Frå Litauen til Årebrot og Botnane

Det byrja med at ein kamerat ringde Mindaugas Tamosiunas og spurde om han ville arbeide i Norge? Mindaugas drog på det, men bestemte seg for på prøve, for det var krisetider i Litauen. Han kom til Norge i 2010, men kona Jurate Tamosiuniene og dei to små borna, Simona og Justas, var att i heimlandet.

Mindaugas Tamosiunas fekk seg arbeid hjå Norwegian Sandstone Export (NCE), det vil seie på steinbrotet i Seljestokken. Han arbeidde mykje og pendla mellom Norge og familien i Litauen. – Men eg treivst ikkje med å ha familien min så langt vekke. Vi diskuterte om dei skulle kome etter og vart samde om å prøve. Her i Norge er det slik at jobbar du hardt så har du jobb, hus, ja, alt, i Litauen er det verre, seier Mindaugas (45) og overlet ordet til kona.

Jurate (38) hugsar godt dagen, 1. august 2014, då ho og Simona og Justas kom til Årebrot, borna var elleve og ni år gamle. Familien hadde fått leige eit eldre hus hjå Marit og Ronny Brandsøy, og alt var nytt og ukjent. – Marit og Ronny hjelpte oss inn i samfunnet her. Dei har hjelpt oss veldig mykje. Ja, det er framleis slik at står vi fast så ringjer vi dei, seier Jurate.

Når foreldra vert usikre på kva som er det norske ordet for det dei vil seie hjelper dottera Simona (16) til. Det var ein stor overgang for henne og broren å kome frå Litauen til Årebrot, og byrje i innføringsklassen på Torvmyrane skule i Florø. – Det var skummelt i starten, men vi lærde masse og det gjekk bra. No er det fint, seier Simona, som hadde lært litt engelsk på skulen før ho kom til Norge. – Det hadde ikkje eg, så i starten hadde eg ikkje eit språk eg kunne bruke her. Det var vanskeleg, men det er betre no, seier Justas stille.

Hus og fast jobb

Jurate arbeidde som sekretær heime i Litauen og hadde ingen jobb å gå til i Norge. Det var spesielt å vere utan både jobb og språk. Ho byrja med å vere med på vaksinering av fisk på Firda settefisk i Botnane og fekk seg jobb på Svelgen omsorgssenter i januar 2018. Men så vart det lyst ut ein fast jobb ved settefiskanlegget, i gåavstand frå heimen deira. – Eg søkte og fekk jobben, og byrja i fjor haust. Det er mykje nytt å lære, men eg likar meg godt. Sjølvsagt kjedelege dagar innimellom der også, men det er det vel i alle jobbar? ler Jurate.

2018 vart året då det også laga seg med eige hus. Dei hadde leigd fleire hus både på Årebrot og i Botnane, og vore på jakt etter eit dei kunne kjøpe. Det lukkast i fjor vår. Huset ligg i det som lokalt heiter Trollhaugane (uttalt Trollhågane) i Botnane, langs fylkesvegen i Søre stranda. Huset ligg for seg sjølv inne i granskogen.

– Vi budde i skogen i Litauen også. Eg likar slike plassar som dette. Likar at det ikkje er tett med hus rundt oss. Det er meir privatliv å bu her, seier Mindaugas. Dessutan tek trea av for vinden. Han og Jurate vaks opp i Anyksciai, ein by om lag like stor som Florø. – Når du bur så roleg og fredeleg som vi gjer her er det stas å ta seg turar til Florø eller Førde på laurdagane, slår Jurate fast og får samtykkande nikk frå ungdomane i huset.

– Er det kjedeleg å bu i Botnane, spør eg dei to yngste? Det dreg litt på svaret, men det gjev seg i grunnen sjølv all den tid det er få eller ingen jamnaldringar. Medan dei budde på Årebrot var det enklare å ta båten til og frå Florø for å besøke, eller få besøk, av vener. I Botnane må dei ha skyss til båten for å få det til. – Dei blir kanskje litt mykje heime med mamma og pappa, seier Jurate.

Stor skilnad på skulesystemet

Ungdomane reiser til Florø kvar dag for å gå på skule, Simona på Flora vidaregåande og Justas på ungdomsskulen. Bussen stoppar i vegen rett nedanfor huset deira om morgonen og køyrer dei til båten på Villevika. Så lenge som dei gjekk på Torvmyrane skule var det buss eller drosje til og frå kaia til Krokane, men no må dei gå frå Fugleskjærskaia til skulane sine.

