Entries by asmund

Kulturminner ein ressurs i bygda?

Målet med møte om Kulturminneplan for Bremanger neste torsdag den 31.oktober er at alle skal bli meir medvetne på kva kulturskattar som er i nærmiljøet. Og at dei vert løfta fram og levandegjort for etterkomarar, og for besøkande. Kombinasjonen av natur- og kulturopplevingar blir stadig meir aktuelt. Kommunen håpar at temaet engasjerer, og at alle […]

Sommarutleige skulehuset

(06.0819) Leilegheita i grendahuset er no leigd ut 8.- 15. august. Elles ledig. Det kostar kr. 4000 for ei veke, medrekna vask, oppreidde sengar og handkle. Om du er interessert kan du kontakte leiaren i grendalaget, på mobil 93 23 70 73, eller e-post; asmund.berthelsen@icloud.com

Vellukka basar på Årebrot (framside)

Det kom vel 90 menneske og det vart seldt lodd og mat for vel 30.000 kroner brutto på basaren søndag 14. juli. Pål Anders Ullevålseter er i Husefest på ferie og var invitert til å snakke om livet på motorsykkel og som tv-stjerne. Han fortalde om eit godt barndomsminne.

Kor går de på tur?

Kva for område og stader i Botnane vert brukt til friluftsliv, til å gå tur, til å bade, til å leike, til å spele ball, til å ake eller annan leik, til å gå på ski og har vi særskilte turmål? Grendalaget er utfordra av Bremanger kommune til å registrere slike område og stader og […]

Treng eit distriktsopprør

Regjeringa meiner vi kan klare oss med post to dagar i veka frå 1. juli 2020. – Når vi i dag bestiller delar til Seljestokken treng ein sokalla il-pakke to døgn før han kjem hit. Det vert tragisk om vi skal vente tre-fire dagar for å få tak i delar til båtverkstaden. Det må kome […]

,

Aktivitetsplan for Botnane og Årebrot grendalag 2019

  Dato Tid Aktivitet Stad Tema 3.2. 16.00 Søndagskafe Botnane Gravrøysane og BARK-midlar Kultursjefen i Bremanger kommune, Grete Berntzen, kjem for å snakke om BARK-midlane, som skal brukast til å informere om og gjere gravrøysane i Botnane meir tilgjengelege. 9.3. 15.00 Årsmøte Årebrot  Årsmøte 7.4. 14.00     16.00 Omvising Diktarstien     Søndagskafe Jørnjorda […]

Saksdokument til årsmøte i grendalaget

Laurdag den 9.mars 2019 kl.15.00 er det kalla inn til årsmøte i Botnane og Årebrot grendalag i Årebrot grendahus. Under finn du lenkjer til saksdokumenta til møtet. På møte vert det også servering! Partslaget for grendahuset på Årebrot har møte kl. 14.00 same staden For styret Åsmund Berthelsen (leiar) Sakliste Melding om arbeidet 2018 Rekneskap […]