Oppføringer av magni

,

Drøymer om eit nasjonalt steingardprosjekt

Haakon Aase ser over den nymura bakkemuren i Botnane i august. Gråsteinsmuraren Haakon Aase har drive med kurs i turrmuring i 20 år, men veit ikkje kor mange han har lært opp. – Det har blitt ein del, seier han med eit nøgd smil. Tre-fire av dei held kurs og fleire har skapt seg levebrød […]

,

To vellukka murekurs i Botnane

Kursdeltakarane 14.-16 sept. : Framme frå venstre: Kjersti Straume-Sande, Heidi Yttrehus, grunneigar Ingrid Bruflot og kursleiar Haakon Aase. Rad 2: Sigbjørn Holsen, Anita Aase Heimtun, Signe Viksøy Sande, Frode Øvrebotten, Asgeir Holsen, Randi Hatlem og Øyvind Heimtun.   – Eg trur jammen eg har fått meg ein ny hobby. No gjeld det berre å halde fram […]

,

Frå Aulestad til Støylen

 Kari og Asgeir framfor husa på Aulestad, der Kari vaks opp. Foto: Privat Kari Brun Ågotnes vaks opp på Aulestad, i drengestova på garden til Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson. Kari var fem år då familien flytta til Gausdal i 1975. Far hennar, Jakob Ågotnes, var konservator på Maihaugen på Lillehammer, med ansvar for Aulestad. Det […]

,

– Alle var med og bar stein

Når du kjem til Botnane legg du i sidesynet merke til ei litt smålåten, men samstundes særprega hytte i kanten av bøen. Det er steinhytta Odd Sande (1934-2008) sette opp på heimegarden i Sletten. – Vi byrja på hytta i 1968, etter at vi kom att frå tre vekers bryllaupsreise til Mallorca. Alle var med […]

,

NM-meister i diskgolf opnar bana i Botnane

Den nye diskolfbana i Botnane vert opna laurdag 15. juli, kl.14.00, av Jostein Håland, frå Langevåg IL diskgolf, Sula på Sunnmøre. Han vart NM-meister og kongepokalvinnar i diskgolf i 2015. Håland har vore ei eldsjel for diskgolf i mange år og har fått fram mange gode diskgolf-spelarar, som har vunne Norgesmeiserskap siste åra. Rune Nordbotten […]

,

Kjærleikshagen på Urane

– Denne hagen er Agnes sitt verk, eine og åleine. Ho planta løkar, staudar og rododendron i søkk og kav, særleg då ho vart eldre og nådde i folketrygda. Før den tid var det blomar på eit mindre område, for det var om å gjere at kvar minste jordflekk vart brukt til å dyrke gras […]

,

Flystyrten og dei himmelsende kjolane ved Nærøyane

Fridtjov Urdal har tidlegare skrive historia om då eit engelsk fly styrta ved Nærøyane 7. april 1945, slik han hugsar brotstykke av det han vart fortalt om det. No har han fått Kjell Døskeland si skildring av hendinga. – Kjell Døskeland, fødd 1935, er vel av dei siste attlevande som opplevde og hugsar denne hendinga […]

,

Finn ei spesiell ro i Botnane

Astrid-Marie Sørbotten flytta til Botnane med foreldra Solbjørg og Åge, og broren Bernt, i 1982. Ho var seks år gamal og broren tre år yngre. Det var berre dei to ungane frå starten av. No bur to av syskena hennar i Botnane og sjølv har ho lyst til å kome seg heimatt før ho vert […]

,

Diskgolfbane i Botnane

  Onsdag i påskeveka stilte 15 personar på dugnad i Botnane for å spikre og plassere ut 20 utkastrampar til å kaste diskgolf/frisbee/sendebrett frå. Løypa går i beitemarka bak dei to gardane i Øvrebotten og startar bak grendahuset. Der kjem etter kvart opp kart og skilt over løypa, som er tenkt offisielt opna under Bygdehelga […]

,

Pakkeboks gjeld ikkje her

– Vi fekk innspel frå ein innbyggjar om vi kunne prøve å få til ei ordning med pakkeBOKS for Botnane/Årebrot, slik at privatpersonar og verksemder slapp å reise heilt til Svelgen for å hente pakkar. Vi spurde Posten Norge og fekk til svar at det ikkje var aktuelt å plassere ut pakkeboksar her, fordi vi […]