«Av jord er du komen, til jord skal du bli»

Av Ståle Sørbotten (juli 2019)

Desse orda har lydd ved alle gravferder i uminnelege tider. Den første gravferda eg fekk vere med på var gravferda til bestefar min – Annanias Norbotten – i Botnane 6. mars 1943. Eg var sju år gamal og minnet sit i meg den dag i dag.

 

Båra til den andre bestefar min – Anders Sørbotten – blir boren til sjøen ute i Sletten i Botnane for å fraktast i båt over Pollen, til gravstaden i Botnane i 1957. Arvid Birkelid – trur eg – systerson til den avlidne går føre og leiar salmesongen. Bak han på høgre sida går Albert Dyrstad, Erling Nøttingnes og Otto Nordbotten. Til venstre framme går bror min Arne Sørbotten og Finn Øvrebotten, dei andre er skjulte. Ein fantastisk skikk at den avlidne skulle syngast ut og fram til grava. Der går vi glipp av noko verdfullt i dag. Av og til gjekk det tre forsongarar føre gravfølgje og forsongarane hadde ofte ikkje bruk for salmebok, dei såg opp og fram og let songen ljome. Ei gripande oppleving. Foto: Ståle Sørbotten

Kista stod på to plankestubbar rett over gravopningen, men det faste ritualet «Av jord……» lydde ikkje fordi presten var fråverande. Visstnok fordi han var nazivennleg og av mange var uønskt til å gjere teneste. Læraren i bygda, Karl Årøen, var brukt til å styre gravferder, men å bruke det geistlege ritualet var ikkje han tiltrudd. Men sjølv om presten var fråverande, og lærar Årøen ikkje kunne forrette, måtte kista senkast i jorda. Det skjedde slik som det har skjedd ved dei fleste gravferder i mangfoldige år tilbake i tid. Tre av naboane stilte seg opp på kvar side av grava med kvar sin taurull i handa, tredde det gjennom handtaket på kista og løfte kista så høgt opp at plankane kunne trekkast ut. Så fira dei kista langsomt ned i grava, drog tauet ut av handtaket og la det pent frå seg på gravkanten. Og slik vart kistene senka etter kvart dødsfall i Botnane, inntil «kloke» hovud fann ut at denne enkle metoden var for gamaldags. Det kom mekaniske senkeapperat. Det var «framsteget». Men så skjedde det enkelte uhell med desse senkeapperata rundt om i landet og dei forsvant litt etter kvart frå gravplassane, også i Botnane. Dei «gamaldagse» og enkle taua vart tekne til nåde og i bruk att. Men med den forskjellen at no var det festa ein krok i enden av tauet til å hekte i handtaka på kista, i staden for å tre tauet gjennom handtaket. Eg synest likevel at den gamle metoden er den beste, tryggaste og enklaste måten, for då kan du berre dra tauet ut når kista er nede, utan tanke på om at kroken kan hekte seg fast. So enkelt, so enkelt.

Eg vart minna om dette i ei gravferd i Førde for nokre dagar sidan. Det var noko stemningsfullt over dette då fire personar stilte seg opp ved grava med kvar sitt tau i handa, hekta kroken i handtaka på kista, løfta ho litt opp, plankane ut og så fira dei kista langsomt ned i grava. Då gjekk tanken til gravferda til bestefar min i Botnane i 1943. Naboane som stilte seg opp med kvar sin taukveil ved grava, tredde den gjennom handtaka, løfta kista, andre naboar drog plankane ut, så fira dei kista sakte ned i grava. Då gjev desse kraftfulle orda: «Av jord er du kommen-til jord skal du bli» verkeleg meining. Desse orda lydde imidlertid ikkje ved gravferda til bestefar min 6. mars 1943 fordi det ikkje var prest tilstades og lekfolk kunne ikkje la desse orda lyde på offentlege gravplassar.

Kista blir gjort klar til å bli senka ned i grava. Foto: Ståle Sørbotten

I første gravferda i Botnane etter krigen, gravferda til Harald Langø våren 1946 – der sokneprest Tjelta i Florø gjorde teneste – tok han føre seg fleire graver som i krigsåra 1940-1945 ikkje hadde fått den geistlege velsigning som lova tilseier. Dermed fekk både dei og bestefar min den velsigning dei skulle fått ved jordfestinga. Og der og då lydde dei mektige orda «Av jord er du kommen-til jord skal du bli» utover dei uvelsigna gravene i Botnane.

 

TRI GRANNAR

Tri grannar står der
og grev ei grav.
Men teier med det dei tenkjer:
Så snøgt kan livstråden
slitna av.

Det kjennest som noko
av grendi er burte
med han som tok ut
på den siste ror.
Alt står her og talar
stille i togni
um han som fór.

Skodda heng lågt over lendet.
Regn dryp og bårone vaskar.
Hausten er kringum, og vinden
susar i fallande lauv.
Alt er det same
i stilt og stridt.

No er dei ferdige – grannane.
Står der ei stund
ved den opne gravi.
Teiande og med bøygde hovud.

Så går kvar heim til sitt –

Dette diktet heng i dag i porten inn til gravstaden i Botnane, som ein del av Diktarstien etter Jan-Magnus Bruheim. Det stod i diktsamlinga «Flo og fjøre» i 1984. Bruheim var ofte innom gravstaden og dit kom han også ein oktoberdag i 1983, då Ragnvald Sørbotten, August Sande og Torbjørn Øvrebotten grov grava til far min, Ivar Sørbotten. Det inspirerte Bruheim til å skrive dette diktet om ein tradisjon som vart borte då det kom veg og ei gravemaskin kunne ta over den oppgåva.