Målet med møte om Kulturminneplan for Bremanger neste torsdag den 31.oktober er at alle skal bli meir medvetne på kva kulturskattar som er i nærmiljøet. Og at dei vert løfta fram og levandegjort for etterkomarar, og for besøkande. Kombinasjonen av natur- og kulturopplevingar blir stadig meir aktuelt.

Kommunen håpar at temaet engasjerer, og at alle ser verdien av å ha ein kulturminneplan.

Tiltaka som er skissert i Handlingsdelen av planen er forslag. Det kan vere greit å sette seg nokre hårete mål,- til slutt er det våre nyvalde politikarar som må prioritere. Kva meiner de?

Reidun Øvrebotten og kultursjef Grete Berntzen leiar møte i grendahuset der det også vert lagt opp til diskusjon i grupper. Tema for diskusjonen er:

  1. Kva meiner du er dei viktigaste kulturminna i di bygd?
  2. Har du idear om korleis historia til desse kulturminna kan visast fram, formidlast?
  3. Kva tiltak meiner du er viktig for kommunen som eigar av kulturminner? Gje eksempel
  4. Om du skal presentere Bremanger kommune si kulturhistorie til besøkande, kva kulturminne vil du trekke fram og kvifor?
  5. Har du idear om nye reiselivstilbod basert på natur- og kulturopplevingar i di bygd, og i kommunen?
  6. Har du konkrete innspel til utkastet til Kulturminneplan (tillegg, endringar)?
  7. Kunne du tenke deg å bidra med registrering eller formidling av kulturminner i di bygd?
  8. Andre innspel?

KULTURMINNEPLAN BREMANGER KOMMUNE

 

 

 

Dei to familiane samla i Myrane. Frå venstre: Jørn Bye med Odin på fanget og Trude Sørbotten med dottera Solveig. Jens Anders Sunde Midtbø med sonen Marcus André og Linn-Kristin Sørbotten med dottera June Marie på fanget.

29-åringane Linn-Kristin Sørbotten og Trude Sørbotten har flytta attende til heimbygda Botnane og busett seg der med sambuarar og to barn kvar. Dei gler seg over å sjå kor fritt og godt ungane har det. – Dei er veldig mykje ute kring husa, leikar seg i fjøra og i vatnet. Her har vi oversikt og kan la dei springe ute på eiga hand, slik vi gjorde som ungar, seier Trude Sørbotten, som flytta hit i sommar. – Kvardagen her er det ungane har som uteaktivitetar i barnehagen, men her styrer dei leiken sjølve og finn alltid på noko. Dei sit lite stille, seier Jens Anders Midtbø Sunde.

Linn-Kristin Sørbotten og Jens Anders Sunde Midtbø (39) har snart budd her i fire år, og dei har borna June Marie (4) og Marcus André på 3 år. Linn-Kristin vaks opp i Botnane og flytta til Florø siste året på ungdomsskulen.

– Då skulle eg slett ikkje tilbake til Botnane. Eg gjekk på skule i Førde og flytta derifrå til Sørlandet, der syster mi bur. Eg skulle berre attende til Førde for å gå sjukepleien, og så fare attende til Sørlandet. Men så møtte eg Jens Anders og han ville slett ikkje til Sørlandet. Han ville ikkje bu i by heller, så då vart det Botnane, fortel Linn Kristin. No kan ho ikkje tenkje seg noko anna, men det var litt tungt i starten. Ho sakna vener og enkel tilgang på det ho trong, men har kome til at det handlar mest om innstilling, planlegging og kva du tykkjer er viktig.

– Ja, for meg var alternativa anten Botnane med Linn-Kristin eller til Askrova åleine, ler Jens Anders. Han har vakse opp i Norddalsfjorden og på Askrova. – Eg har vore bygdamann heile livet, så for meg var det som forventa å bu i Botnane. Det er stilt og fredeleg her, og kjekke folk. Eg har kjent John Magne (Sande) frå vi var ungdomar, og det er kjekt at han og familien også bur her. Medrekna dei er vi tre småbarnsfamiliar her no, med til saman sju ungar. Det er viktig at vi er fleire i same livsfasen, dei som har større ungar er litt eldre enn oss, seier Jens Anders.

