Oppføringer av magni

,

– Det blir julemesse neste år

Ein liten flokk flittige damer frå Årebrot stod bak julemessa som vart arrangert på Årebrot grendahus 26. november. Dei fekk til ei skikkeleg kvalitsmesse med åtte utstillarar og bra sal. Dei er stolte over resultatet, men litt skuffa over frammøte. – Men vi gjev oss ikkje. Vi prøver att neste år. Berre å få det […]

Druedyrkar på Årebrot

Anne-Karin Holm Årebrot hadde fyrste hagen sin i Luxemburg, no prøver ho ut kva ho kan få til å vekse på Årebrot. Mannen hennar, Håkon Årebrot, har lukkast med å gjerde ute hjorten og då er det meste mogeleg. I drivhuset modnar druene.

, ,

Are på Gamlebøen

Når Are Skoglund slår med ljå mellom steinane på Gamlebøen vekkjer dei gode minne frå barndommen, like eins når han ror til Florø for å handle eller kokar nytrekt fisk midt på natta. – Eg var mykje her på Gamlebøen åleine som unge, saman med Agnes og Richard. Dei gav meg del i ein ubroten, […]

,

Vi har det med å ha smålåtne planar

Ingrid og Torleif Seljestokken har bygt på 70-talshuset sitt i Seljestokken for å kunne bu der lenger i alderdommen. Vaskerommet er flytta opp og badet har vorte betydeleg større enn det var. Då dei bygde hus i 1978 var det på 85 kvadratmeter, mot vanleg 95 kvadratmeter. Dei trudde ikkje dei trong så mykje plass. […]

,

Aldri opplevd ein slik sommar

Rune Nordbotten (58) slår seks gardar i Botnane, men i år er han langt frå ferdig med fyrste slåtten. Det er så mykje væte i jorda at han ikkje kjem utpå med traktor. – Eg har 2,5 månad med fôr av kvalitet, resten er vombafyll, mest berre brukande til ungdyra. Difor har eg alt tinga […]

,

Meir Bruheim frå Moldestad

Sommaren 2023 håpar vi at Sigrid Moldestad og Regndropebandet hennar står på scena på Årebrot grendahus med familieførestillinga Regndropeborna og andre dyr. Ho har sett tone til 14 barnedikt av Jan-Magnus Bruheim og håpar å få laga plate av dei neste år. Det er eit samarbeid med Førdefestivalen, Falturiltufestivalen på Stord og Vossajazz som  har […]

,

Hagen forlengar livet

– Dei som driv med hage lever lenger og er friskare enn andre. Det trur eg på, seier Anne-Karin Holm Årebrot bestemt. – Det er mykje god terapi i å arbeide i hagen, legg ho til, og skildrar leande kor godt det gjer å denge laus på ein stein eller hakke i jorda når du […]

Dikta til Bruheim er tidlause og universelle

Sigrid Moldestad er spent no når ho og Regnbogebandet skal ut og presentere ei familieførestilling med barnedikt av Jan-Magnus Bruheim, med premiere på  Folkemusikkfestivalen i Førde 7. juli. – Dikta hans er tidlause og universelle. Han skriv om ei mikroverd eg hugsar godt frå då eg var lita. Vi er nærmare bakken når vi er […]

,

Turistane søkjer stillheit og ro
– og dei vil fiske 

Vaulen på Årebrot sett frå båt. Huset som vert leigd ut er det vesle raude bustadhuset som speglar seg i sjøen. Foto Håkon Årebrot. Turisme er ikkje noko stor næring på strekninga Botnane-Årebrot, men i år har det kome til eit nytt tilbod. John Sande og Kjersti Straume i Botnane har pussa opp fyrste høgda […]