,

Likar livsstilen og naturen

Heile flokken samla. Kjersti Straume med August på armen og John Magne med Ine. Framme storesyster June. Foto: Lisa Giil Photography.

– Vi trivst i Botnane, elles hadde vi ikkje vore her. Det er fordelar og ulemper med alle plassar. Skal vi besøke vener må vi planlegge det. Men vi trur ikkje vi hadde vore med på så mykje meir om vi budde i Florø. Vi likar livsstilen og naturen her, samstemmer Kjersti Straume (36) og John Magne Sande (36). Ho er tilflyttar i Botnane og han kjem frå garden dei har bygt hus på. Saman har dei borna August (snart 3.mnd) og Ine (1 år og 7. mnd.), og dotter hans June (9 år), som bur med dei annankvar veke.

Dei er midt i barseltida med August og seier at kvar dag har sin sjarm, med både kos og kaos. Det er mykje armar og bein. Men dei føler seg heldige. Ine tykkjer det er stas med baby og storesyster June at det er kjekt med småsysken. – Det gjeld berre å ha omsorg nok for alle, og no er eg glad for at John Magne er heime heile tida når han er heime, seier Kjersti Staume. John Magne Sande arbeider i Nordsjøen og er ute på jobb i to veker og fire veker heime. Sjølv har Kjersti permisjon frå jobben som sjukepleiar på Svelgen bu- og omsorgsenter.

Visst kan det stundom vere eit kav å vere åleine heime med to små ungar. Men ho har vore heldig med svigerfar Audun, gardbrukar og bussjåfør. – Det er veldig greitt å sleppe å lage middag av og til. Anten går vi opp til han og et, eller så kjem han ned hit med heimelaga, nysteikte fiskekaker. Og Ine likar å vere med opp til Besten og lage vaflar. Vesle August har fått namn etter oldefar sin, August Sande, farfar til John Magne.

Bremanger pepra med vindmøller

Intervjuet vert gjort den dagen Firdaposten har oppslag om at NVE har peika ut Frøyagrunnane som eigna for vindmøller. Det vil vere rett i synet frå huset deira i Sletten, der utsikta er hovudskipsleia, Frøysjøen, Hovden, Kalvåg og Bremangerlandet.

– Då får vi 500 vindmøller «kring huset her» med Guleslettene, Bremangerlandet, Marafjellet og Frøyagrunnane. Det er ikkje måte på kor Bremanger kommune skal peprast med vindmøller, seier John Magne Sande. Dei skal ikkje køyre mange hundre metrane nordover før dei får vindmøllene på Marafjellet rett i fleisen, eller sørover for å sjå lysa i himmelsjå frå gravemaskinene på Guleslettene.

John Magne fekk sjokk då han gjekk opp på fjellet, der Guleslettene vindpark er under bygging. – Det ser ikkje ut der oppe. Der sprengjer dei i veg, og same kva dei seier og gjer, så vil dei aldri kunne få naturen attende slik han var. Det er tøv å seie slikt. Der oppe ser det ut til at alt går an, men vil vi her nede i bygda bygge oss eit naust så er det alle slags restriksjonar. Hadde det no endå vore den norske stat som bygde ut, for felleskapet, så var det no endå så. Men no er det nokon tyskarar som bli rike på naturen vår, seier John Magne engasjert. Han stod på Bremanger Venstre si liste ved siste kommuneval.

– Nei, kjem det vindmøller på Frøyagrunnane, midt i fjeset der sola går ned, då vert vi radveringar, slær han fast. Det er mest så Kjersti kvepp til. – Ja, då hadde Besta blitt glad, ler ho. 

Ute senkar den blå timen seg over Frøysjøen og landskapet, og inne går det mot leggetid for dei to minste.  John Magne med August og Ine.

Frå Bergen til Botnane

Kjersti Straume kjem nemleg frå Radøy, frå ei bygd som heiter Sletta, med omlag 400 innbyggjarar og ein skule med 50 elevar. Men der har ho ikkje budd sidan ho var purung. Ho flytta frå Bergen til Botnane, og det var ein stor overgang.

– Det er omgangskrinsen eg saknar mest. Det tek tid å få seg ein ny, serleg kombinert med ammetåke. Men eg trur dei fleste sitt liv endrar seg når vi får born. Det vert meir eit A4-familieliv, der folk seier hei til kvarandre på butikken og hastar heim. Vi handlar ein dag i veka og skal vi besøke nokon må det planleggast, men det går heilt greitt å gjere det. Det eg brukte mest i Bergen var Ulriken og fjell har vi her i Botnane også, seier Kjersti.

