Oppføringer av magni

,

Nytt frå årsmøte

Det kom 14 medlemmer til årsmøte i Botnane og Årebrot grendalag i Botnane 16. mars 2024. Det er eit svært aktivt grendalag, særleg sett i høve til folketalet i området. Vi er heldige med at mange fleire kjenner seg knytte til bygdene og støttar opp om grendalaget, både med å vere medlemmer og delta i […]

,

Vegsamband i Botnane i eldre tid

Vona er å få skrive ned veghistoria til Botnane og Årebrot, fordelt på fleire artiklar. Det har teke si tid å få veg både i og ut av begge bygdene. Denne artikkelen skreiv Ståle Sørbotten i «Avis for Botnane og Årebrot» i 2006, ei bygdeavis som Jacqueline Mannaart gav ut. Ståle Sørbotten og Magni Øvrebotten […]

,

To høvesdiktarar og dikt om Ragnvald

Av Magni Øvrebotten 01.01.2024. 11.12.1993: Ragnvald Sørbotten lyfter opp landgangen til ferja for siste gong. Tida hans som ekspeditør var over den dagen det kom veg frå Sørgulen til Botnane og ferja slutta å gå. Foto: Arne Øvrebotten. I haugane med papir om kampen for veg til Botnane og Årebrot dukka det opp eit hyllingsdikt […]

,

Då Gud peikte på ho Karnils Helina

Av Fridtjov Urdal Ho Anna på Kviene fortalde mykje og ofte frå sin barndom og var på det viset ein munnleg tradisjonsberar. Mangt vart fortalt fleire gonger med små variasjonar. Så òg her. Hendinga må ha gått føre seg ein gong på byrjinga av 1880-talet: «Det var ein dag seint i adventa at ho mor […]

, ,

Ein kunstnar med kniven

Kvar gong eg ser skulpturane til Aase Botnmark vert eg minna om at eg lova henne å skrive om farbror hennar, Thorbjørn Øvrebotten (1886-1967), som skar geiter, kyr og sauer i tre med tollekniven. «Han var ein kunstnar med kniven», sa Aase, og fortalde at ho kjende på eit sterkt kunstnerisk slektskap med denne onkelen. […]

30 år sidan vegen til Sørgulen opna

Den 11. desember 2023 er det 30 år sidan vegen mellom Botnane og Sagebø i Sørgulen vart opna av dåverande fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Sjur Hopperstad (Sp). Den dagen slutta ferja å gå og vi kunne køyre til og frå når vi ville, vi var ikkje lenger avhengige av båt eller ferje. For å […]

,

«Det er berre ho Gerd»

Sommarkveld i Botnane. Moloen i inste Stegen i Øvrebotten. Foto: Gerd Gjelsvik. Sidan i sommar har det blitt lagt ut mange fine bilete på Fjesboksida til grendalaget, frå strekninga Myklebust – Sørgulen – Botnane – Villevika. Med signaturen GGJ. Kven er det, har vi lurt på. Det syner seg å vere Gerd Gjelsvik, frå Førde, […]

Håpar mange kjem på julemessa 25. november

(29.10.2023) Det heiter seg at vil du ha noko gjort skal du be nokon som har nok å gjere frå før om å gjere det. Kanskje var det slik leiaren i Botnane og Årebrot grendalag tenkte då han i fjor spurde Britt Maret Sunde om ho kunne få med seg folk og lage til ei […]

Julemesse og kafe 25. november

Årebrot grendahus, Frøysjøvegen 4200, på Årebrot, er ein stad å kjøpe julegåver laurdag 25. november, frå 13.00-16.00. Då er der julemesse og kafe. Du kan køyre dit sjølv eller ta båt frå Florø kl. 13.00 (båt til Smørhamn), som stoppar på Villevika kl. 13.10, og retur frå Årebrot kl.16.00. Treng du bilskyss til/frå grendahuset let […]

,

– Ei glede å gje

Det er sjeldan å få slike telefonar som då Tone Aasrud ringde og spurde om Botnane og Årebrot grendalag var interessert i dette kunstverket av Aase Botnmark? Ho og syskena hadde fått det av ei kunstglad tante og funne ut at kunstnaren kom frå Botnane. Bronseskulpturen «Møte» får seg ein godt synleg plass i forsamlingslokalet […]