,

– Ungane har det fritt og godt i Botnane

Dei to familiane samla i Myrane. Frå venstre: Jørn Bye med Odin på fanget og Trude Sørbotten med dottera Solveig. Jens Anders Sunde Midtbø med sonen Marcus André og Linn-Kristin Sørbotten med dottera June Marie på fanget.

29-åringane Linn-Kristin Sørbotten og Trude Sørbotten har flytta attende til heimbygda Botnane og busett seg der med sambuarar og to barn kvar. Dei gler seg over å sjå kor fritt og godt ungane har det. – Dei er veldig mykje ute kring husa, leikar seg i fjøra og i vatnet. Her har vi oversikt og kan la dei springe ute på eiga hand, slik vi gjorde som ungar, seier Trude Sørbotten, som flytta hit i sommar. – Kvardagen her er det ungane har som uteaktivitetar i barnehagen, men her styrer dei leiken sjølve og finn alltid på noko. Dei sit lite stille, seier Jens Anders Midtbø Sunde.

Linn-Kristin Sørbotten og Jens Anders Sunde Midtbø (39) har snart budd her i fire år, og dei har borna June Marie (4) og Marcus André på 3 år. Linn-Kristin vaks opp i Botnane og flytta til Florø siste året på ungdomsskulen.

– Då skulle eg slett ikkje tilbake til Botnane. Eg gjekk på skule i Førde og flytta derifrå til Sørlandet, der syster mi bur. Eg skulle berre attende til Førde for å gå sjukepleien, og så fare attende til Sørlandet. Men så møtte eg Jens Anders og han ville slett ikkje til Sørlandet. Han ville ikkje bu i by heller, så då vart det Botnane, fortel Linn Kristin. No kan ho ikkje tenkje seg noko anna, men det var litt tungt i starten. Ho sakna vener og enkel tilgang på det ho trong, men har kome til at det handlar mest om innstilling, planlegging og kva du tykkjer er viktig.

– Ja, for meg var alternativa anten Botnane med Linn-Kristin eller til Askrova åleine, ler Jens Anders. Han har vakse opp i Norddalsfjorden og på Askrova. – Eg har vore bygdamann heile livet, så for meg var det som forventa å bu i Botnane. Det er stilt og fredeleg her, og kjekke folk. Eg har kjent John Magne (Sande) frå vi var ungdomar, og det er kjekt at han og familien også bur her. Medrekna dei er vi tre småbarnsfamiliar her no, med til saman sju ungar. Det er viktig at vi er fleire i same livsfasen, dei som har større ungar er litt eldre enn oss, seier Jens Anders.

Viktig at det var hus å få kjøpt

Det er ikkje ofte det er hus til sals i Botnane, men begge familiane var heldige med at det var det. – Det var avgjerande at vi fekk kjøpt oss hus og kunne flytte rett inn i det. Det var bror til Linn-Kristin som visste at dette var til sals, eller rettare sagt, at han som eigde det kunne tenke seg å selge, fortel Jens Anders. Han og Linn-Kristin bur i eit lite bustadfelt på fire hus som vart sett opp då det kom steinbrot i Seljestokken. Myrane heiter det der. I to av husa er det fastbuande, eit er hytte og det fjerde vert leid ut. I tillegg er det ei byggeklar tomt på 1,5 mål til sals, ved sida av dei, med fri utsikt til Frøysjøen.

Trude Sørbotten kjøpte huset til far sin, då han flytta til Florø. – Det tok si tid å få seldt leilegheita i Florø, men i sommar flytta ho og borna Solveig 6 år og Odin 5 år, og sambuaren Jørn Bye (34), til Botnane. Bye kjem frå Kyrkjebø og er heller ikkje van med store forhold. – Det handlar mest om innstilling same kvar ein bur, meiner han.

God mottaking i bygda

I Botnane og på Årebrot vart folk glade for at det kom unge folk til bygda. Dei kjende seg velkomne. Men begge dei unge kvinnene har undra seg over kor negative mange utanforståande var når dei fortalde at dei skulle flytte «på bygda».

– Mange svartmåla det å bu på bygda, både for meg og ungane, og var sikre på at vi kom til å angre.  Det er kanskje ikkje rart det bur lite folk i bygdene når det vert snakka så negativt om korleis det er å bu der? spør Trude Sørbotten.  Linn-Kristin Sørbotten opplevde litt av det same og synst det er rart kor negative folk ofte blir når du flyttar mot straumen. Bygdene bør bli snakka meir opp, meiner Linn-Kristin Sørbotten. Ho og sambuaren skaffa seg hybel i Florø fordi dei trudde dei kom til å trenge det for å få turnusar og båtruter til å gå opp, men den har dei kvitta seg med. – Når vi har besøk av barnefamiliar seier mange at dei gjerne skulle ha budd slik som vi gjer, men det vert som regelen med tanken, seier Linn Kristin.

