,

Mykje dyr og feil avskyting

I Botnane er det vel 80 fellingsløyve på hjort i år. Det er andre året med dobbelt så mange fellingsløyve som før om åra, for å få ned hjortebestanden og såleis få fram ein sterkare hjortestamme.  – Vi må nok leve med fylgjene av for mykje dyr og feil avskyting i minst 10 år framover, seier Torbjørn Øvrebotten, ein av dei røynde hjortejegarane i bygda, med mange fellingsløyve.

I fjor vart det skote 74 dyr i hjortejakta i Botnane, og no som då skal dei skyte mest kalvar og ungdyr. Det er stikk i strid med det som er sett på som gjævt når du går på jakt. – Ja, eg hugsar godt at vi skaut mest berre bukkar. Det var det som talde då eg byrja å gå på jakt for vel 40 år sidan, seier Torbjørn Øvrebotten.

Problemet i Botnane er at det er for mykje dyr i forhold til vinterbeite og for få haremsbukkar, det vil seie store og dominerande bukkar som er 10-12 år gamle. Kollene kjem seint i brunst når det manglar haremsbukkar, og då vert det sein kalving og små dyr. Ei kolle må vere om lag 40 kg for å ta kalv og normalt skal dei ha nådd den vekta når dei er 1,5 år gamle. Men no er dei jamt over for små til det. Gjennomsnittsalderen på hjortebestanden her er 5-6 år, og unge koller får små kalvar. Koller må vere 8-13 år gamle for å få store kalvar, men så gamle koller er det få av her i området.

– Og bukkane held seg i Sørgulen?

– Vår, sommar og tidleg haust er det mest bukkar i Sørgulen, medan det er mest koller, kalvar og ungdyr i Botnane. Det kjem seg kanskje mest av naturgjevne forhold. Bukkane held i lag i flokkar til dei kjem i brunst rundt 15.-20. september. Då søkjer dei til område med mykje koller for å lage sitt harem og vi høyrer dei brøle. Vi må la vere å skyte store bukkar elles kjem vi ingen veg med å bygge opp att ein sterkt og variert hjortestamme. Når dei er blitt returbukkar (eldre enn 12-13 år) kan dei fellast.

Grunneigarane må ha kontroll

– Forsking og fagfolk seier at de må skyte mest kalv for å få opp ein sterk hjortestamme. Men det er vel framleis ikkje sett på som særleg gjævt?

– Nei, det er stikk i strid med det som har vore tradisjon og status, og det er vanskeleg å snu haldninga om at det er sværast å skyte bukkar og telje greiner på horna. Difor er eg skeptisk til å leige vekk hjortejakta til ukjende, utan å vere med sjølv eller setje sterke føringar på og kontroll med kva dyr som blir felt. Som grunneigarar må vi ha kontroll på kva som vert skote og dei som ikkje rettar seg etter retningslinjene må vi vise vekk.

Kontrollen med kor mange og kor gamle dyr som vert skotne føregår med at jegarane skal levere inn kjevane på dei dyra dei skyt, til den kommunale viltforvaltinga. Kjevane på vaksne dyr (1,5 år og oppover) blir sende vidare til Miljødirektoratet i Trondheim. – Vi sender òg inn hjerneprøver og lymfekjertlar på alle dyr som er to år eller eldre for å kartlegg skrantesjuke. Det er Mattilsynet og Veterinærinstituttet som har ansvar for dei analysane, seier Torbjørn Øvrebotten.

Kjensler med å skyte kalv         

– Kvifor må ikkje alle jaktfelta skyte mest kalv?

– Nei, alle blir ikkje tildelt like mykje kalv. Fylket er inndelt i bestandsområde. Vi ligg under det same som Flora, men viltforvaltaren i Bremanger har gjeve ekstra fellingsløyve til Botnane, på grunn av store beiteskader og mykje hjorteskit på innmark. Sidan Øvrebotten jaktfelt har dei fleste løyva har vi valt å ta ut ekstraløyva som kalvar og ungdyr. Vi gjev frå oss 10 løyve til Sletten og Nordbotten  på vilkår av at det blir skote kalvar og ungdyr. Eg lever etter den regelen om at dersom eg skyt det minste eg ser så gjer eg ikkje noko gale forvaltningsmessig.

– Men det kan vel òg ha ei kjenslemessig side å vegre seg mot å skyte kalv?

– Ja, det kan det absolutt ha. Vi skyt kalven frå mora. Det er som å ta lamma frå sauene om hausten, så det kan ha sine fordelar å ha drive med husdyr og slakting.

– Korleis reagerer kollene?

– Dei er som regel i nærleiken og blir gåande og leite etter kalven. Eg skaut ein gong to kalvar og ei kolle på Legene. På den tida prøvde vi å skyte kolla også i slike tilfelle. Neste dag gjekk eg attende til same staden og då gjekk mora til den andre kalven og leita. Ho  kom heilt fram til meg før eg skaut ho. Nyleg hadde vi skote ein kalv på bøen og neste morgon såg eg ei kolle forlate bøen saman med andre dyr for så å kome tilbake der kalven vart skoten dagen før. Eg er sikker på at ho leita etter kalven sin. Det gjer sjølvsagt inntrykk, men vil vi drive jakt har vi også eit ansvar for å drive ei forsvarleg forvalting av hjortestammen.

Torbjørn Øvrebotten (61) fortel at då han byrja å gå på jakt for vel 40 år sidan vog ein 1,5 år gamal stilk i snitt 45 kilo, i dag veg han sjeldan meir enn 30-35 kilo. Det same gjeld ungkoller og kalvar. No er kollen nede i den snittvekta stilkane hadde før, medan kollene då vog 55-60 kilo.

– Dette er fylgjene av for mange dyr i høve til beitegrunnlaget og feil avskyting gjennom mange år. Det vil sikkert ta minst 10 år å rette det opp att og få ein sterk hjortestamme. Det krev òg at alle tek eit sams ansvar for å lukkast. Problemet gjeld store deler av Vestlandet, særleg på kysten, seier Torbjørn Øvrebotten.

Ungdomen tek med traktoren eit stykke, i tilfelle fangst.

 

NB: For dei som ikkje veit det er Torbjørn Øvrebotten bror min. Han er ein røynd hjortejeger og det var enklast å intervjue han når eg ville skrive litt om hjortejakta for oss som ikkje har greie på jakt. Til dømes om kvifor hjortejegarane no må skyte mest kalv og kva som er stoda for hjortebestanden i området.

Tekst og foto: Magni Øvrebotten. 28. september 2019.