Viktig at det var hus å få kjøpt

Det er ikkje ofte det er hus til sals i Botnane, men begge familiane var heldige med at det var det. – Det var avgjerande at vi fekk kjøpt oss hus og kunne flytte rett inn i det. Det var bror til Linn-Kristin som visste at dette var til sals, eller rettare sagt, at han som eigde det kunne tenke seg å selge, fortel Jens Anders. Han og Linn-Kristin bur i eit lite bustadfelt på fire hus som vart sett opp då det kom steinbrot i Seljestokken. Myrane heiter det der. I to av husa er det fastbuande, eit er hytte og det fjerde vert leid ut. I tillegg er det ei byggeklar tomt på 1,5 mål til sals, ved sida av dei, med fri utsikt til Frøysjøen.

Trude Sørbotten kjøpte huset til far sin, då han flytta til Florø. – Det tok si tid å få seldt leilegheita i Florø, men i sommar flytta ho og borna Solveig 6 år og Odin 5 år, og sambuaren Jørn Bye (34), til Botnane. Bye kjem frå Kyrkjebø og er heller ikkje van med store forhold. – Det handlar mest om innstilling same kvar ein bur, meiner han.

God mottaking i bygda

I Botnane og på Årebrot vart folk glade for at det kom unge folk til bygda. Dei kjende seg velkomne. Men begge dei unge kvinnene har undra seg over kor negative mange utanforståande var når dei fortalde at dei skulle flytte «på bygda».

– Mange svartmåla det å bu på bygda, både for meg og ungane, og var sikre på at vi kom til å angre.  Det er kanskje ikkje rart det bur lite folk i bygdene når det vert snakka så negativt om korleis det er å bu der? spør Trude Sørbotten.  Linn-Kristin Sørbotten opplevde litt av det same og synst det er rart kor negative folk ofte blir når du flyttar mot straumen. Bygdene bør bli snakka meir opp, meiner Linn-Kristin Sørbotten. Ho og sambuaren skaffa seg hybel i Florø fordi dei trudde dei kom til å trenge det for å få turnusar og båtruter til å gå opp, men den har dei kvitta seg med. – Når vi har besøk av barnefamiliar seier mange at dei gjerne skulle ha budd slik som vi gjer, men det vert som regelen med tanken, seier Linn Kristin.

Trude tykkjer det går veldig greitt å bu i Botnane. Ho og ungane set seg på bussen kl. 06.05 for å reise med fyrste båten frå Villevika til Florø. – Det er avslappande å ta fyrste kaffikoppen på bussen om morgonen, og når ungane er vel på plass i barnehagen og SFO i Florø køyrer eg til jobben min i Eikefjorden, seier Trude. Ho er plastarbeidar og byggjer båtar for Brødrene Aa. Med arbeid på dagtid rekk ho og ungane arbeidsruta attende til Årebrot og dei er heime att halv fem. For tida er sambuaren heime og det er godt å kunne gå rett til middagsbordet.

Hjå Linn-Kristin og Jens Anders arbeider begge i turnus-yrke. Ho er vikar på omsorgssenteret Furuhaugane i Florø. Han har arbeidd i oppdrettsnæringa, men skal byrje i Fjord 1. – Vi gjer det slik at eg tek nattevaktene når han har friperiodar og så går eg dagvakter når han er ute på jobb, fortel Linn-Kristin. Dei har ungane med seg på bussen/båten til og frå Florø.

– Men to besteforeldre i gåavstand frå heime kan kome vel med?

– Ja, mamma og pappa er alltid flinke til å hjelpe oss, men vi kan ikkje basere oss på at dei skal innrette seg etter turnusane våre. Vi vil helst klare det sjølve. Foreldra mine er nyleg blitt pensjonistar og ungane likar seg veldig godt hjå dei. Det er kjekt å vekse opp med besteforeldre så nær, seier Linn-Kristin Sørbotten.

Skulle gjerne hatt barnehage

– Det er dumt at Botnane ikkje har barnehage, for det hadde unekteleg gjort det lettare for  oss. Men samstundes er det ofte slik i storbyane også at det er eit styr å få levert ungane i barnehagen og på SFO, og nå arbeid. Men der har foreldra ofte 1,5 time i kø både til og frå arbeid. Eg har fleire kameratar som leve slik, men det vert det snakka lite om når livet i byn vert framheva som best. Nei, takke meg til dette, seier Jens Anders Sunde Midtbø.

