Dette bilete er teke å tunet i Vågen 27. mai 1931, på sølvbryllaupsdagen til Anna og Henrik Aarebrot. Framme frå venstre; Jenny Ingeborg, Henrik, Anna og Sofie. Bak frå venstre; Harald, Hilma, Agnes og Helga.

I romjula 1939, den 29. desember, drukna Henrik og Harald Aarebrot rett nord om Årebrotsodden. – Bestefar ville ha med seg mor mi til å dra garn då det bles opp til uver. Men ho var redd på sjøen og nekta. Ho sprang på skogen for å sleppe og broren Harald måtte vere med i staden. Mor mi snakka aldri om denne ulukka. Vart det snakk om den stadfesta ho berre at dei hadde drukna, og la til; «Når han absolutt skulle ut i det styggeveret». Vi spurde ikkje meir då, seier Ingrid Seljestokken.

Mor til Ingrid heitte Jenny Ingeborg Aarebrot (1920-81) og var dotter til Anna og Henrik i Vågen. Henrik Aarebrot (1881-1939) kom frå Tysnes og gifta seg med syskenbarnet sitt Anna, som hadde garden i Vågen etter foreldra sine. Dei fekk åtte born, tre av dei døydde tidleg. Som vaksen kalla Jenny Ingeborg seg berre for Ingeborg. Ho likte ikkje å heite Jenny, for det var namnet til ei eldre syster, som døydde i krybbedød. Broren Samson døydde av ein hjartefeil berre 13 år gamal og Harald (1915-39) drukna saman med faren.

– Eg er heilt sikker på at mor mi hadde mislikt sterkt at eg fortel om denne ulukka. Den var openbert eit traume for henne som ho ikkje snakka om. På far min sine eldre dagar sa han at ho hadde fortalt han om ulukka ein gong, men at det ikkje var meir å snakke om, fortel Ingrid Seljestokken.

Det Ingrid veit om ulukka har ho fått greie på av bygdefolk på Årebrot, for sjølv slekta snakka lite om ulukka i 1939. Ingrid vaks opp i Bergen, men var med syskena og foreldra til Årebrot annankvar sommar, heile barndommen. Dei reiste heim for å hjelpe til i slåtten, slik det var vanleg å gjere på den tid. Den eine sommaren på Årebrot, den neste i Hyllestad, der faren Harald Instefjord kom frå.

– Men det var fyrst då eg var vaksa, og hadde gifta meg med Torleif og budde i Seljestokken at eg drista meg til å spørje Aslaug i Vaulen (Aslaug Holmen) om kva ho visste om ulukka. Ho var nabo til Vågen der mor mi vaks opp. Det var Aslaug som fortalde at bestefar min prøvde å tvinge mor mi til å vere med han på sjøen den fatale dagen. Og at ho var redd på sjøen og hadde sprunge til skogs for å sleppe. Aslaug sa at ho aldri kom til å gløyme skriket til mor mi, men i ettertid var ho usikker på om det var då ho sprang til skogs eller då det vart klart at faren og broren hadde drukna.

Båten kvelva

Det var romjul og godver då Henrik Aarebrot sette garnet, men så bles det opp og det nærma seg helg. Då skulle det ikkje vere garn i sjøen og det var slett ikkje snakk om å dra garn på ein søndag. Henrik fekk med seg den einaste attlevande sonen og drog ut. Færingen kvelva og både karane og båten vart hengande fast i trollgarnet. – Det var så dårleg ver at ingen kunne fare ut på sjøen og leite etter dei då dei ikkje kom att. Dei vart funne dagen etter, rett nord om Årebrotsodden. Der var det bratte hamrar utføre og uråd å sjå dei frå land, fortel Ingrid.

Mannen hennar, Torleif Seljestokken, driv båtverkstad og meiner at færingane var skrøpelege greier. – Det skulle ikkje mykje sjø til før dei båtane kantra. Eg skjønar meg ikkje på denne romantiseringa av oselvaren og andre færingar, så mange drukningsulukker det har vore med dei båtane fram gjennom tidene, seier han.

Etter drukningsulukka i 1939 hadde enkja Anna Aarebrot att døtrene Helga, Agnes, Hilma, Jenny Ingeborg og Sofia. Helga tok etter kvart over garden og er farmor til noverande eigar Marit Kleiven Br

Forlovelsesbilete av Ingeborg Aarebrot og Harald Instefjord, foreldra til Ingrid Seljestokken.

andsøy. Hilma gifta seg til ein annan gard på Årebrot, der noverande eigar er Håkon Aarebrot.

– Bestemor ville at mor mi skulle ha huspost i Breivika, men det ville ho ikkje. Ho var nok litt stri, i alle høve til den tid å vere. Då skulle ein ikkje sette seg opp mot foreldra sine, seier Ingrid Seljestokken.

Forelska i pasienten

Jenny Ingeborg Aarebrot reiste til Bergen i 1941 og Ingrid sit med eit inntrykk av at ho var glad for å kome seg vekk. Ho fekk låne pengar hjå mora og ei dame som hadde vore lærar på Årebrot skule. Ingeborg trong pengar for å gå framhaldsskule og folkehøgskule, for å kome inn på sjukepleien. Når ho hadde kome inn på sjukepleieutdanninga på Haukeland fekk ho løn og budde på sokalla «søsterhjem». Då hadde ho kome seg dit ho ville.

Det var på Haukeland sjukehus ho møtte pasienten Harald Instefjord, som hadde meir eller mindre konstant magesår. – Mor vart forelska i pasienten og det måtte haldast skjult, då som no. Vi har jo lurt på om han var ekstra ofte innlagt på sjukehuset av den grunn, ler Ingrid. – Men det er eit faktum at far min ikkje vart kurert for magesår før han, godt vaksen, vart innlagt på Florø sjukehus då ei av døtrene våre var konfirmant.

– Mor di snakka aldri om ulukka, men må likevel ha vore merka av det som hadde skjedd?

– Ja, ho var nok det. Ho sleit med helsa på grunn av hjarteproblem, og vi skreiv mykje på det. Men kom vi ikkje heim i tide, når ho venta oss, var ho tilnærma hysterisk. Miste vi ein buss. og måtte vente på neste, visste vi at ho var veldig forkava når vi kom heim.

Torleif og Ingrid Seljestokken med barnebarnet Sverre.

– Du hadde inntrykk av at ho var glad for å ha kome seg vekk. Korleis reagerte ho på at du flytta attende hit, då du gifta deg til Seljestokken?

– Det var ho ikkje begeistra for, for å seie det mildt. Ho hadde ikkje noko mot Torleif, men tykte det var galskap at vi skulle bu her. Veglaust og avsides, meinte ho, og i den tid måtte vi i båt, same kvar vi skulle. Ho hadde alltid vore redd på sjøen og den redsla slepte henne aldri. Dette var midt på 1970-talet og vi rakk å få oss opp nytt hus før ho døydde i 1981. Borneborn og nytt hus var litt formildande, men eg trur ho tykte det var for gale at eine dottera skulle ende her når ho hadde kome seg vekk. Det var slik ho såg det, seier Ingrid Seljestokken.

 

 

Tekst Magni Øvrebotten, 27. oktober 2019.