Trude tykkjer det går veldig greitt å bu i Botnane. Ho og ungane set seg på bussen kl. 06.05 for å reise med fyrste båten frå Villevika til Florø. – Det er avslappande å ta fyrste kaffikoppen på bussen om morgonen, og når ungane er vel på plass i barnehagen og SFO i Florø køyrer eg til jobben min i Eikefjorden, seier Trude. Ho er plastarbeidar og byggjer båtar for Brødrene Aa. Med arbeid på dagtid rekk ho og ungane arbeidsruta attende til Årebrot og dei er heime att halv fem. For tida er sambuaren heime og det er godt å kunne gå rett til middagsbordet.

Hjå Linn-Kristin og Jens Anders arbeider begge i turnus-yrke. Ho er vikar på omsorgssenteret Furuhaugane i Florø. Han har arbeidd i oppdrettsnæringa, men skal byrje i Fjord 1. – Vi gjer det slik at eg tek nattevaktene når han har friperiodar og så går eg dagvakter når han er ute på jobb, fortel Linn-Kristin. Dei har ungane med seg på bussen/båten til og frå Florø.

– Men to besteforeldre i gåavstand frå heime kan kome vel med?

– Ja, mamma og pappa er alltid flinke til å hjelpe oss, men vi kan ikkje basere oss på at dei skal innrette seg etter turnusane våre. Vi vil helst klare det sjølve. Foreldra mine er nyleg blitt pensjonistar og ungane likar seg veldig godt hjå dei. Det er kjekt å vekse opp med besteforeldre så nær, seier Linn-Kristin Sørbotten.

Skulle gjerne hatt barnehage

– Det er dumt at Botnane ikkje har barnehage, for det hadde unekteleg gjort det lettare for  oss. Men samstundes er det ofte slik i storbyane også at det er eit styr å få levert ungane i barnehagen og på SFO, og nå arbeid. Men der har foreldra ofte 1,5 time i kø både til og frå arbeid. Eg har fleire kameratar som leve slik, men det vert det snakka lite om når livet i byn vert framheva som best. Nei, takke meg til dette, seier Jens Anders Sunde Midtbø.

Fylkesveg 577 (Frøysjøvegen) gjennom bygda går rett forbi husa deira, og foreldra skulle gjerne sette at fartsgrensa vart sett ned. Dei kan ikkje skjøne kvifor grendalaget har fått avslag på søknaden til Vegvesenet om å få 60 km/t som fartsgrense gjennom Botnane, der vegen går gjennom mange tun. Jamt over synst dei folk tek omsyn, men det er mykje tungtrafikk og store bilar, som ikkje er tilpassa vegen. Like eins kan dei tenkje seg litt veglys langs vegen, som gjer det enklare både å sjå og bli sett i mørkna, både for liten og stor. No er det stummande mørkt å ferdast ute om kvelden.

Ungane opptekne av hjorten

Det er midt i hjortejakta eg er i Myrane for intervju. Jens Anders har vore med på jakt frå han var liten gutunge, og er no med på jaktlaget som jaktar mellom Sørbotten og Husefest.

– Folk betalar titusenvis av kroner for jaktrettar som vi får gratis opp i hendene her berre vi vil vere med grunneigarane på jakt, seier han. Ungane er òg opptekne av jakta og hjorten som brøler kring husa deira, så utsiktene til å få dei med etter kvart er gode.

– Kva må til for å få fleire til å busette seg i Botnane og på Årebrot?

– Hus å leige eller kjøpe er viktig. Det var positivt å sjå at Bremanger kommune vil gje 200.000 kr. til folk som vil bygge seg hus i kommunen, og her er altså ei byggeklar tomt til sals attmed oss her. Ho er ikkje vår, så vi reklamerer for å få fleire naboar. Om den nye rutebåten Florø/ Måløy får stjernestopp på Villevika kan folk reise til Florø til doktar og tannlege utan å måtte gå der heile dagen. Det er slike praktiske tiltak kommunane må tenkje meir på for å få folk til å bu i bygdene, meiner Jens Anders Sunde Midtbø.

Men å bu på bygda er ikkje for kven som helst, trur dei. Dei som skal flytte dit må trivast på bygda og sjå verdiane i å bu her. Sjølve tenkjer dei at dei må vere meir med på dei aktivitetane som er og kanskje få i gang nye. Dei ynskjer meir framsnakking av verdiane med bygda og ikkje berre framheving av det som er tungvindt.

– Det er langt frå så vanskeleg som «alle» fortalde meg at det ville bli. Det handlar mykje om kva innstilling du har sjølv. Det du vil får du som regel til, men eg skjønar ikkje kvifor så mange snakkar ned bygdene. Der må folk skjerpe seg, seier Trude Sørbotten og får samtykkande nikk frå dei andre.

Trude Sørbotten og Linn-Kristin Sørbotten er syskenbarn og naboar.

 

 

Intervju og foto: Magni Øvrebotten. Botnane 28.09.19.