Fylkesveg 577 (Frøysjøvegen) gjennom bygda går rett forbi husa deira, og foreldra skulle gjerne sette at fartsgrensa vart sett ned. Dei kan ikkje skjøne kvifor grendalaget har fått avslag på søknaden til Vegvesenet om å få 60 km/t som fartsgrense gjennom Botnane, der vegen går gjennom mange tun. Jamt over synst dei folk tek omsyn, men det er mykje tungtrafikk og store bilar, som ikkje er tilpassa vegen. Like eins kan dei tenkje seg litt veglys langs vegen, som gjer det enklare både å sjå og bli sett i mørkna, både for liten og stor. No er det stummande mørkt å ferdast ute om kvelden.

Ungane opptekne av hjorten

Det er midt i hjortejakta eg er i Myrane for intervju. Jens Anders har vore med på jakt frå han var liten gutunge, og er no med på jaktlaget som jaktar mellom Sørbotten og Husefest.

– Folk betalar titusenvis av kroner for jaktrettar som vi får gratis opp i hendene her berre vi vil vere med grunneigarane på jakt, seier han. Ungane er òg opptekne av jakta og hjorten som brøler kring husa deira, så utsiktene til å få dei med etter kvart er gode.

– Kva må til for å få fleire til å busette seg i Botnane og på Årebrot?

– Hus å leige eller kjøpe er viktig. Det var positivt å sjå at Bremanger kommune vil gje 200.000 kr. til folk som vil bygge seg hus i kommunen, og her er altså ei byggeklar tomt til sals attmed oss her. Ho er ikkje vår, så vi reklamerer for å få fleire naboar. Om den nye rutebåten Florø/ Måløy får stjernestopp på Villevika kan folk reise til Florø til doktar og tannlege utan å måtte gå der heile dagen. Det er slike praktiske tiltak kommunane må tenkje meir på for å få folk til å bu i bygdene, meiner Jens Anders Sunde Midtbø.

Men å bu på bygda er ikkje for kven som helst, trur dei. Dei som skal flytte dit må trivast på bygda og sjå verdiane i å bu her. Sjølve tenkjer dei at dei må vere meir med på dei aktivitetane som er og kanskje få i gang nye. Dei ynskjer meir framsnakking av verdiane med bygda og ikkje berre framheving av det som er tungvindt.

– Det er langt frå så vanskeleg som «alle» fortalde meg at det ville bli. Det handlar mykje om kva innstilling du har sjølv. Det du vil får du som regel til, men eg skjønar ikkje kvifor så mange snakkar ned bygdene. Der må folk skjerpe seg, seier Trude Sørbotten og får samtykkande nikk frå dei andre.

Trude Sørbotten og Linn-Kristin Sørbotten er syskenbarn og naboar.

 

 

Intervju og foto: Magni Øvrebotten. Botnane 28.09.19.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I Botnane er det vel 80 fellingsløyve på hjort i år. Det er andre året med dobbelt så mange fellingsløyve som før om åra, for å få ned hjortebestanden og såleis få fram ein sterkare hjortestamme.  – Vi må nok leve med fylgjene av for mykje dyr og feil avskyting i minst 10 år framover, seier Torbjørn Øvrebotten, ein av dei røynde hjortejegarane i bygda, med mange fellingsløyve.

I fjor vart det skote 74 dyr i hjortejakta i Botnane, og no som då skal dei skyte mest kalvar og ungdyr. Det er stikk i strid med det som er sett på som gjævt når du går på jakt. – Ja, eg hugsar godt at vi skaut mest berre bukkar. Det var det som talde då eg byrja å gå på jakt for vel 40 år sidan, seier Torbjørn Øvrebotten.

Problemet i Botnane er at det er for mykje dyr i forhold til vinterbeite og for få haremsbukkar, det vil seie store og dominerande bukkar som er 10-12 år gamle. Kollene kjem seint i brunst når det manglar haremsbukkar, og då vert det sein kalving og små dyr. Ei kolle må vere om lag 40 kg for å ta kalv og normalt skal dei ha nådd den vekta når dei er 1,5 år gamle. Men no er dei jamt over for små til det. Gjennomsnittsalderen på hjortebestanden her er 5-6 år, og unge koller får små kalvar. Koller må vere 8-13 år gamle for å få store kalvar, men så gamle koller er det få av her i området.

– Og bukkane held seg i Sørgulen?

