Ein stad å stå

 

Berre ein stad er din eigen.

Vil du vera frå andre stader,
blir du frå ingen stad.

 

Vil du vera ein annan

enn den du er,

blir du ingen.

 
Jan-Magnus Bruheim

Dette er delar av diktet «Ein stad å stå» frå diktsamlinga «Ved kjelda» (1972). Denne kortversjonen er med i boka «Spegelbrot», ei samling med fyndord frå bøkene hans, som Bruheim valde ut sjølv. Det arbeidde han med dei åra han budde i Botnane. Boka kom ut på Aschehoug i 1990, to år etter at Jan-Magnus Bruheim døydde.