Tre generasjonar Seljestokken i juli 1996. Frå venstre Norvald, Torleif og Nina. Foto: Are Fjellestad/Firdaposten.

– Skal du ha greie på historia til båtverkstaden her i Seljestokken får du snakke med far min, sa Nina Seljestokken (41). Ho er tredje generasjon og ei av få kvinner som driv båtverkstad. Det var farfar Norvald som starta, men far Torleif kan ikkje seie sikkert når dei byrja med båtar. For det heile starta med snikring av sildekassar.

Foreldra hans, Kjellaug og Norvald Seljestokken, flytta heim nygifte i 1951. Det var på slutten av det gode sildefisket i området. Dei skulle drive garden etter besteforeldra hans, Maria og Thor Seljestokken, men oppdaga fort at det ikkje var til å leve av. Thor Seljestokken hadde drive med forsikring av fiskefartøy og lagt seg opp litt pengar på det.

– Han bestefar gjekk her og hadde litt pengar, og pappa hadde ikkje, som alle andre gardbrukarar i hans generasjon her i bygda. Men han var ein arbeidskar og han og Harald Husefest byrja produsere sildekassar i kvar si sjøbu. Det fine med sildekassane var at einaste utgifta var til spikar. Dei hadde både tømmer og sag sjølve, fortel Torleif, som vart fødd i 1952, som den eldste av tre sysken.

Samarbeidde med liv og lyst

Torleif vaks opp med at dei to karane fløytte tømmer frå Husefestvatnet og ned til Husefest. Han hugsar det som veldig interessant og kjekt, og hang på faren for å vere med, men trur han gjekk mest i vegen. – Eg hugsar så godt at pappa og Harald arbeidde svært godt i lag. Dei inspirerte kvarandre, det var ein sort samarbeid som var med liv og lyst. Dei laga ny tømmerrenne, truleg i 1958. Den vart prøvd ein vår, men så vart Harald enkemann og alt rakna i Husefest, seier Torleif stille.

Han siktar til at Ingrid Husefest, kona til Harald, døydde i barselseng med det femte barnet deira. Harald kom fram til at han ikkje kunne klare seg i Husefest med fem born og flytte til Øystese, der to av systrene hans budde. – Då Harald reiste til Hardanger miste pappa bestekameraten og samarbeidspartnaren sin. Dei to kom uvanleg godt over eins, minnest Torleif.

Sjølv byrja han på skulen hausten 1959 og faren heldt fram med å spikre sildekassar. Torleif og broren Sigbjørn var med i arbeidet etter skuletid. – Eg trur pappa fekk fem kroner kassen med lok. Det kom vel med. Han stuva fullt naustet og Skaarfisk i Måløy kom med båt og henta kassane. Det var lokalt tømmer som han drog ned med hest. Han kunne bruke alt slags tre og korte lengder.

Torleif minnest ingen tvang om å vere med på kassesnikringa, heller at dei to brødrene var ivrige på å vere med. – Men så vart det slutt på sildefisket og etterspørselen etter sildekassar det same.

Eit styrehus per vinter

– Då byrja pappa å lage styrehus på desse små båtane i Botnane og på Årebrot. Det fekk han godt til. Han laga til Alfred Holmen, Gustav på Kvalvika og Finn i Botnane, hugsar eg. Det vart laga eit styrehus per vinter.  I tillegg dreiv dei garden med mjølkekyr og sauer.

Då Torleif var ferdig med realskulen (1969) var han heime eit år og arbeidde saman med faren. Då var det byrja kome båtar frå Bremangerlandet som dei bygde styrehus på. Torleif reiste til Nord-Norge og gjekk på ein yrkesskule for båtbygging i Salten. Der bygde dei to båtar det året, ein liten kryssar (kravelt) og ein saltdalsfæring.  – Eg søkte, men fekk meg ikkje arbeid etter yrkesskulen. Då var det heim att her og arbeide på slippen, som framleis var i naustet. Han møtte kona Ingrid, og medan ho gjekk på Husflidsskulen på Voss, arbeidde Torleif som forskalingssnikkar i Nordheimsund.