– Har de fått negative reaksjonar på at det flytta hit?

– Ja, du veit, borti Florø meiner dei at du har flytta til huta-heiti berre du har passert brua på Brandsøya. Du skal helst bu midt i byn, seier John Magne, som har mykje av omgangskrinsen sin i Florø. – Eigentleg trur eg mange drøymer om å bu slik som oss, men dei får ikkje gjort noko med det. Dei trur dei treng tilbod dei likevel ikkje brukar, trur ting er vanskelegare enn dei er og har ikkje tilgang på eigna hus, seier han.

– På Radøy er det vanleg å bu på bygda og pendle til Bergen på arbeid, slik har det vore i generasjonar. Når eg skulle flytte opp hit så var fokuset at eg reiste ut av fylket, så langt vekk, ikkje nødvendigvis at det var til ei så lita bygd, seier Kjersti.

Livet på Ponderosaen

Ho har oppdaga at ein stor fordel med å bu i Botnane er at når folk kjem på besøk så blir dei nokre dagar. – Det er ikkje berre slike «hei og ha det»-besøk. Vi får tid til å snakke skikkeleg med kvarandre, ha litt djupare samtalar. Det er meir ro over både besøket og samtalen. Vi kan bruke naturen, fiske på sjøen og gå turar i fjell, skog og fjøre. Ja, verkeleg ha tid i lag.

Dei har god plass i eit hus med alt på ei flate. Ole Petter Sande, bror til John Magne, byrja kalle huset og garden i Sletten for Ponderosa-garden, etter ein fjernsynsserie om ein familien på ein gard i Nevada.– Så no seier «alle» at dei skal til Ponderosaen. Syster mi seier at det er som å dra til eit ferieparadis å fare hit. Her er det fritt for alle påtrengande stimuli.

– Då står de ved grytene og hine slappar av?

– Nei, då tingar vi take-away-mat hjå Amanuai Nesthus på Årebrot. Dei herlegaste rettar levert på døra. Det er så artig å sjå kor store gjestene blir i augo då. Tenkt take-away-mat frå nabobygda! Eg er så glad for at vi har Amanuai, seier Kjersti.

Borna i Botnane går på skule i Florø. John Magne meiner det er ein fordel at dei går på ein større skule. Men det vert ein del køyring når eldste dottera bur i Botnane og skal vere med på ulike aktivitetar i Florø, og i tillegg rekke over alle fødselsdagsselskapa i klassen. Det er nok berre ein forsmak på korleis det blir når både Ine og August vert skuleungar.

 

Fordelen med ein mann som arbeider i Nordsjøen er at han er heime når han er heime, seier Kjersti Straume. Og skryter av god hjelp frå svigerfar Audun når ho er åleine med ungane.

Kysten er forsømd

Dei må tenkje seg om når eg masar om det er noko dei saknar. Omgangskrinsen er det naturleg svaret, men elles kjem dei ikkje lett på noko.

– Jau, eg kan godt tenkje meg fleire ungar i bygda og at vi vert litt fleire til å syte for det. Her er god plass. Dessutan saknar eg at båten frå Villevika til Florø går litt oftare. Det er så godt å bruke båten og sleppe å køyre over Magnhildskaret, seier Kjersti. Ho likar å ta «bosruta» til Florø. Kvar onsdag vert det henta bos med båt på Årebrot kl.10.25. Då får ho både ein roleg start på dagen med ungane og høveleg tid til handel i Florø, og vel sjølv om ho tek rutebåten attende halv tre eller halv fire.

John Magne er framleis frustrert over at det ikkje lukkast å få lagt Kystvegen på kysten av Sogn og Fjordane, med bru over Terøya i Flora. Då kunne det blitt rift om tomter både på Årebrot og i Botnane, og vidare langs vegen.

– Men her i Sogn og Fjordane legg dei Kystvegen i kommunar og område utan kystlinje. Dei som har styrt med Leikanger-brillene på har brydd seg fint lite om utviklinga på kysten. Difor har mykje stagnert i dette fylket, medan kysten er motoren i nabofylka våre. For kysten kan det ikkje bli verre enn det har vore, difor vel eg å ha trua på Vestland fylke, seier John Magne Sande.

Tekst og foto: Magni Øvrebotten 20.november 2019.