Det er sjeldan å få slike telefonar som då Tone Aasrud ringde og spurde om Botnane og Årebrot grendalag var interessert i dette kunstverket av Aase Botnmark?

Ho og syskena hadde fått det av ei kunstglad tante og funne ut at kunstnaren kom frå Botnane.

Bronseskulpturen «Møte» får seg ein godt synleg plass i forsamlingslokalet i Botnane grendahus, der den andre skulpturen grendalaget eig står.

– Det er ei glede å gje denne skulpturen i gåve til grendalaget, og vi håpar han med det kan glede mange, seier Tone Aasrud. 

 

Tone Aasrud og syskena Mette Aasrud og Knut Morten Aasrud har ei tante, Berit Sæthersmoen (f. 1930), i Nittedal, som har vore ein ivrig kunstsamlar. Ho har gjeve dei mellom anna denne skulpturen, som er signert Aase Botnmark. Tone Aasrud googla for å finne ut meir om kunstnaren, og fekk opp artiklar på www.Botnane.no og skjønte at Aase kom frå Botnane. Tone Aasrud har sjølv budd i Florø i 45 år og skriv dette:

Vi oppdaga at Botnmark kjem frå Botnane og at Botnane og Årebrot grendalag samlar hennar kunst i det gamle skulehuset. Det er ei glede for oss å gi denne bronseskulpturen i gåve til grendalaget, og vi håper at den med dette kan glede mange. Særleg var det kjekt å høyre at skulpturen har foreldra til Aase Botnmark som modellar. Sidan eg har budd i Florø sidan 1978, skal vi også finne eit høve til å besøke Botnane og sjå kunsten til Aase Botnmark.

Ynskjer du å lese meir om Aase Botnmark (1927-2012) kan du gå til stykket «God tur heim, mor» på sida vår for historikk. I samlinga med 22 deponerte skulpturar i skulestova i Botnane grendahus finst også gipsfiguren til «Møte», slik Aase forma han før han vart støypt i bronse.

Nokon av oss har trudd at foreldra hennar, Sanna og Kåre Øvrebotten, var modellar for denne skulpturen. Det meiner også nokon som dei var besteforeldre til. Men brorson til Aase, Steinar Øvrebotn, meiner ho har brukt seg sjølv og mannen Kåre Botnmark som modellar. Han tykkjer han kjenner att andletstrekka, særleg hjå mannen. Vi har forhøyrt oss med eldste sonen til Aase, Wiggo Botnmark, som meiner å hugse at mora let seg inspirere av den legendarisk sketsjen «Ikke sant’a Kal», med skodespelarane Kari Diesen og Alf Nilssen.  Dei spelar uteliggarar som vert jaga frå ein benk i parken. Aase har gjort det gamle paret meir vanlege, slik gamle par ofte såg ut på 1960- og 70-talet, men kven som er modellar får vi aldri sikkert vite. Slik er det ofte med kunstverk, men det er uansett ein vakker skulptur.

Magni Øvrebotten 29. oktober 2023.

Haakon Aase ser over den nymura bakkemuren i Botnane i august.

Gråsteinsmuraren Haakon Aase har drive med kurs i turrmuring i 20 år, men veit ikkje kor mange han har lært opp. – Det har blitt ein del, seier han med eit nøgd smil. Tre-fire av dei held kurs og fleire har skapt seg levebrød med turrmuring, og så håpar han at mange driv med muring sjølve, anten som hobby eller yrke. Det byrja som eit prosjekt i regi av Norsk handverksutvikling, på Lillehammer. Målet var å få ein person sysselsett med muring. Det vart meir enn vellukka, no heiter det Norsk Håndverksinstitutt og driv kurs i mange handverk. Men 74-åringen har ikkje slutta å drøyme, han vil så gjerne ha i gong eit nasjonalt prosjekt for steingardar.

Denne draumen deler han med byantikvaren i Kristiansand, Jorunn Monrad. Dei ser føre seg ekstra innsats på nokre plassar der det er interesse for steingardar og muring, og der det har vore kurs. Meir konkret er det ikkje enno.

– Kva legg du i «ekstra innsats»?

– Då tenkjer vi på midlar til vedlikehald av eksisterande steingardar og tilskot for å kome i gong med t.d. kurs, slik at kunnskapen spreier seg der steingardane er. For å halde steingardane i hevd må du sjå verdien i dei, og ha evne og vilje til å halde dei ved like. Dei er ein viktig del av kulturlandskapet og historia vår.

– Kva forventar du at vi får utav dei to kursa i turrmuring i Botnane?

– Det var to kurs med veldig flittige og lærevillige folk. Vi fekk gjort mykje på to arbeidsdagar per kurs. Eg håpar deltakarane føler at dei har lært nok til å mure vidare sjølve, og at dei kan hjelpast åt med å vøle steingardar som treng det. Den største aha-opplevinga for fleire var at de kan bruke den steinen de har og tilpasse han muren de skal bygge eller vøle. Og i Botnane har de både steingardar og stein nok.

– Steingardar finst over heile landet, men steinrike bygder som Botnane/Årebrot har særleg mange,og vi er få til å halde dei ved like. Kurs kostar og det er ikkje lett å få tilskot til kurs og oppattbygging. Då kan slikt kulturarbeid bli for tungt for små bygder?

– Ja, det er ofte slik. Det er mellom anna dette eg fablar om at eit nasjonalt prosjekt kan vere til hjelp og skape ringverknadar for. Det finst ein del tilskot å få alt no, men ein skal kjenne til dei og det er mange om beinet, seier Aase

Haakon Aase er sjølv aktivt med i muringa på kursa han held. Her med den oppattmura steingarden mellom to gardstun i Sletten, som var oppgåva til den andre murekurset i Botnane.

«Kongemurarane» var læremeistrar

Haakon Aase hugsar ikkje kva som gjorde han oppteken av stein og murar. Men han har putla på med stein frå han var liten. Far hans mura litt, men sonen var ikkje med. Interessa kom meir og meir etter kvart som han vart vaksen, og eit kurs med Birger og Arvid Reigstad midt på 1990-talet vart viktig. Dei arbeidde som forskalingssnikkarar i Vegvesenet, der bruken av naturstein tok slutt på 1950-talet. I 30 år var det betong som galdt fram til ing. J. Sørensen i Vegvesenet kom på å ta i bruk att turrmuring i vegbygginga, fordi det var både rimelegare og vakrare. Brødrene Reigstad mura eit prøveprosjekt ved Handelshøgskulen i Bergen som slo godt an. Dei vart seinare hyra inn av Kongen til å mure på sommarhytta hans og fekk tilnamnet «Kongemurarane».