– I 1974 flytta vi heim til Seljestokken og det var full fart på verkstaden saman med pappa. Då var det ein periode med ombygging av båtar frå Berle, Kalvåg og Bremanger. Det gjekk i bygging av dekk, rekke og montering av styrehus og motorar.

 

Trebåten «Stranding» med sandwich-overbygg slik dei gjorde det kring 1980.

Kryssfiner med plastbelegg

På 1970-talet kom plasten i bruk i båtproduksjonen og Norvald Seljestokken reiste til Statens teknologisk institutt i Oslo, for å lære om bruk av plast på båtar. Difor var dei i Seljestokken tidleg ute med å legge plast på kryssfiner.

– Kva gjorde at han byrja med plast?

– Kjell Russøy byrja med snøggbåtar i Florø omlag i 1968, og samstundes dreiv Oddvar Folkedal og utrusta sin eigen snøggåande båt. Dei var her med båtane sine og sat borti stova med mamma og røykte og preika båt. Dei tre var eldsjeler for båt, motor og plast. Det var det som gjorde at pappa reiste til Teknologisk institutt for å lære seg plast. Dei tre reiste òg i lag på båtmesser. Pappa hadde i det heile mykje kontakt med kundane våre.

Rundt 1975 kom sandwich i bruk som kjernemateriale av plast. Då var Torleif i Hyen hjå Brødrene Aa og lærde det av Arnulf Aa. Sidan det har overbygga i Seljestokken vore i sandwich-teknikken.

– Korleis var det med løn kvar månad?

– Nei, det var det lite rutine på at løn var noko du fekk kvar månad. Løn tok vi ut når vi fekk betaling for ein båt. Pappa var i godt strøk til han måtte sette seg til med rekneskap, og betale og sende ut rekningar. Det likte han dårleg. Det var heldigvis mamma som førde rekneskapet for oss.

Etter kvart tvinga det seg fram å sette eit namn på verksemda og det vart Seljestokken båtverkstad.  I 1981 vart den store Buahallen bygd. – Då lånte vi pengar for fyrste gong, og då vart han pappa skjerr (uroleg). Det likte han ikkje, seier Torleif. Hallen kosta kr. 100.000. Dei fekk pengar frå Distriktenes utbyggingsfond, lånet var på kr. 120.000 og kr. 30.000 i tilskot. Dei betale investeringsavgift på 1o – 12 prosent av byggekostnaden. Den måtte dei betale ut ved innkjøp av bygget. Men kom dei i kategorien produksjonsbedrift, så kunne dei søke om å få att investeringsavgifta. – Det betydde mykje, men det tok si tid. Ein haust hadde vi stuva inn tre båtar, side om side til ombygging, då det tilfeldigvis kom folk frå fylkesskattekontoret på besøk. Då snudde dei i døra og sa: «OK. De får tilbakebetalt investeringsavgifta».

Kjøkkenhandduk som verneutstyr

Norvald Seljestokken gav seg då han fylte 67 år i 1992, minnet og helsa var svekka. Han hadde aldri brukt gassmaske i arbeidet, det fekk halde med ein kjøkkenhandduk framfor nasa, meinte han.

– Styrengassen i plastproduksjonen er ikkje til å spøke med. Gassen er fettløyseleg og tærer på hjernecellene. Vi må bruke gassmasker både mot gass og støv, men likevel tek det på evna til å hugse store mengder detaljar, seier Torleif.

Vinteren 1991 var han i Hyen, hjå Brødrene Aa, og tok fagbrev for å kunne ta mot lærlingar. Det er vanskeleg å skaffe arbeidskraft, oljen både var og er meir forlokkande. I Seljestokken har dei hatt nokre tilsette på lærlingkontrakt, som har fått Fagbrev i plastforming, og slutta etter kortare og lengre tid etter fullført fagprøve.

– Men det er likevel ikkje ulønsamt å ha ein lærling. For her er det så mykje han kan gjere at det går ganske greitt å sysselsette ein læring. No har vi to læringar frå Eritrea, som har gått vidaregåande skule i Florø.

