Hytte i pakt med steingardane

Hytta dukkar opp rundt ein sving i Sletten.

Svein Storum (69) vaks opp i Dale i Sunnfjord og leita i årevis etter hyttetomt i Dalsfjorden. Men der var det berre hyttefelt og det kunne han ikkje tenkje seg. Han klaga si naud på Fjesboka og fekk tips om at det var ei hyttetomt til sals i Botnane. – Eg hadde inga aning om kvar Botnane var, men då eigaren sende meg bilete av ei vakker blomstereng omkransa av dei flotte steingardane falt eg pladask, og kjøpte tomta usett, fortel Storum.

Han kom til bygda fyrst eit halvår etterpå, i mai 2015, og då vart han endå meir begeistra for tomta og plassen. Hytta teikna han sjølv og kostnadsrekna ho til 1,2 mill. kroner. – Eg såg føre meg at hytta skulle gå inn i bakken og sjå ut som om ho hadde lege der alltid, med torvtak. Toppen av taket er i vater med steingarden bak. Men for å få det til måtte eg legge hytta nærmare vegen og her er ikkje store plassen mellom steingarden og fylkesvegen. Garasje med plass til både bil og båt skulle eg óg ha. Garasjen er romsleg, støypt og kledd med tre, seier Storum.

Det vart eit hektisk og krevjande halvår før hytta stod ferdig, dobbelt så dyr som han rekna med. For å hindre at steingarden bak hytta seig ut måtte det til ein solid steinmur i same lengda som hytta, og det vart betydeleg dyrare enn tilbodet frå maskinentrepenøren. Og fylkesvegen måtte kryssast for å få orden på kloakk og sjøleidning, og slikt kostar. – Eg såg veldig mørkt på det ei stund då, det må eg vedgå. Men eg hadde fått ei slik god mottaking av naboane her og fekk mykje praktisk hjelp og oppmuntring, så eg er glad for at eg ikkje gav opp.

Jølster bygg produserte og tilpassa alle elementa i hytta og dei kom med to mann og på berre to dagar var reisverket oppe. Storum var med på det og resten av arbeidet med hytta gjorde han sjølv. Hytta har eit bruksareal på 60 kvadratmeter, med inne- og uterom. Ho er 25 meter lang med garasjen og seks meter brei. Ein takterrasse bind saman hytta og garasjen. Storum syner stolt fram utsikta rett ut mot hovudskipsleia i Frøysjøen, uteplassar for alle sol- og vindretningar, utsiktstårn og badestramp med 38 varmegrader, sengeplass til ni og eigenmåla kunst på veggane. På taket står ein rusta gitarist, «Tommy Tito», som Storum har laga av ting han har funne i fjøra.

Nevenyttig og rastlaus type

«Hvorfor være normal når man er lykkelig som gal», er teksten på dørskiltet på hytta i Sletten. Svein Storum trur mange ser på han som ein litt «halvgalen» type, ein som driv på med noko støtt og stadig er på veg til noko nytt. – Dei som kjenner meg seier at dei ikkje skjønar at eg heng ihop. Men eg likar å arbeide og vere kreativ, seier han, og det er lett å tru han på det.

Det er emne for ei heil bok å skrive om alt Svein Storum har drive på med i livet. Alt då han gjekk siste året på  ungdomsskulen i Dale i 1965 merka han seg ut, for medan dei andre laga skjærefjøler ville han  lage ein båt i full storleik. Det fekk han, mot at faren betalte materialane og ungguten bygde på båten i storfriminutta. Båten hadde ein 20 hestars påhengs og gjekk med 4o knops fart.

– Eg var den fyrste som dreiv motebutikk for ungdom i Sogn og Fjordane, Chicago i Førde. Der dreiv eg også med musikkhandel, fortel han. Storum flytta frå Sunnfjord etter ei skilsmisse og har mellom anna drive med butikkverksemd, restaurering av gamle hus og bygardar i Kragerø og Oslo og i 10 år bygde han og dreiv luksushytter i Ål i Hallingdal. No er han pensjonist og bur i Horten og brukar mykje tid på musikk, og til å hjelpe i gang «ungdom som vil noko», som han seier.