– Det at Vegvesenet tok i bruk turrmuren att har heva interessa mykje. No har bruken av naturstein i veganlegg nærmast eksplodert. Det kan stundom bli i meste laget.

– Kva meiner du med det?

– Jau, kvantitet kan gå på kostnad av kvalitet nokre gonger og somme stader. Presset har auka for å produsere flest mogeleg kvadratmeter på kortast mogeleg tid, og vi ser at det stundom går ut over det faglege, seier Aase.  Han meiner mange veganlegg i dag er for store og fører med seg altfor store inngrep i natur- og kulturlandskapet, og at dette heng saman med kvadratmeterkravet. Og det er meir han ikkje tykkjer om:

– I ein del byggefelt, og på private og heil- og halvoffentlege uteområde ser ein diverre svært mykje dårleg og stygg muring. Det skortar mykje på fagkunnskapen hjå ein del entrepenørar og utbyggjarar, seier han med ettertrykk. Likevel kjenner han seg trygg på at handverket turrmuring kjem til å overleve. Der er han optimist.

– Steingardane er eit umåteleg viktig innslag i kulturlandskapet vårt. Dei fortel oss korleis samfunnet var og korleis jordbruket har utvikla seg. Og ikkje minst fortel dei om ein kolossal innsats for matproduksjonen i landet. Dessutan er dei vakre. Generelt er eg meir oppteken av å ta vare på steingardar og bygningar av stein enn av å bygge nye.

– Kva med at mange steingardar var vorte rivne fram gjennom åra?

– Å, ja, det skjer framleis det. At ein tek ned steingardar for å få betre plass. Men det er fleire som vil ta vare på dei no, sjølv om motkreftene er der framleis. Dei du veit som meiner at det er berre å rive «den gamle driten» og få opp noko nytt og moderne. Men dei siste åra har det kome med ein god del yngre menneske på kursa mine. Dei er opptekne av og vil lære tradisjonshandverket, seier Aase, som også kan glede seg over fleire kvinner på kursa. – På dei to siste kursa eg har hatt, på Voss og i Botnane, var det flest kvinner. Det skjer stadig oftare. Vi er i ferd med å få bukt med myten om at muring er tungt mannfolkarbeid. Det gjeld mest å lære seg teknikkar ein kan handtere både steinen og slegga med.

Parti av den lange steingarden mellom to gardar i Nordbotten. Ein av mange flotte steingardar i Botnane, dei fleste mura på 1880-90-talet, etter jordskifte mellom gardane.

Fleire steingardar kring Storrøysa i Sørbotten, den fremste går frå vegen og heilt ned til sjøen. Ein av dei steingardane som vart kutta tvert av ved vegen for å oppfylle Vegvesenet sitt krav til avstand mellom steingard og veg.

Steingardane er ikkje freda

– Har vi lov til å rive ned steingardar?

– Steingardane er ikkje freda, sjølv om mange trur det. Men i mange kommunar er dei omfatta av sokalla omsynssoner, som seier at dei er verd å ta vare på. Steingardane har nytteverdi den dag i dag, ikkje berre som eit godt syn for auga. Dei er effektive gjerde for beitedyr og hagebruk, sjølv om ein nokon stader må sette eit gjerde på toppen av dei for å halde ute dei dyra som hoppar høgast. Å gjerde inn ein grønsakhage med steingjerde skaper ein eigen biotop for grønsak- og bærdyrking, som har blitt så populær dei seinare åra.

– Kan alle lære seg å mure?

– Ja, du skal vere ein bra treneve for å ikkje lære det, men du må ha rettleiing og trening. Vi er ulike personlegdommar også når vi murar. Nokon vil ha det fort gjort, andre likar å bearbeide steinen, andre tykkjer det er greit med hol i muren, andre vil ha tetta dei. Når fleire murar i lag kan det vere artig å sjå korleis dei finn ut av det i lag, eller ikkje gjer det. Når ein finn utav det er det eit kjekt lagarbeid å mure i lag med fleire.

– Korleis tek vi vare på ein steingard?

– Det er alltid eit visst behov for vedlikehald, og muren kan vere godt mura og mindre godt mura mura frå fyrst av. Dei kan dessutan vere mura på lite solid grunn, og dei er i rørsle og det ramlar ut stein. Før var det vanleg å sjå over steingardane om våren. Byrjar dei fyrst å rase ut aukar det på med forfallet, det er viktig å få teke det i tide. Å renske dei for mose og tre før det får sett seg fast er også nyttig. Høgt gras, kratt og skog bør ikkje få ta over rundt dei, for då vert dei lettare skadde og syner ikkje så godt i kulturlandskapet som dei fortener, seier Haakon Aase.

 

At denne steingarden framleis stå er mest vanskeleg å skjøne. Stadig vaska av floa og delvis bygd på hole berget. Ligg på spissen av Skjerven, rett sør om fiskeanlegget, i den sokalla Timbrevikja. Ein ser han best frå vegen rett sør om brua over Søre elva i Øvrebotten.

 

Tekst og foto: Magni Øvrebotten 27. september 2023.

 

Om du vil vite meir om steingardar og muring:

Sjå Riksantikvaren si nettside www.riksantikvaren.no og Espen Martinsen sin artikkel «Gamle steingjerder»

Og boka «Mur, far og dotter». Kjersti Aase Winjum si bok om å lære muring av Haakon Aase. Skald Forlag 2022.

 

 

 

 

 

Kursdeltakarane 14.-16 sept. : Framme frå venstre: Kjersti Straume-Sande, Heidi Yttrehus, grunneigar Ingrid Bruflot og kursleiar Haakon Aase. Rad 2: Sigbjørn Holsen, Anita Aase Heimtun, Signe Viksøy Sande, Frode Øvrebotten, Asgeir Holsen, Randi Hatlem og Øyvind Heimtun.  

– Eg trur jammen eg har fått meg ein ny hobby. No gjeld det berre å halde fram der vi slutta. Slik oppsummerte Kjersti Straume-Sande det andre kurset i turrmuring som tok ned og mura oppatt ein steingard mellom hennar gardstun og naboen sitt. Det var også ho som føreslo for grendalaget at det skulle få til murekurs med Haakon Aase, den kjende gråsteins-muraren frå hennar heimtrakter på strilelandet. Det var så stor interesse for kursa at grendalaget bestemte seg for å arrangere to kurs i turrmuring, med til saman 18 deltakarar, ti menn og åtte kvinner. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjersti Straume-Sande er klar til å mure vidare på steingarden i Sletten.  Grunneigar Ingrid Bruflot heldt kursdeltakarane med sveler, skillingsbollar og kaffi. 