 

Seljestokken båtverkstad i 2019.

Midt på 1990-talet støypte dei ny slipp langsmed fjellhammaren og fekk for andre gong tilskot frå Distriktenes Utbyggingsfond, og frå Innovasjon Norge då dei etter nokre år sette opp hallen. – Eg fekk teikna og prosjektert hallen i 2004, og fekk byggeløyve. Han skulle koste 3. mill. kr. pluss elektriske innstallasjonar. Men eg våga ikkje heilt å satse, fortel han.

Men så skjedde det to ting som gjorde at han våga. Fyrst kom eldste dottera, Nina,  og sa at ho ville vere med å bygge hallen og drive verksemda vidare. Deretter ringde fylkespolitikar Harald Lindvik, som sat i næringskomiteen i fylkestinget. Næringskomiteen hadde 16.mill. kr. som skulle brukast på kysten. 10 mill. var tenkte til eit prosjekt, som synte seg å vere for dårleg fundert. Harald Lindvik, frå Florø, visste at Torleif Seljestokken «låg på veret» med å bygge hallen.

– Lindvik ringde meg ein føremiddag og fortalde at dei hadde 10.mill. til fordeling, og ville ha søknaden frå meg neste ettermiddag. Eg arbeidde kvelden, natta gjennom og neste dag. Då skreiv eg søknad med alle vedlegg om planar, budsjett, oversikt over markedet for båtreperasjonar, osv. Vi fekk tilslag på kr. 900.000 på ein kostnad på vel 3. mill. Det var ein god andel for oss som investeringstilskot.

– Nina overraska meg då, ja

Dottera Nina ville vere med i den vidare drifta, men Torleif ville forsikre seg om at mannen hennar var av same meining. – Så då Odin sa «Berre bygg» var det klart for hall i Seljestokken, smiler Torleif.

Nina og Torleif Seljestokken i dag.

Nina og Torleif Seljestokken i dag.

Hallen stod ferdig i 2006, same året som grunnleggaren Norvald døydde. Etter at hallen kom opp har dei vore fem i arbeid på båtverkstaden. – Etter at vi fekk inntekter av steinbrotet i Seljestokken vart det også pauserom, garderobe, lager og ein liten hall til, fortel han.

– Hadde du venta at Nina skulle ta over båtverkstaden?

– Nei, eg må vedgå at ho overraska meg litt då, ja. Eg hadde vore open for andre medeigarar før Nina sa at ho ville vere med. Trur ikkje eg la noko press på henne. Dette måtte vere hennar val, men ho var her i alle feriar frå ho var ganske ung. No har ho arbeidd her i 13 år og er sjefen. Nina har utdanning i økonomi, leiing og administrasjon frå Høgskulen i Sogndal, og aquvautdanning, så vi har aldri hatt ein så velutdanna sjef som no, seier han stolt.

I 2018 omsette Seljestokken båtverkstad for 5,9 mill. kr. Det vil seie vel 1. mill. per tilsett. Dei samarbeider med andre bedrifter som driv med båtar, fordi dei ikkje trakkar i beda til kvarandre. Dei ser heller ikkje på kvarandre som konkurrentar.

– Oppdraga kjem av seg sjølv. Vi har aldri hatt problem med å få oss arbeid. Det er få som driv med det vi gjer her i området. Vi tek oss av båtskadar, slipping og ombygging av båtar i plast. Det vil seie utforming av skrog og overbygg. Der kjem det til nytte at eg har gått båtbyggjarlinje, seier han, før han kjem på endå meir. – Ja, og så driv vi med hydraulikk og montering av motorar, og tek på oss plastoppdrag for oppdrettsanlegg og Elkem i Svelgen. Typen oppdrag skifter litt heile tida. I det siste har det gått i forlenging og ombygging av skrog på Viksund-sjarkar, 35 og 40 fotingar, to i år og to til etter nyttår. Vi held fast på å vere allsidige. Det trur eg er viktig, seier Torleif Seljestokken.

Tekst: Magni Øvrebotten 27.10.2019.