplevd  så blikkstill sjø ved Olaskjæret som den gongen. Han fortel elles at det framleis er lett å sette fast fiskereiskap der, på Sørbottsgrunnen, og trur det må vere restane av DS Engøy som gjer det.