I området til Botnane og Årebrot grendalag er det mange steingardar og dei fleste er frå 1880-90-åra då det var utskifting og gardane gjekk frå ei bot her og ei der, til meir samla jordstykke. Det må ha vore dyktige murarar her sidan steingardane stort sett står, men med ein del utrasa sår. Og Vegvesenet sitt krav om ein viss avstand til vegen gjorde at mange av dei er øydelagde i den berande enden. Vona til grendalaget er at kursinga skal gjere folk interesserte i og i stand til å bygge dei oppatt der det trengst. Og kanskje kan det bli nokre arbeidslag utav dei som går kurs i lag og kan hjelpast åt med murar som treng vøling? Det er eit kjekt lagarbeid.

 Kursdeltakarane tok ned og mura oppatt 2/3 av denne steingarden. Foto: Magni Øvrebotten.

Kursa til Haakon Aase starta med eit par timar med teori der vi lærde om kistemurar, band, tverrband, bandtjuvar og fleire andre faguttrykk vi prøvde å halde styr på. Og om bøgardane som slyngar seg etter terrenget og kan vere utgamle, medan skiljegardane er heilt rette på begge sider og markerer skiljet mellom to gardar. – Det er ufatteleg kva arbeid som er lagt ned her i landet for å rydde landbruksmark, seier Haakon Aase, og legg ikkje skjul på at han tykkjer murane vert tekne for lite vare på. – Mange stader har dei ikkje vore vatn verdt, sjølv om dei er ein del av kulturarven og kulturlandskapet vårt, sa han og synte til Skottland som har eit betydeleg høgare nivå på vedlikehaldet av steingardane enn her til lands. Men respekta har auka også i Norge, meiner Aase.

Kursdeltakarane på kurset 17.-19. august: Frå venstre: Åge Sørbotten, Bjarte Haaøy Nes, Trond Amland, Sunniva Sørbotten, Haakon Aase, Kristian Øvrebotten og Torbjørn Øvrebotten.

Haakon Aase sine kurs i turrmuring byggjer på prinsippet om å lære-med-å-gjere-det og han er sjølv aktivt med i arbeidet. Kvart kurs er to heile arbeidsdagar og steinen er den området har å by på. I Botnane er det mest devonsk sandstein, ei hard bergart, henta frå ei steinur Torbjørn Øvrebotten eig. Han og Åge Sørbotten plukka ut og køyrde til stein. Vi skulle lære å mure med alt slags stein og formasjonar og trudde knapt det var mogeleg då fyrste kurset byrja på ein bakkemur i Øvrebotten. Den muren skal hyse tur- og historie-skilt. Ein bakkemur har berre ei framside, men det er viktig å legge fyllmassen bak for hand, med passeleg stor sein.  – Det viktigaste i muren er det du ikkje kan sjå. Svært viktig korleis bakfyllet er lagt, det er ikkje berre å hive oppi noko rusk, formante Haakon Aase. Vert det synda der rasar muren lett ut og ein er like langt.

Ferdig bakkemur som skal brukast til diverse skilt om turar og historie.

– Det beste med dette kurset er at eg har lært at eg kan bruke den steinen eg har rundt om på garden, eg treng ikkje fare rundt å leite etter høveleg stein. Den kan eg forme til sjølv, sa Bjarte Haaøy Nes i oppsummeringa av fyrste kurset 17.-19. august, nokre av dei varmaste dagane i heile sommar. Det var åtte deltakarar på dette kurset og røynsla var at muren godt kunne vore lenger for så mykje arbeidsfolk.

Toppen av steingarden i Sletten. Foto: Kjersti Straume-Sande. 

Det andre kurset, 14.-16. september, hadde ein lang steingard til rådvelde, der vi kunne mure frå tre kantar og begge sidene skulle ta seg godt ut. Trong vi meir arbeid var det berre å ta ned meir av muren. Han ligg mellom to gardstun i Sletten og grunneigar Ingrid Bruflot fann ut at den opphavlege muren var 140 år gamal. Ho heldt murelaget med nysteikte sveler og skillingsbollar, noko som overskugga litt regn siste kursdagen.

– Snu steinen sju gonger til han til slutt hakar seg fast, var eitt av råda vi fekk røyne sanninga i då vi her mura med både rullestein, heller og svære beist av nokon steinar, som vi måtte bruke sliskar for å få oppi muren. På dette kurset var det fleirtal med kvinner og Haakon Aase lurer på om det held på å bli ein «trend». – Kurset i Botnane er andre kurset på rad der det har vore flest kvinner. Kanskje er det rett før det vert i turrmuringsfaget som i legestanden, at kvinnene tek over! Mange trur at det er så tungt å mure at det ikkje er for kvinner. Det stemmer ikkje. Det gjeld for alle å lære seg teknikkar for å få steinen på plass, meiner Haakon Aase, som var svært nøgd med arbeidsinnsatsen på begge kursa i Botnane.

Ferdig mur og godt med stein til vidare muring. Foto: Kjersti Straume-Sande

 

Tekst: Magni Øvrebotten, som var med på begge kursa. August/september 2023.

 

 

 

 

 Kari og Asgeir framfor husa på Aulestad, der Kari vaks opp. Foto: Privat

Kari Brun Ågotnes vaks opp på Aulestad, i drengestova på garden til Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson. Kari var fem år då familien flytta til Gausdal i 1975. Far hennar, Jakob Ågotnes, var konservator på Maihaugen på Lillehammer, med ansvar for Aulestad. Det er ein stor kontrast til småbruket Støylen i Botnane, som mannen hennar, Asgeir Øvrebotten, arva etter far sin Jon. – Her finn vi roa. Å sitte her og sjå utover sjøen, høyre på fuglesongen og nyte stilla gjer godt. Vi er her så ofte vi kan og kanskje er det her vi endar opp som pensjonistar, kven veit? seier Kari entusiastisk. Asgeir seier minst mogeleg, for det er kona som skal intervjuast no.  

 Asgeir og Kari framfor huset på Støylen i Botnane, småbruket Asgeir arva etter far sin. Foto: Magni Øvrebotten.

– Det å vekse opp på Aulestad gav meg interesse for ord, språk, kultur og musikk. Kanskje kan eg samanfatte det i kultur og historie. Det var spennande å gå i romma på Aulestad og sjå all kunsten som hang der, høyre historiene som knytte seg til folka og staden og å gå på små intimkonsertar i dei mange stovene. Den fyrste kassetten eg fekk var av Paganini, og eg fekk han av far og mor fordi eg var så interessert i klassisk musikk, ler ho.