Svein Storum er stolt over alt han har fått gjort. – Eg er nevenyttig, men har ikkje ræva full av pengar. Men eg har arbeidd og det har vore både opp- og nedturar. I dag målar ein suksess etter kor mykje pengar du har i banken, eller har arva. Det er få som har gjort så mykje forskjellig som meg. Eg har prøvd å vere mot andre slik eg vil dei skal vere mot meg. Om eg har lukkast er det andre som må vurdere. Men eg er oppteken av å vere ryddig og ha det ryddig.

To månader i året i Botnane

I fjor laga han ein video om hytta si og la ho ut for sal på nettet, men det vart ikkje noko av. – Det var ei spontan handling etter litt for mange dagar med regn, ler han. – Eg likar meg her i Botnane, både folka, det skiftande veret og råskapen i naturen. Folk her er veldig koselege. Eg er veldig begeistra for gamle nabo Johannes. Han likar å prate og fortel om mykje eg ikkje kan og veit, til dømes at inngangsdøra bør vere bak på husa her, på grunn av vinden. Når folk her i Sletten/Nordbotten skal av stad og handle ringjer dei meg og spør om det er noko eg treng. Kva andre plassar gjer folk det i dag? Eg likar å hjelpe folk med vedlikehald og anna, og her får eg hjelp attende, om eg treng det.

Men det er langt frå Horten til Botnane og lite med besøk av vener frå Austlandet, det er eit minus. Han innser at det kan bli for langt også for han når han vert eldre. I dag er han til saman to månader i året på hytta. Hit kan han ta med seg mor si, på 94 år, som framleis bur i Dale og likar å gå etter den flate vegen i Botnane. Svein Storum har ein son og to barnebarn, som bur i Holmestrand. Men sonen har teke over eit hyttetun i Ål i Hallingdal og treng ikkje fleire hus å halde styr på.

– Eg kjem nok til å selge hytta før eg er 75 år. Dette er ein perfekt stad for dei som kan seie «hei» til naboen og be han inn på kaffi. Folk som gidd å bry seg med folk rundt seg og kan nyte råskapen i naturen her, og ikkje må rotte seg saman i eit hyttefelt. Det beste er om dei har båt, men det er ikkje langt å køyre frå Florø eller Førde heller, seier han engasjert.

Etter at Svein Storum kjøpte hyttetomta i Sletten har han kjøpt meir grunn kring hytta, nær to mål, slik at det er plass til to hytter til. Sjølv kjem han ikkje til å sette opp meir hus, trur han, men ser for seg at om ein familie vil ha seg eit «hytteklynge» let det seg gjere her. Båtplass har han avtale om hjå ein av naboane, men når Storum ikkje er her står båten i garasjen. Han har ein ribb og ein robåt med motor, som han dreg til Kalvåg eller Florø med.

– Her må du handle for ei veke når du fyrst er av stad. Du lærer deg å planlegge og finne løysingar på slike stader som dette. Og bry deg og hjelpe til om det trengst. Det synst eg er fint med bygder som Botnane, seier Svein Storum, før han hastar av stad for å lakke eit golv han har lagt for ein nabo.

Intervju/foto: Magni Øvrebotten 1. august 2019.

Steingarden på oppsida av hytta

Hytta framanfrå.

Svein Storum på ein av mange sitteplassar, tilpassa ulike sol-og vindtilhøve.
I inngangen mellom hytta og garasjen har han mura sjølv med hjelp av naboar med traktor.
Sjølvmura peis, som er både ute og inne på ein finurleg måte.
Eit av måleria Svein Storum har måla sjølv.

Det måtte til ein solid mur på baksida av hytta.