Jul ein gong i tida

Vi venta på at jula
skulle kome ned
trappa frå loftet
der ho låg i ei øskje
opp i ein kasse bak
grøne kista på kottet.
Ho vakna til duren
frå kjøkenomnen
og besta sitt kevle.

Ho risla med flagg
rasla med glitter
singla med kuler
ringla med lekkjer
to raude glasfuglar
ei stjerne og
fire feite blekkenglar.

Låg der og snuste
inn lukta av grønsåpe
salmiakk og omnssverte
kardemomme kanel
nellik reven muskat
sitrondråpa
mandel romessens
rosiner og sukat.

Men ho kom ikkje ned.
Ikkje før det lukta
granbar og eine
Ikkje før det var kome
kristorn i vasane
varme i alle omnane
lys i stakane
lukta dampa ribbe
kålrotstappe
var kvit duk på bordet,
Og ei stor svart dame
i Amerika hadde songe om
eit hol i natta.

Fridtjov Urdal