Før eg rekk å spørje meir om det legg ho til at ho var like glad i gamaldans. Stengård og Midtliens kvartett var frå Gausdal og Kari var aktivt med i gamaldansmiljøet. – Eg elskar å danse og vurderer om eg skal reise til Førde på Landsfestivalen i gamaldans, for å få danse. Som lita jente dansa ho hovudrolla i den fyrste gamaldansvideoen i Norge. – Den ligg på YouTube og heiter «Å, hei er`e du?» legg Asgeir hjelpsamt til.

Sjølv meiner Kari at ho lærde seg formidlarrolla på Aulestad. Korleis fortelje om Bjørnson på ein levande måte, og ha noko meir å fortelje enn at han var kvinnfolkgalen og historia «Hopp Karoline». Dei var så mykje meir, begge to, og Karoline levde lenge etter at han døydde i 1910. For sjølvsagt var Kari omvisar på Aulestad, og det som i si tid var jenterommet hennar er no kontor for omvisarane. Drengestova har blitt kafe og bilettutsal på Aulestad.

– Hadde inga hast med å bli vaksen

Kari var 22 år gamal då mor hennar, Ingrid, fekk kreft og døydde i løpet av 4.-5.månadar i 1992. – Vi var ikkje budde på det nokon. Eg er yngst av tre sysken, har to eldre brør, og fram til mor mi vart sjuk hadde eg ikkje hatt noko hast med å bli vaksen. Eg studerte litt her og der, men var mest skilærar. Dreiv med det i to år, på Skeikampen, Hafjell og Kvitfjell, og likte det veldig godt.

Skilærar Kari i bunad i American Ski Magazine i 1992, i ein førehandsreportasje om OL på Lillehammer i 1994. 

– Men då mor di døydde tok du fatt på studiane?

– Ja, mor mi hadde vore tysklærar og hausten etter at ho døydde reiste eg til Tyskland for å lære meg tysk. Og eg la jentenamnet hennar, Brun, til i namnet mitt. Vel heime att byrja eg på Høgskulen på Elverum, på den då nye utdanninga kommunikasjon- og samfunnskontakt. Der var eg i to år før eg tok ein BA i kommunikasjon ved Universitetet i Edinburgh, fortel Kari Brun Ågotnes. Ho likte å studere i utlandet og i 2000 tok ho Mastergrad i kommunikasjon i Australia.

Kari er oppteken av at kommunikasjon er eit fag, som diverre mange blandar saman med journalistikk, meiner ho. – Innan kommunikasjon driv vi ikkje og grev etter skandalar eller spring etter folk på gata med mobilkamera. Kommunikasjon er å skrive om saker og emne slik at dei vert skjønelege også for dei som ikkje er fagfolk på området. Vi skriv, forenklar og kortar ned på til dømes lange utgreiingar og rapportar, og i Oslo er det mange av oss som er informasjonsfolk i ulike verksemder og offentleg forvalting, seier Kari. I dei 25 åra ho budde der var det ikkje vanskeleg å få kommunikasjonsjobbar, men i Florø og Førde har ho opplevd det som uråd.

– Der tilset dei berre journalistar frå NRK eller Firda. Det er som om kommunikasjon ikkje er eit fag her, seier Kari, som sjølv måtte til Bergen for å få arbeide med faget sitt, som seniorrådgjevar i Skattetaten. Dette emnet skal vi kome attende til, men fyrst må vi få på plass korleis Kari Brun Ågotnes frå Gausdal og Asgeir Øvrebotten, frå Florø, vart eit par, då ho var 43 og han 49. Om nokre månader er det ti år sidan.

 

 Sommar i Botnane. Foto: Privat

Kari kom for seint til fyrste møte

Eldste bror til Kari gifta seg med ei dame frå Førde og den andre med ei frå Hellessylt. – Då måtte eg finne meg ein vestlending eg óg. Etter mykje vegring gjekk eg på nettet for å finne «den rette». Eg var livredd, kva kunne eg ikkje rote meg borti der?

Asgeir fortel at dei møttes på sjekkestaden Sukker.no, som er for folk som er ute etter meir seriøse forhold. – Kari kom for seint til fyrste møte og orsaka seg med at ho hadde vore på eit møte i Stortinget. Ja, ja, tenkte eg.

– Det var no sant, skyt ho inn, men vedgår at ho var redd for å rote seg borti ein galning. I løpet av samtalen kom det fram at Asgeir hadde jobba i Marokko saman med ein ho kjende. Dermed fekk Kari høve til å sjekke ut kva type Asgeir var, og kameraten gav Asgeir gode skussmål og lova Kari at «Det blir mykje latter og synging med den karen». Og det har det blitt, slår ho fast. Asgeir flytta inn til henne etter tre dagar.

– Etter nokre månader kjøpte vi oss leilegheit på Montebello og det tok eit halvt år før vi våga seie det til nokon. Når folk spurde kvar vi budde sa vi at vi budde «mellom Smestad og Røa». Vi drog ned gjennomsnittsalderen på Montebello med 70 år og aldri i livet har eg sett og opplevd mykje spesielle folk. Men også veldig fine folk, seier Asgeir. Naboen tykte det var rart at dei hadde berre ein bil, han hadde fem! Dei dreg opp eit persongalleri ein ikkje trur finst, sjølv om mange av oss hugsar komikaren Trond Kirkvaag sine mange Montebello-sketsjar om overklassen på Ullern i Oslo.

 

Kari Brun Ågotnes sa opp ein godt betalt jobb i Oslo og flytta til Florø. Foto: Magni Øvrebotten.

Gamaldags syn på kvinner

Asgeir flytta attende til Florø i 2016 som avdelingsleiar i NorSea Group, på basen. Han pendla mellom Florø og Oslo til 2019, då Kari også flytta til Florø. – Eg flytta etter 25 år i Oslo og følte meg heilt crazy som gjorde det. Eg sa opp ein godt betalt jobb i Oslo og fekk meg ny jobb i Florø. Der var eg ein av tre personar som vart tilsette i august eine året og sagt opp i mai året etterpå. Det var heilt surrealistisk. Då kan du tru eg angra på at eg hadde flytta, og betre vart det ikkje når eg søkte og søkte på jobbar eg kjende meg kvalifisert for, men ikkje fekk.

– Kvifor fekk du dei ikkje?

– Det er ikkje godt for meg å svare på det. Men eg opplever eit meir gamaldags syn på kvinner her enn eg var van med i Oslo. Eller kva seier du til at ein eldre hovudjeger spør meg om kvifor eg ikkje har barn? Når eg seier at det ikkje har noko med jobben å gjere så står han på sitt og krev eit svar på det. Eg opplever også at her er mange reine karamiljø i ulike maktposisjonar. Det er slikt vi trur det er slutt på, men her leve dei i beste velgåande og dei tilset folk dei kjenner og likar. Helst menn.

– Angrar du framleis på at du flytta frå Oslo?

