Gerd Ullevålseter i båt med Husefest i bakgrunnen. Foto: Privat.

 – Når skal du til Husefest i år? er eit vanleg spørsmål i familien Ullevålseter. Dei har vore der kvar sommar i 57 år. Det er ferie- og fristaden deira, langt vekke frå kafedrifta på Ullevålseter og Rustadsaga i Oslo. No tel familien 20 personar med smått og stort, fordelt på fire generasjonar. – Husefest er hjartebarnet vårt, seier Sissel Ullevålseter.

I år er det fyrste året Reidar Otto Ullevålseter ikkje er med til Husefest, helsa held ikkje til det lenger. Det kjennest rart og uvant for dei alle, men Gerd Ullevålseter (85) er framleis med og oppdaterer mannen dagleg per telefon. Dei var 29 år gamle då dei kjøpte fyrste garden i Husefest i 1962, av Harald Husefest. Seinare kjøpte dei også nabobruket, som Aron Saga hadde kjøpt og ville selge. På begge gardane fylgde det med kårfolk i husa.

Gerd og Otto Ullevålseter kjøpte Husefest i 1962. I år er fyrste sommaren han ikkje kan vere med dit på grunn av helsa. Foto: Privat.

– Foreldra mine hadde vore på leit etter ein eigedom med skog i fleire år, men det var vanskeleg å få tak i. Far var 1. amanuensis ved Norges Landbrukshøg-skulen og underviste i skogbruk, og interessert i skogsdrift og planting. Dessutan ynskte dei å ha noko dei eigde sjølve, for Ullevålseter leigde dei av Oslo kommune. Det har familien gjort i fleire generasjonar, og far min fekk namnet Ullevålseter fordi han vart fødd der, fortel Sissel Ullevålseter.

Men då garden i Vikja i Husefest vart lyst for sal i Nationen drog Reidar Otto og far hans Paul Pettersen hit for å sjå på forholda. Reidar Otto tykte dette var ein perfekt plass for dei, sjølv om det var langt frå Oslo, dei måtte i båt for å kome hit og det var kårfolk med på kjøpet.

– Han fortalde meg at det var alt vi trong her, så eg kom hit fyrste gongen med ei piknikkorg med mat, Sissel på seks månader og eldstemann Otto på to år. I vår del av huset stod det eit bord og nokre korte skuvesenger, elles ingenting, ler Gerd før ho går over til å rose kårfolket Marie og Thorvald Husefest. – Det var alle tiders folk. Det same var Alma og Guttorm Husefest på det andre bruket. Vi hadde mykje hygge saman med dei fire og vi lærde mykje av dei, sjølv om dei ikkje sa så mykje, fortel Gerd.

– Nei, vi måtte helst sjå korleis dei gjorde det, men eg hugsar enno kor rysta Thorvald var over at bestefar stod i båten når han var på sjøen. Det var galskap og berre slikt Oslo-folk kunne finne på, seier Sissel. Ho hugsar at dei måtte vere stille når Marie og Thorvald sov middag, og at det var veldig stas når det kom ungar på besøk. Då fekk Ullevålseter-ungane leikekameratar og sto i kø for svelene til Marie.

– Vi lærde etterkomarane til kårfolka å kjenne, og dei oss. Det gjer at vi har kontakt med mange av dei og det er både hyggeleg og naturleg. Det at her var kårfolk då vi kom hit har gjort at vi kjenner oss meir som ein del av Husefest si historie, seier Sissel.

Lærde nøysemd

– Det var stor skilnad på Oslo og Husefest?

– Ja, men vi vaks opp i skogen på Ullevålseter, så vi er ikkje tradisjonelle byfolk. Vi vart òg lærde opp til stor nøysemd. Ingenting skulle kastast. Var kle eller møblar slitne vart dei med til Husefest, ja, endåtil plastposane vart nøye vaska og vranga, for å kome til nytte i Husefest. Dette var verdiar som rådde her i Husefest frå før, seier Sissel. Ho meiner både dei og etterkomarane deira har hatt godt av å lære seg at her er det langt til butikk, lege og sjukehus. Då lærer ein seg å planlegge, finne praktiske løysingar og gjere ting sjølv.