– Vår, sommar og tidleg haust er det mest bukkar i Sørgulen, medan det er mest koller, kalvar og ungdyr i Botnane. Det kjem seg kanskje mest av naturgjevne forhold. Bukkane held i lag i flokkar til dei kjem i brunst rundt 15.-20. september. Då søkjer dei til område med mykje koller for å lage sitt harem og vi høyrer dei brøle. Vi må la vere å skyte store bukkar elles kjem vi ingen veg med å bygge opp att ein sterkt og variert hjortestamme. Når dei er blitt returbukkar (eldre enn 12-13 år) kan dei fellast.

Grunneigarane må ha kontroll

– Forsking og fagfolk seier at de må skyte mest kalv for å få opp ein sterk hjortestamme. Men det er vel framleis ikkje sett på som særleg gjævt?

– Nei, det er stikk i strid med det som har vore tradisjon og status, og det er vanskeleg å snu haldninga om at det er sværast å skyte bukkar og telje greiner på horna. Difor er eg skeptisk til å leige vekk hjortejakta til ukjende, utan å vere med sjølv eller setje sterke føringar på og kontroll med kva dyr som blir felt. Som grunneigarar må vi ha kontroll på kva som vert skote og dei som ikkje rettar seg etter retningslinjene må vi vise vekk.

Kontrollen med kor mange og kor gamle dyr som vert skotne føregår med at jegarane skal levere inn kjevane på dei dyra dei skyt, til den kommunale viltforvaltinga. Kjevane på vaksne dyr (1,5 år og oppover) blir sende vidare til Miljødirektoratet i Trondheim. – Vi sender òg inn hjerneprøver og lymfekjertlar på alle dyr som er to år eller eldre for å kartlegg skrantesjuke. Det er Mattilsynet og Veterinærinstituttet som har ansvar for dei analysane, seier Torbjørn Øvrebotten.

Kjensler med å skyte kalv         

– Kvifor må ikkje alle jaktfelta skyte mest kalv?

– Nei, alle blir ikkje tildelt like mykje kalv. Fylket er inndelt i bestandsområde. Vi ligg under det same som Flora, men viltforvaltaren i Bremanger har gjeve ekstra fellingsløyve til Botnane, på grunn av store beiteskader og mykje hjorteskit på innmark. Sidan Øvrebotten jaktfelt har dei fleste løyva har vi valt å ta ut ekstraløyva som kalvar og ungdyr. Vi gjev frå oss 10 løyve til Sletten og Nordbotten  på vilkår av at det blir skote kalvar og ungdyr. Eg lever etter den regelen om at dersom eg skyt det minste eg ser så gjer eg ikkje noko gale forvaltningsmessig.

– Men det kan vel òg ha ei kjenslemessig side å vegre seg mot å skyte kalv?

– Ja, det kan det absolutt ha. Vi skyt kalven frå mora. Det er som å ta lamma frå sauene om hausten, så det kan ha sine fordelar å ha drive med husdyr og slakting.

– Korleis reagerer kollene?

– Dei er som regel i nærleiken og blir gåande og leite etter kalven. Eg skaut ein gong to kalvar og ei kolle på Legene. På den tida prøvde vi å skyte kolla også i slike tilfelle. Neste dag gjekk eg attende til same staden og då gjekk mora til den andre kalven og leita. Ho  kom heilt fram til meg før eg skaut ho. Nyleg hadde vi skote ein kalv på bøen og neste morgon såg eg ei kolle forlate bøen saman med andre dyr for så å kome tilbake der kalven vart skoten dagen før. Eg er sikker på at ho leita etter kalven sin. Det gjer sjølvsagt inntrykk, men vil vi drive jakt har vi også eit ansvar for å drive ei forsvarleg forvalting av hjortestammen.

Torbjørn Øvrebotten (61) fortel at då han byrja å gå på jakt for vel 40 år sidan vog ein 1,5 år gamal stilk i snitt 45 kilo, i dag veg han sjeldan meir enn 30-35 kilo. Det same gjeld ungkoller og kalvar. No er kollen nede i den snittvekta stilkane hadde før, medan kollene då vog 55-60 kilo.

– Dette er fylgjene av for mange dyr i høve til beitegrunnlaget og feil avskyting gjennom mange år. Det vil sikkert ta minst 10 år å rette det opp att og få ein sterk hjortestamme. Det krev òg at alle tek eit sams ansvar for å lukkast. Problemet gjeld store deler av Vestlandet, særleg på kysten, seier Torbjørn Øvrebotten.