– Nei, ikkje no lenger, men tida frå då jobben forsvant over natta i Florø til eg fekk ny i Skatteetaten i Bergen var tung. Eg hadde mitt eige føretak og du tener ofte best når du er innleigd på konkrete prosjekt, men eg likar meg best i eit arbeidsmiljø.

– De er attende til pendlinga?

– Ja, vi har leilegheit på hamna i Florø og eg har i Bergen. Vi byter på å reise til kvarandre i helgane, og dreg ofte på turar både i inn- og utland. Far min flytta attende til Sotra i 1997 og no er han ein eldre mann. Frå hausten av skal eg bu hjå han når eg er i Bergen.

Tunet på Støylen i Nordbotten. Foto: Magni Øvrebotten

Støylen har blitt meir heime

– Støylen og Botnane har vorte meir heime for meg etter at begge foreldra mine er døde og eg selde barndomsheimen i Florø, seier Asgeir. Han er einebarn og var mykje med foreldra Jorunn og Jon Øvrebotten til Botnane då han var barn. Her hadde han to jamaldra leikekameratar, Rune (Nordbotten) og Leif Helge (Sande) og var gjerne med hit. Når Asgeir vart eldre var det å vere med på hjortejakta, og det er er han framleis. Begge foreldra hans arbeidde på skipsverftet Ankerløkken i Florø.

– Far min var svært glad i heimbygda Botnane og eg er veldig takknemleg for at han pussa opp og bygde på huset her på Støylen, bygde molo, ja, la til rette for å bu her. Han skulle til å nyte det då han fekk slag i 2009 og døydde ei veke før han var 80 år, i 2010. Mor mi døydde i fjor.

– Kva forhold har du til Støylen, Kari?

– Eg likar med godt her. Her finn vi roa, og for oss som pendlar og reiser mykje er det godt å kunne lande her med jamne mellomrom. Sitte og sjå utover sjøen, høyre på fuglesongen og nyte stilla gjer godt. Vi er her så ofte vi kan og kanskje er det her vi endar opp som pensjonistar, kven veit? seier Kari.

Dei nyt høve dei har til å reise mykje og oppleve verda. Konsertar og teater står ofte på programmet. Kari har vore styremedlem i Opera Norge i to år (samanslutting for alle som driv med opera her i landet), eit verv som har gjeve henne mange operaopplevingar, og Asgeir er med. – Kari styrer med alt som skjer på ei scene og dreg oss med på det, seier Asgeir. Snart skal dei til Operaen i Budapest og neste år skal dei feire Asgeir sin 60-årsdag, 4. juli, i New York.

Kari i løyper med puddersnø på Støylen i 2021. Foto: Privat

– Men det er lite å gjere for ein skiinstruktør i Botnane, Kari?

– Ja, nei, skigåing er det lite med. Men vi har eit fantastisk minne frå korona-tida, trur det var vinteren 2021. Då var det ganske mykje snø her til Botnane å vere. Nabo Rune laga ei  skiløype som strekte seg over fleire gardar og vi og familien hans gjekk rundt og rund, og rende i puddersnø ned bakken frå huset til Elisabeth og Rune. Det var skikkeleg puddersnø! Eg var så begeistra at eg sende bilete til brørne mine, som også er skiinstruktørar, og samanlikna puddersnøen i Botnane med snøforholda vi tre hadde hatt på puddersø i Canada. Og eg meinte det! seier Kari Brun Ågotnes.

Intervjuar  Magni Øvrebotten 31. juli 2023.

 

 

 

 

 

Bygdehelga i Botnane og på Årebrot vart skikkeleg kjekk! Mykje folk og god stemning. Eit variert program med noko for både små og store. Berre godord å høyre. Vi starta med konsert og avslutta med den tradisjonelle sommarbasaren. Mellom der var det fiskekonkurranse, gudsteneste, fellestur og turnering i diskgolf/sendebrett på bana som vart opna. Med basaren og matsal både fredag, laurdag og søndag sit grendalaget att med kring 40.000 kr til drifta av laget og husa våre.

Og så takk til alle som stilte opp for å få gjennomført alt. Særleg dei som ordna med maten! Tusen, tusen takk! 

 

 

Alle lika jazz-rytmene på fredagskvelden

Sving jazz frå Sørgulen på fredagskvelden med New old jeans – frå venstre Kristian Skaar, Espen Skartun og Ellise Tuul. Og det vart fullt hus før dei slapp til! Både eldre og yngre likte det dei høyrde, frå Django Reinhardt til Duke Ellington og Briney Spears.

 

Dei unge vann

 

 

 

 

 

 

Det var dei tre gutane, Mio, Ivar og Oliver som vann premiane under fiskekonkuransen i Nøre vatnet. Det vart konkurert om den minste fisken i lengde, den største fisken i vekt og flest fiskar. Mange vaksne og ungar deltok, og det vart fiska frå 10.30 til 12.00. Alt leia og målt av Vetle. Og premien til han som fekk største fisken var sjølvsagt ein stor fisk.

 

God mat og alle fekk

Medan fiskarane var på veg ned frå Nøre vatnet hadde Hannele og Marion opna kafeen med både varmrettar, kaker og drikke! Maten var heilt fortreffeleg – og folk åt og åt. Opningstida måtte utvidast slik at alle fekk mat!

Det første idrettsanlegget i Botnane!

Laurdag den 14. juli vart diskgolfbana, eller sendebrettbana som vi vil kalle det, offisielt opna! Bana har 20 korger og går i den gamle beitemarka i Øvrebotten på båe sider av Sørdalselva. Starten er ved grendahuset, litt bortafor inngangen til Diktarstien.

Rune Nordbotten (t.v.) har vore primus motor for å få til bana og fått hjelp frå fleire i arbeidet med å få på plass korger, utkastplassar og skilt. Bygginga av bana har fått spelemidlar og støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Det vart arrangert turnering  med 15-20 deltakarar då bana vart opna.

 

 

 

Ein strabasiøs fjelltur

Friskusar på tur Husefestdalen-Uradalen
Det kom mykje regn natt til søndag, noko som gjorde det strabasiøst å passere elvar på turen Husefestdalen – Uradalen. Medrekna turleiar Torleif Seljestokken var det fire som gjekk turen.

Ei fin stund

Vi var 15 samlet til høytidelig gudstjeneste i Botnane grendehus søndag i bygdehelga. Deretter var det kirkekaffe. En fin stund.

Av Grethe Thorsen Nøttingnes (på facebook)

Bra med folk, god mat og bra loddsal

Bygehelga vart avslutta med den tradisjonelle sommarbasaren på Årebrot grendahus. Gymsalen vart fylt opp av 80 små og store – og praten gjekk samstundes med loddsal og matservering. Her var mange flotte gevinstar som vart trekt til glede for mange. Her vart servert mykje god mat – og kjøkkengjengen sto på heile tida. Tusen, tusen takk til dei som gjorde jobben.