Syskena Ullevålseter på sommarferie i Husefest. Frå venstre Pål Anders, Sissel og Otto. Sistnemnde kan ikkje fordra å bli fotografert og har vendt seg bort også her. Foto: Privat

Det er mange hus i Husefest og alltid eitkvart som treng reparasjon og måling, og alle må gjere sitt. Men det kjem vel med at mannen til Sissel, Pål Pettersen, er tømmermeister. Dei deler det største våningshuset med yngstemann i syskenflokken, Pål Anders Ullevålseter og kona hans Mette Solli. Eldste bror, Otto og sambuar Birgitte Jensen, held til i det andre våningshuset, medan gamlefolket Gerd og Reidar Otto bygde om den gamle saga til bustad då borna fekk familiar.

Syskena Otto, Sissel og Pål Anders har til saman seks barn, frå 29 til sju år, så Gerd har oldebarn og barnebarn på same alder. Ho arbeidde i 60 år på Ullevålseter, mange av dei saman med svigermor si, men no er det Otto og Birgitte som driv kaféen der. Sissel og Pål driv Rustadsaga. – Når ein bur og  arbeider på same staden slik har ein aldri heilt fri, seier Pål Pettersen, og då er det godt å fare til Husefest. Du må mest vere her litt når du har køyrt så langt. Både han, kona og svigermora understrekar at det er kjekt å ha med gjester og mykje folk å gjere i jobben, men for å henge med i svingane gjer det godt med ro og kvile i Husefest.

– Husefest er hjartebarnet vårt. Det var kanskje ikkje det sværaste eg visste då eg var tenåring, men no er det ei god kjensle å sette seg i bilen i Oslo og vite at om åtte timar er eg i Husefest og der har eg fri. Her er nok å gjere, men eg har fri frå det daglege og er det noko eg   kan eg ta fly frå Florø og kome att same vegen, seier Sissel. Det kjem og fer folk heile tida i Husefest.

Hjortejakta er rekreasjon

Gerd Ullevålseter er glad for at både born og borneborn likar seg i Husefest. Dei tre syskena eig no staden i lag, men eldstemann Otto er her aller mest. Han har vore mykje i Husefest og arbeidd. Otto er òg den som har engasjert seg i lokalsamfunnet og vore aktivt med i grendalaget, i fleire år som leiar. Han kjenner mest folk og kan historia til Husefest og området rundt aller best, slår mor og sysken fast. – Dessutan har Otto traktor, og det er alltid nyttig å kjenne nokon som har det, ler Pål Anders Ullevålseter, som er kjendisen i familien. Hans fyrste sommar i Husefest var i 1969, eit halvt år gamal.

Syskena Pål Anders og Sissel Ullevålseter i Husefest i sommar. Foto: Privat

Han kallar seg sjølv ein rastlaus type og opplever hjortejakta som rein rekreasjon. – Det er herleg å kunne gå inn i skogen her åleine, sette seg ned og kvile, gjerne sove litt om eg treng det, og skyte når det dukkar opp ein hjort, fortel han. Sissel legg til at Pål Anders er beste jegeren i familien, han får mest alltid hjort. Ho er sjølv med på jaktlaget saman med eldste son sin Emil (29), Pål Anders og ein barndomsven av han. Dei andre er med for å bere eller køyre heim det dei har skote.

– Skjærgarden sørover frå Husefest er noko av det mest urørte du finn og slett ikkje prega av turistar. Eg skjønar ikkje at folk som bur her i området kan bu her utan å ha båt. Det er då du kan dra ut til Fanøy, Kinn og slike plassar. Merkeleg nok er det mange i nærområdet som knapt har vore der, seier Pål Anders Ullevålseter før han varslar at dei tek seg ein tur til Florø.

Men både Gerd og Sissel hugsar kor etterlengta VEGEN var. – Eg hugsar han Isak i Breivika, næraste naboen vår her, kor han venta på veg. Og så døydde han tre månader før vegen kom. Det er vemodig å tenkje på at han aldri fekk oppleve det, seier Gerd Ullevålseter.

 

Magni Øvrebotten 20. juli 2019.