– Det er stor skilnad på skulen her og i Litauen. Der er opplegget meir likt for alle, mykje teori og masse pugging. Her er det val av linjer og meir praksis. I Litauen er opplegget det same for alle. Du veit kva du skal ha eksamen i, for alle skal opp i alt, fortel Simona. Ho har lyst til å bli lege, medan Justas ikkje har tenkt på noko spesielt yrket enno. Han drøymer om på bli basketballspelar. Det er ein stor idrett i Litauen, men ikkje her, har han merka seg.

Sidan dei kjøpte seg hus har fritida gått mykje med til å pusse opp det og lage til større uteplass kring huset. Mindaugas er veldig nøyen, det skal vere på millimeteren rett, elles så ser han berre den feilen, fortel Jurate. Det kjem vel med å kunne gjere arbeidet sjølve, for det kostar å renovere eit stort hus.

– Men når vi har stort hus trur folk heime i Litauen at vi må ha mykje pengar, seier Mindaugas og rister på hovudet. Så det er best å ikkje snakke så mykje om det. – Det held ikkje å forklare at det er vanleg i Norge å eige sitt eige hus, og at det går an å få lån til slikt når du har jobb. Det er ei slags misunning, sjølv om det går betre i Litauen no enn då vi reiste, forklarer Jurate og Mindaugas. Dei er flinke til å hjelpe kvarandre til å sette norske ord på det dei vil ha fram. Men dei føler framleis at språket er litt til hinder for å ta kontakt med folk. Dei er redde for å ikkje forstå og blir misforstått, men føler det kjem seg etter kvart som dei vert kjende med folk.  – Vi er kanskje litt vel forsikte av oss, seier Jurate.

Etternamnet deira ser ulikt ut fordi skrivemåten i Litauen skil på gifte og ugifte kvinner. Far og son heiter Tamosiunas, mor Tamosiuniene og dotter Tamosiunaite, men det er same familienamnet. Førenamnet Mindaugas vert uttalt Mindogas.

Vêret er det verste

Alle fire vert raskt samde om at vêret er det verste å venje seg til. Ungdomen tykkjer minst om regnet, særleg etter at dei må gå frå Fugleskjerskaia til skulane sine i Florø. Då vert dei ofte våte. Jurate føretrekkjer regnet framfor vinden. – Eg likar det dårleg når det bles mykje. Det knikar så forferdeleg i desse trehusa, i Litauen har vi mest murhus, forklarar ho. Verst er det når Mindaugas er vekke på arbeid i lengre periodar, for no arbeider han for eit mobilt knuseverk. – Men det har vorte betydeleg mindre knirking i huset her etter at vi stiva av reisverket med skråstivarar, for å kjenne oss tryggare, seier Mindaugas. – Vinden gjorde at eg sa at eg aldri skulle flytte til Botnane. Det er stillare på Årebrot, men så var det i Botnane det bydde seg både hus og jobb, og no er vi her, ler Jurate.

I Litauen er det jamt over kaldare om vinteren, når det er minus 20 der slepp ungane å gå på skulen. Når det er minus 10 i Botnane er det surt, det tilsvarar om lag minus 17 i Litauen. – Vi har lært oss at etter snø kjem regn, seier Simona. – Ja, eg kan stå opp grytidleg og det er kvitt og fint ute, men i løpet av to timar er det vekk. Det er noko fasinerande med det óg. Men slike dagar som i dag er det fint, sol, stilt og litt kjøleg i lufta, seier Mindaugas og ser ut.

– Blir de verande?

– No tenkjer vi at vi skal bli verande, ja, seier Jurate. – Borna har fått seg vener og kome inn i dagleglivet her. Men ein skal aldri seie aldri. Det spørst korleis det blir når borna er reiste vekk og vi to sit her i det store huset åleine? – Det hadde vore vanskeleg å dra tilbake til Litauen no, slår 16 år gamle Simona fast.

Dei har god kontakt med slekta og heimlandet. I fjor var syster til Jurate hjå dei i jula, saman med familien sin, og mor og far hennar var der då dei flytta inn i det nykjøpte huset. Når dei får huset slik dei vil ha det håpar dei på meir tid til hobbyane sine og til å bruke naturen i området. Begge er flinke handverkarar og likar å arbeide med tre. Mindaugas hadde ein bestefar som var møbelsnikkar og ber på ein draum om å ta opp tradisjonen etter han og restaurere gamle møblar, og kanskje lage nye?

 Magni Øvrebotten. 2. november 2019.

Familien er glade i å bruke naturen og gå på tur. Foto: Privat