Det økonomiske resultatet av heile bygdehelga vart om lag 40.000 kr i netto inntekt. Ein god sum som vert brukt til drift og vedlikehald av dei to grendahusa som grendalaget no eig.

 

Tekst og foto: Åsmund Berthelsen

 

Når du kjem til Botnane legg du i sidesynet merke til ei litt smålåten, men samstundes særprega hytte i kanten av bøen. Det er steinhytta Odd Sande (1934-2008) sette opp på heimegarden i Sletten. – Vi byrja på hytta i 1968, etter at vi kom att frå tre vekers bryllaupsreise til Mallorca. Alle var med og bar stein, fortel Randi Sande (83) og stryk varleg over den siste steinveggen Odd fekk mura opp.

Randi har vore i Botnane kvar sommar sidan ho møtte Odd Sande på Stord i 1967.
– Det finst ikkje finare plass. Når det er så fine kveldar som vi har hatt no kan eg mest ikkje leggja meg. Eg kan sitte her i timesvis og nyte havet, lyset, solnedgangen og båtane som fer forbi i skipsleia. Ho går rett forbi stoveglaset her. Om eg ikkje får sove står eg berre opp og går inn her og set meg og ser utover Frøysjøen. Det er reine sjelefreden å sitte slik, seier Randi og peikar ut gjennom fasaden av glas og aluminium, frå golv til tak.

Utsikta mot Frøysjøen og skipsleia. Foto: Privat.

Odd hadde heilt frå unge år drøymt om å sette seg opp ei hytte her på Blåkvia, omgjeven av lange murar av rullestein og med utsikt over heile Frøysjøen. Det var eldste bror hans, August, som då hadde garden. – Alma og August hadde masse besøk om somrane og hyste oss alle i huset sitt. Eg fattar ikkje korleis Alma makta det med mat og sørvis til så mykje folk, og ho arbeidde både ute og inne, seint og tidleg. Vi kjende sterkt på at vi måtte skaffe oss noko for oss sjølv om vi skulle vere her så mykje. I 1972 flytta vi inn i hytta, utan vatn og toalett. Det var nokså kummerleg og vi var ikkje før komne inn før heile familien min kom på besøk. «Ja, her manglar berre salongbordet», sa bror min då han steig inn her fyrste gongen.

– Var det oppveksten med mykje stein kring seg som inspirerte Odd til å bygge hytta i stein?

– Nei, det var heller på dei mange utanlandsturane sine han fekk inspirasjon til det. Som lærar i kunsthistorie og forming på Lærarskulen på Stord (no Høgskulen på Vestlandet) var han årleg på studieturar med elevane sine nedover i Europa. Der er stein mykje bruk som byggemateriale, stein og mørtel, nett slik han gjorde det på hytta.

– Men det er ikkje gjort i ein fei å sette opp ei hytte av stein, både i inne- og ytterveggane?

– Nei, det var eit slit. Eg hugsar at det var mest uråd å grave i jorda her. Det var berre stein, men det var byggematerialet vi la i haugar. I tillegg var heile familien med og sanka stein. Eg hugsar mor hans, Birgit, gamle dama, kom berande med stein til yngsteguten si hytte i ei bytte, minnest Randi og rister på hovudet. Kameraten Erik Reknes og broren Mathias var gode hjelparar. Frå fyrst av var fleire med å mura, men etter kvart vart Odd så nøyen med korleis han ville ha det at han ville gjere det sjølv. – Typisk nok var han mest nøgd med siste muren, som han mura med ein ryggsekk med surstoff på ryggen, etter at han fekk lungeemboli (blodpropp i lungene), fortel Randi.

Dette var siste veggen Odd mura, fortel Randi Sande. Foto: Magni Øvrebotten

Viktig å skape tradisjonar

Odd vart sjuk i 2002 og døydde i 2008, og han hadde byrja å bygge på hytta då han fekk sjukdomen. Dei måtte finne andre til å fullføre utvidinga av hytta. Det vart snekkaren Lars Djuve, frå Stord, som reiste nybygget og skifta fronten frå tre til aluminium. – Han budde her og var avgjerande for å få hytta ferdig. Vi er svært nøgde med det arbeidet han gjorde og eg trur han er litt stolt av det sjølv også, seier Randi.Randi og Odd Sande bygde seg hus på Stord og arbeidde begge på på lærarskulen der. Dei fekk to barn: Silje i 1971 og Olve i 1976. Det var viktig for foreldra at dei skulle trivast og bli glade i Botnane, slik foreldra var det. Dei var opptekne av å skape tradisjonar, som å hjelpe til på garden, vere med på sjøen å fiske, brenne bål, osv. Randi føler at dei lukkast med det og frydar seg over at Silje tek tradisjonane vidare til borna sine.

– Silje er veldig knytt til Botnane og det er dei fire sønene hennar også. Det gler meg veldig å sjå og oppleve det, seier Randi og skryter i same venda mykje av svigersonen Espen. Han er nevenyttig og ser kva som må gjerast med hytta. Det kjem vel med når det er dei som tek over. Randi føler hytta Odd skapte er i trygge hender.

– Det gjer meg godt å kjenne på det. Odd var veldig, veldig glad i Botnane. Men han ville helst vere her ute på hytta. Eg masa om vi ikkje kunne gå turar, men nei, han ville vere her og styre på. Det er rart, for elles hadde han stor utferdstrong. Vi reiste mykje rundt i verda, men her ville han vere i ro, og det var alltid noko å gjere.

– Han gjekk inn i tradisjonen med å arbeide støtt?

– Ja, han var nok ein del av den, men vi hadde ein pause midt på dagen og mykje besøk gjorde at vi ikkje berre arbeidde. Vi hadde det kjekt og treivst godt her. No sit eg og les i hyttebøkene og minnest oppatt, og er overraska over kor mykje godt ver det har vore her. Det står så i bøkene!

Familien Sande i 1986. Randi, Olve, Silje og Odd. Foto: Privat.

Etter at Odd døydde i 2008 selde Randi huset på Stord og flytta til Oslo, der dottera Silje Sande og familien bur. Etter det har hytta i Botnane vore staden for sams minne og opplevingar, og ein stad å samle born og borneborn. I fjor døydde sonen Olve brått, berre 44 år gamal. – Det heiter seg at «Livet har mangt i sine gjemmer» og det er godt vi ikkje veit kva det vil by på. Etter at Olve døydde har det vorte endå viktigare for meg – og Silje – at dei to døtrene hans i Sandnes blir godt kjende med syskenbarna sine i Oslo. Jentene har ei fantastisk sterk og dyktig mor, men det er godt å ha ein større familie å støtte seg på i livet. Olve var veldig glad i jentene sine og det er vi i familien hans også.