Ungdomen tek med traktoren eit stykke, i tilfelle fangst.

 

NB: For dei som ikkje veit det er Torbjørn Øvrebotten bror min. Han er ein røynd hjortejeger og det var enklast å intervjue han når eg ville skrive litt om hjortejakta for oss som ikkje har greie på jakt. Til dømes om kvifor hjortejegarane no må skyte mest kalv og kva som er stoda for hjortebestanden i området.

Tekst og foto: Magni Øvrebotten. 28. september 2019.

 

 

 

 

 

Svanhild Halnes (93) var tenestejente i Breivika då tyskarane fann radiostasjonen Roska 13. mars 1945. Ho tente hjå syskena Kristi og Isak Breivik, som i det lengste prøvde å løyne for henne at dei gøymde folk.

Fjordenes Tidende trykte 4. oktober 2019 eit intervju Kjell Askeland har hatt med Svanhild Halnes. Redaktør Erling Waage har gjeve oss løyve til å bruke “Radioen som stilna” på nettsida vår. Intervjuet går inn i rekkja med forteljingar frå denne dagen, som du finn på sida for historikk.

Fjordenes Tidende-Radioen som stilna

 

Frå 19. august er Åshild, Amanuai og Kjetil Nesthus busette i Førde og ikkje i Flora. Dei flyttar frå einebustad på Årebrot til garden Instebøen i Solheimsdalen. Dei har sett seg om etter eit småbruk på kysten i årevis, men ikkje funne noko som var råd å kjøpe. Åshild gler seg til å byrje på ny skule og Kjetil til endeleg å få plass til alt han driv med. – Berre garasjen i Solheimsdalen er på 60 kvadrat, fortel han. Men Amanuai er meir usikker. Ho har budd ti år i Norge og likt seg godt på Årebrot. – Her kjenner eg alle. Ja, eg føler meg i slekt med Kari, Unni og Ingrid, ler ho, men understrekar at ho føler dei er velkomne i Solheimsdalen også.

Vossingen Kjetil Nesthus (62) har drøymt om småbruk lenge. Han er ein mangesyslar som samlar på mykje han treng uthus til, og det har vore fullt på tunet.  Det var synbert at Kjetil trong meir plass til gamle båtar. traktor, motorar, fjøler og anna han kunne få bruk for. Traktoren og båtane vert ikkje med til Førde, men det er likevel litt av ein jobb å flytte alt. Dei har flytta litt etter litt, men det er framleis mykje att. – Nei, vi er nok ikkje ferdige her til Åshild byrjar på Karstad skule i Solheimsdalen måndag. Der var det 12 elevar i fjor, så vi kjem vel opp i ein ny debatt om skulenedlegging, seier Kjetil, og tenkjer på at Årebrot skule vart lagt ned i 2011. Åshild har reist til Florø på skule. I Solheimsdalen bur ho for nær skulen til å ha rett på skyss. Der kan ho sykle eller gå, men faren reknar med at det vert ein del køyring. Garden deira ligg inst i Solheimsdalen, 4,5 km frå fylkesvegen til Askvoll.

Åshild (9) gler seg til å byrje på ny skule. Ho har vore der på besøk og kjende seg velkomen. Men mest gler ho seg til å kunne springe rett over vegen til ei nokolunde jamaldra jente, for på Årebrot er det langt mellom dei. Kjetil reknar med å pensjonere seg og ha nok å gjere på garden. Der er det bustadhus, driftsbygning, garasje og verkstad, og ei hytte på fjellet, å halde i orden. Han reknar ikkje med å bli gjerandslaus. Dei 15 åra på Årebrot har han arbeidd hjå Bauge Trevare i Florø, på torskeoppdrettet som var i Nærøysundet og ti år på båtverkstaden i Seljestokken. – Der har eg lært mykje, seier han.

Amanuai (49) er både kokke og står for vask av kle og brakker for dei som arbeider på steinbrotet i Seljestokken. Sist vinter stod ho også for maten til Mesta og Veidekke sine folk, som bygde bruer i Botnane. Thaimaten hennar er populær og i fjor kjøpte ho seg salsvogn og skipa selskapet “Amanuais thaimat”. No er vona at ho skal få løyve til å drive sal av thaimat frå vogna, på ein fast plass i Førde. Syster hennar bur på Stadtlandet og sel thaimat frå ei vogn på tunet sitt. Ho legg ut på Facebook når ho har ope og kva mat ho har til sals, og så kjem folk dit og handlar. Men til det opplegget vert Årebrot for avsides, vedgår Amanuai.

