Frå Årebrot til Solheimsdalen

Frå 19. august er Åshild, Amanuai og Kjetil Nesthus busette i Førde og ikkje i Flora. Dei flyttar frå einebustad på Årebrot til garden Instebøen i Solheimsdalen. Dei har sett seg om etter eit småbruk på kysten i årevis, men ikkje funne noko som var råd å kjøpe. Åshild gler seg til å byrje på ny skule og Kjetil til endeleg å få plass til alt han driv med. – Berre garasjen i Solheimsdalen er på 60 kvadrat, fortel han. Men Amanuai er meir usikker. Ho har budd ti år i Norge og likt seg godt på Årebrot. – Her kjenner eg alle. Ja, eg føler meg i slekt med Kari, Unni og Ingrid, ler ho, men understrekar at ho føler dei er velkomne i Solheimsdalen også.

Vossingen Kjetil Nesthus (62) har drøymt om småbruk lenge. Han er ein mangesyslar som samlar på mykje han treng uthus til, og det har vore fullt på tunet.  Det var synbert at Kjetil trong meir plass til gamle båtar. traktor, motorar, fjøler og anna han kunne få bruk for. Traktoren og båtane vert ikkje med til Førde, men det er likevel litt av ein jobb å flytte alt. Dei har flytta litt etter litt, men det er framleis mykje att. – Nei, vi er nok ikkje ferdige her til Åshild byrjar på Karstad skule i Solheimsdalen måndag. Der var det 12 elevar i fjor, så vi kjem vel opp i ein ny debatt om skulenedlegging, seier Kjetil, og tenkjer på at Årebrot skule vart lagt ned i 2011. Åshild har reist til Florø på skule. I Solheimsdalen bur ho for nær skulen til å ha rett på skyss. Der kan ho sykle eller gå, men faren reknar med at det vert ein del køyring. Garden deira ligg inst i Solheimsdalen, 4,5 km frå fylkesvegen til Askvoll.

Åshild (9) gler seg til å byrje på ny skule. Ho har vore der på besøk og kjende seg velkomen. Men mest gler ho seg til å kunne springe rett over vegen til ei nokolunde jamaldra jente, for på Årebrot er det langt mellom dei. Kjetil reknar med å pensjonere seg og ha nok å gjere på garden. Der er det bustadhus, driftsbygning, garasje og verkstad, og ei hytte på fjellet, å halde i orden. Han reknar ikkje med å bli gjerandslaus. Dei 15 åra på Årebrot har han arbeidd hjå Bauge Trevare i Florø, på torskeoppdrettet som var i Nærøysundet og ti år på båtverkstaden i Seljestokken. – Der har eg lært mykje, seier han.

Amanuai (49) er både kokke og står for vask av kle og brakker for dei som arbeider på steinbrotet i Seljestokken. Sist vinter stod ho også for maten til Mesta og Veidekke sine folk, som bygde bruer i Botnane. Thaimaten hennar er populær og i fjor kjøpte ho seg salsvogn og skipa selskapet «Amanuais thaimat». No er vona at ho skal få løyve til å drive sal av thaimat frå vogna, på ein fast plass i Førde. Syster hennar bur på Stadtlandet og sel thaimat frå ei vogn på tunet sitt. Ho legg ut på Facebook når ho har ope og kva mat ho har til sals, og så kjem folk dit og handlar. Men til det opplegget vert Årebrot for avsides, vedgår Amanuai.

Fritt og ope på Årebrot

– Men eg har likt meg så godt her på Årebrot. Her er så stilt og fredeleg. Veninnene mine seier at her er for stille, med det er perfekt for meg, seier Amanuai. Ho kjem frå innlandet i Thailand, men set pris på å sjå ope og fritt utover sjøen på Årebrot. – Eg kan gå eller sykle ned på kaia og fiske meg mat når eg vil, slepp å kjøpe fisk. Eg kan plukke sopp og bær, fryse ned og ha til god mat heile året. Og eg kjenner folk. Når eg møter Kari, Unni og Ingrid er det som å møte slekta mi. Det er så kjekt. Men huset og plassen rundt det er liten. Vi har lite plass til besøk, så eg ser fram til å få meir plass. Men eg er ikkje noko bymenneske, seier ho med ettertrykk. – Nei, Amanuai blir «hovudgalen» når det blir for mykje støy, legg Kjetil til.

– Kva forhold har du til Årebrot, Kjetil?

– Det er ein bra plass å bu på, stilt og fredeleg. Eg har vore her i 15 år og fekk meg endeleg båtplass i fjor, med den grunneigaren som har absolutt minst strandlinje, fortel han. Grunneigaren er Fridtjov Urdal, som skryter av all den praktiske hjelpa han har fått av Kjetil. I bygder som Botnane og  Årebot, der det bur 50-60 menneske til saman, er det alltid litt vedmodig når folk flyttar. Bygdefolket tykkjer det er trist at familien Nesthus skal fare herifrå.

– Det er no eit godt teikn at folk tykkjer det. Her er det ikkje større forhold enn at alle kjenner alle, stort sett, og det merkast når folk flyttar til eller frå. Vi har vore med på det som skjer og då blir du kjend med folk. Vi tykkjer det er viktig å stille opp når grendalaget arrangerer noko, så vi kjem nok til å kome ut på ein del søndagskafear, seier Kjetil Nesthus, som sjølv har vore aktivt med i styret for Botnane og Årebrot grendalag i fleire år. – Ja, du veit vi må ut på nokon søndagskafear og møte att folk, understrekar Amanuai.

Dei reknar med å selge huset som vart bygt som lærarbustad på Årebrot tidleg på 1980-talet. Det ligg høgt og fritt på ei høgde rett sør for grendahuset på Årebrot, med naturtomt rundt. Kjetil skal bruke helgane til å stelle på huset før sal og Amanuai kjem til å vere på Årebrot ei tid framover på grunn av jobben på steinbrotet. Så enno ei stund er det råd for folk i området å tinge seg take-away-mat frå Amanuais thaimat på Årebrot.

Tekst og foto: Magni Øvrebotten, 5. august 2019.