Borneborna gjev meg mykje glede

Som dei fleste bestemødre strålar Randi litt ekstra når det vert snakk om dei seks borneborna, og eit bonusbarnebarn i Espen si dotter. – Dei har gjeve meg mykje glede og eg har ikkje eitt barnebarn for mykje. Det er spennande å sjå kva dei tek seg til i livet. Vi var nett i Skottland i bryllaup til det eldste, ei fantastisk oppleving, fortel Randi. Ein dotterson går på Krigsskulen og det skaper litt ekstra uro i eit bestemorhjarte slik situasjonen er i verda. Men dei må få gjere det dei sjølve har lyst til, slår ho fast.

Odd Sande og eldste dottersonen etter at Odd var blitt sjuk, og før hytta var ferdig påbygd. Foto: Privat.

 – Det er heldigvis slik at dei fleste kan bli det dei ynskjer i dag, i alle høve med omsyn til økonomien i å utdanne seg. Odd fekk gå realskulen i Svelgen fordi bror hans, Mathias, lånte han pengar. Mathias var ti år eldre, arbeidde på anlegg og skjønte at broren hadde evner for det boklege. På det viset kom Odd inn på lærarskulen i Volda, og til det kunne ein få lån. Odd betalte sjølvsagt attende pengane til Mathias, og eg har ofte tenkt på at det var utruleg flott gjort av ein storebror. Storesyster Oline og mannen hennar, Abraham Øvrebotten, var óg med og oppmuntra Odd til å ta utdanning.

Etter lærarskulen i Volda og utdanning som formingslærar på Notodden vart Odd Sande formingslærar på Stord lærarskule. Seinare tok han kunsthistorie grunnfag, saman med Dronninga, dåverande Sonja Haraldsen, og mellomfag i kunsthistorie etterpå. Det var tresløyd og kunsthistorie som var spesialfaga hans som lærar på Lærarskulen på Stord. Der møtte Randi han siste året ho gjekk på lærarskulen. Ho gjekk vidare på Statens gymnastikkhøgskule og tok mellomfag i pedagogikk i Trondheim, og fekk seg jobb på   Stord.

– Eg fekk stillingar eg ikkje tykte eg var kvalifisert for, så etter kvart reiste eg og tok hovudfag i pedagogikk i Oslo, medan Odd styrde heime med to ungar. Eg var heime ein gong i månaden. Då eg kom heim att fekk eg tilbod om å bygge opp utdanninga av førskulelærarar på Stord, på det meste hadde vi tre paralelle klassar.

Randi Sande er glad i å vere i hytta i Botnane

– Det var kanskje jobben du gjorde der som gjorde at du vart rektor på Lærarskulen på Stord i 1988?

– Kanskje det, men eg søkte ikkje då den stillinga vart lyst ut. Men så vart eg oppmoda av personalet om å søkje og gjorde det. I mi tid som rektor var det mykje nybygg og utvidingar ved Lærarskulen på Stord. Jobben min vart mest å skaffe pengar til dette, så eg reiste mykje att og fram til Oslo i møte med ulike departement. Det var å stå opp grytidleg og vere heime att seint på kvelden, og lite tid til å vere ein del av det pedagogiske arbeidet. Det var lærerikt og kjekt, men etter fire år var eg utsliten og gav meg som rektor.

Randi Sande tykkjer det er bittert at det no er så få som søkjer seg til lærarutdanningane. Ho meiner læraryrket er det viktigaste yrket som finst, og det vert meir og meir krevjande å vere lærar. – Det er mange unge som slår frå seg å bli lærar når dei ser kor dårleg løn dei får, det må det gjerast noko med for å snu denne utviklinga, meiner ho. Hennar eigne beste minne frå livet som pedagog er når borna knekte lesekoden. – Det var ei like fantastisk oppleving kvar gong, seier læraren og rektoren Randi Sande.

 

 

                                                             Utsikta frå hytta på Blåkvia og ut over Frøysjøen. Foto: Privat

Intervju: Magni Øvrebotten 22. juni 2023.  

 

 

 

 

Ein av utkastrampene i diskgolfbana i Botnane

Den nye diskolfbana i Botnane vert opna laurdag 15. juli, kl.14.00, av Jostein Håland, frå Langevåg IL diskgolf, Sula på Sunnmøre. Han vart NM-meister og kongepokalvinnar i diskgolf i 2015. Håland har vore ei eldsjel for diskgolf i mange år og har fått fram mange gode diskgolf-spelarar, som har vunne Norgesmeiserskap siste åra.

Norgesmeister Jostein Håland, frå Langevåg  kjem til Botnane laurdagen i Bygdehelga  for å gje litt opplæring og tips om kast og kasteteknikk i diskgolf,  før det er individuell konkurranse.

Rune Nordbotten og svigersonen Fredrik Espedal er pådrivarane for diskgolfbana i Botnane. Ho ligg i kulturbeiteområdet bak grendahuset og er bygt på dugnad. – Vi er ikkje heilt ferdig med bana enno, det står att å få opp eit hovudskilt og eit lite skilt på kvar utkastrampe, seier Rune Nordbotten. Utkastrampane har fått namn etter kvar dei er plasserte, t.d. Gullkista, Kyrkjesteinen og Hogane, osv.

Laurdag 15. juli skal Jostein Håland gje opplæring og tips om kast og kasteteknikk i diskgolf ved grendahuset i Botnane, Det skjer kl.13.00, før opninga kl. 14.00 eller 14.30, alt avhengig av kor mange som ynskjer opplæring.

– Opningsdagen ser vi føre oss ein induviduell konkurranse, men folk kan sjølvsagt gå saman, seier Rune Nordbotten. Han er veldig spent på å høyre kva den dyktige diskgolfspelaren Jostein Håland seier om bana, og om ho er god nok til å bli brukt i konkurransar.

– Korleis skal opninga gå føre seg?

– Utan å fortelje for mykje skal Håland skyte ned eitkvart med ein disk, eller sendebrett om du vil kalle det det. Folk må møte opp og sjå, og det er lunsjkafe og kunstutstilling i grendahuset samstundes. Dei som har vore på fiskekonkurransen i Nøre dalen er også ferdige tidsnok til å få med seg opninga av diskgolfbana, seier Rune Nordbotten.