Fritt og ope på Årebrot

– Men eg har likt meg så godt her på Årebrot. Her er så stilt og fredeleg. Veninnene mine seier at her er for stille, med det er perfekt for meg, seier Amanuai. Ho kjem frå innlandet i Thailand, men set pris på å sjå ope og fritt utover sjøen på Årebrot. – Eg kan gå eller sykle ned på kaia og fiske meg mat når eg vil, slepp å kjøpe fisk. Eg kan plukke sopp og bær, fryse ned og ha til god mat heile året. Og eg kjenner folk. Når eg møter Kari, Unni og Ingrid er det som å møte slekta mi. Det er så kjekt. Men huset og plassen rundt det er liten. Vi har lite plass til besøk, så eg ser fram til å få meir plass. Men eg er ikkje noko bymenneske, seier ho med ettertrykk. – Nei, Amanuai blir “hovudgalen” når det blir for mykje støy, legg Kjetil til.

– Kva forhold har du til Årebrot, Kjetil?

– Det er ein bra plass å bu på, stilt og fredeleg. Eg har vore her i 15 år og fekk meg endeleg båtplass i fjor, med den grunneigaren som har absolutt minst strandlinje, fortel han. Grunneigaren er Fridtjov Urdal, som skryter av all den praktiske hjelpa han har fått av Kjetil. I bygder som Botnane og  Årebot, der det bur 50-60 menneske til saman, er det alltid litt vedmodig når folk flyttar. Bygdefolket tykkjer det er trist at familien Nesthus skal fare herifrå.

– Det er no eit godt teikn at folk tykkjer det. Her er det ikkje større forhold enn at alle kjenner alle, stort sett, og det merkast når folk flyttar til eller frå. Vi har vore med på det som skjer og då blir du kjend med folk. Vi tykkjer det er viktig å stille opp når grendalaget arrangerer noko, så vi kjem nok til å kome ut på ein del søndagskafear, seier Kjetil Nesthus, som sjølv har vore aktivt med i styret for Botnane og Årebrot grendalag i fleire år. – Ja, du veit vi må ut på nokon søndagskafear og møte att folk, understrekar Amanuai.

Dei reknar med å selge huset som vart bygt som lærarbustad på Årebrot tidleg på 1980-talet. Det ligg høgt og fritt på ei høgde rett sør for grendahuset på Årebrot, med naturtomt rundt. Kjetil skal bruke helgane til å stelle på huset før sal og Amanuai kjem til å vere på Årebrot ei tid framover på grunn av jobben på steinbrotet. Så enno ei stund er det råd for folk i området å tinge seg take-away-mat frå Amanuais thaimat på Årebrot.

Tekst og foto: Magni Øvrebotten, 5. august 2019.

 

 

 

 

 

 

 

Fossedalen med Nøre dalen ned til høgre.

Kva for område og stader i Botnane vert brukt til friluftsliv, til å gå tur, til å bade, til å leike, til å spele ball, til å ake eller annan leik, til å gå på ski og har vi særskilte turmål? Grendalaget er utfordra av Bremanger kommune til å registrere slike område og stader og kva aktivitetar dei vert nytta til. Vi har fått frist til 30.august med å sende inn. Og vi skal også seie om det er særskilte natur-og kulturlandskapselement å sjå på dei ulike stadene/områda.
Kartleggina er eit nasjonalt tiltak med oppfølgjing både i fylket og i kommunen. I kommunen er det ei fagleg arbeidsgruppe som skal samordne og kvalitetssikre. Før sluttføring av arbeidet vert det ei enkel høyring.
Vi skal i kartlegginga også seie meir om kven som brukar området, born, unge, eldre og kor ofte. Vidare kva tid området/stien vert brukt og om stiar og anna er merka. Til slutt vil dei også vite om kor bilane eventuelt vert parkerte.
Kom med innspel til grendalaget! Ta kontakt direkte eller send inn! Kontakt: Åsmund Berthelsen – 93237073 eller asmund.berthelsen@icloud.com