Les her om dugnaden på diskogolfbana i påska

– Denne hagen er Agnes sitt verk, eine og åleine. Ho planta løkar, staudar og rododendron i søkk og kav, særleg då ho vart eldre og nådde i folketrygda. Før den tid var det blomar på eit mindre område, for det var om å gjere at kvar minste jordflekk vart brukt til å dyrke gras for sauene. Det var nøysemd sett i system, seier Are Skoglund, som no er den heldige eigaren av Gamlebøen på Urane, der Agnes Uren (1903-1992) budde all sin dag. 

 

Ein kan nyte både utsikta og grøderikdomen frå uteplassen.  

Vi har fortalt historia om Agnes og folka på Gamlebøen før. Det var ho som i ungdomen hadde fått seg jobb på eit hotell i London og stod reiseklar då mora Juditta utbraut: «Kva med meg då?». Agnes blei verande, ho makta ikkje å la mora site att åleine med ei ku og fem sauer. Etter å ha gjeve opp London forlova ho seg med Mandius Sønnervåg, som hadde eit gardsbruk litt lenger nord på stranda. Dei var ringforlova, men det vart aldri noko giftarmål, for Mandius fekk tuberkulose og døydde på tuberkuloseheimen på Sandane i 1944.

– Agnes bar ringen til Mandius heile livet. Huset her var fullt av religiøse bøker og broderte bibelvers. Eitt av bibelversa har eg teke vare på: «Vær tro inn til døden, så skal jeg give dig livsens krone», står det. Det var ho verkeleg heile livet. Men ho snakka ikkje om det.

– Du kallar hagen her for «Kjærleikshagen», kvifor?

– Ja, det namnet var det Fridtjov (Urdal) som brukte fyrst. Han er meir poetisk enn meg, og kjende Agnes og folka her på Gamlebøen godt. Ho heldt alltid eit ope og gjestfritt hus. For meg er dette ein slags minnehage, for henne om Mandius, for oss andre om Agnes. Det fortener ho. Folk blir store i augene når dei ser kva blomsterprakt som skjuler seg bak steingarden og mellom steinane her.

 

Ein fordel med å bli pensjonist er å få med seg vårbløminga på Gamlebøen

– Reiser du hit for å få med deg våren i hagen?

– Ja, det var fyrst i fjor, då eg vart pensjonist, at eg skikkeleg fekk glede av våren i hagen her. Då var våren mykje tidlegare enn i år og med mykje rikare bløming. Alt kom på ein gong. Kulden og det ustadige veret gjer at det er seinare og mindre blomsterprakt i år. Men her er rikeleg likevel, seier han og ser utover ein hage der påskeliljene og narsissane er i ferd med å blomstre av, og dei fleste rododendronane ikkje har sprotte heilt enno. Dei er høge som tre, dei eldste meir enn 50 år gamle. Dei er eit syn i raudt, og snart sprett dei lilla, rosa og kvite også. Ulike blomar avløyser kvarandre utover våren, sommaren og hausten, sjølv om hjorten tek føre seg her også.

Are Skoglund har gjeve 17. mai-nemnda i Botnane og Årebrot grendalag ståande beskjed om at dei må kome hit og plukke blomar til å pynte med. Her er det fort gjort å samle seg store bukettar med påskeliljer, narsisser og rododendron. Han tykkjer det er kjekt om Agnes sin hage kan glede andre. Det ville ho ha likt.

 

 

Førebels er det berre dei raude rododendronane som blømer. Dei lilla, kvite og rosa står høge som tre med eit vell av knoppar.

 

 

 

 

– Korleis maktar du å halde hagen ved like?

– Nei, sei det du. Eg er ingen botanikar, hadde nok stroke om eg kom opp i det faget. Men eg er stolt av hagen og har fordel av at løkplantane formeirar seg villig. Eg prøver å halde dei store trea i sjakk, slik at dei ikkje skuggar for hagen.  Men eg slit mest med rosehekken Agnes planta fram på kanten mot sjøen. Ho kom heim med stiklingar etter å ha vore i systerdottera Tordis sitt bryllaup. Trekken frå sjøen skulle spreie den gode lukta bakover i hagen, og vere til glede når vi sat her, hugsar eg ho sa. Men eg kan ikkje fordra dei rosene!

– Kvifor ikkje?

– Dei stikk noko alldeles forferdeleg og eg likar ikkje å få hendene fulle av små torner. Dei verkjer ut att etter nokre veker. Det går ut over stellet rosene skulle hatt frå mi side og eg finn ikkje ut av kva stell dei skal ha. Det er små gule roser, mest som ballar, og luktar godt. No har eg malt opp kvist og greiner og lagt rundt dei, å bruke hjorteskiten som låg her hjelpte ikkje. Nei, eg vansteller nok dei rosene, for folk som får avleggarar får dei til å bli vakre busker. Eg bør kanskje få meg tak i sauemøk?

 

Den problematiske rosehekken skuggar ikkje for sjøutsikta  

– Plantar du noko sjølv i denne hagen?

– Det er lite som har vore planta her etter at Agnes la inn årane, og her er så mykje at det ikkje er nødvendig med meir. Tvert om trur eg at eg må kutte ned på dei største rododendronane, dei tek liksom heilt over der dei står. Den aller største er den Agnes gjødsla med oske frå omnen, det er tydelegvis god næring for dei som likar sur jord. Ho hadde greie på slikt, ho Agnes. Ho las om plantar jamsides bandsterke verk av Hamsun og Bjørnson. Vinteren var for lesing, vår, sommar og haust for hage. Agnes la sjela si i arbeidet med denne hagen, seier Are Skoglund, i stor respekt for grandtanta sitt arbeid.

Tekst og foto: Magni Øvrebotten 14.05.2023.

 

Fridtjov Urdal har tidlegare skrive historia om då eit engelsk fly styrta ved Nærøyane 7. april 1945, slik han hugsar brotstykke av det han vart fortalt om det. No har han fått Kjell Døskeland si skildring av hendinga. – Kjell Døskeland, fødd 1935, er vel av dei siste attlevande som opplevde og hugsar denne hendinga vårdagen fyrst i april 1945.  Han har ei annan og meir heilskapleg framstilling enn det eg kunne gje på grunnlag  av dei minnefragmenta eg bygde på, skriv Fridtjov Urdal. Silken i fallskjermen vart brukt til på sy kjole til ein konfirmant, og seinare til brudekjole, til ei frå Nærøya. Har nokon bilete? 

Kjell Døskeland minnest flystyrten slik:

Det var slett ikkje uvanleg med fly i dei dagar. Det kom fleire gonger fly vestfrå for å gjera åtak på farty som låg i Nordgulen. Kor vidt dette flyet hadde vore ute i slikt ærend veit eg ikkje. Flyet kom uvanleg lågt på vestleg kurs og vi høyrde at det måtte vere noko gale med motoren. Trass i den låge høgda sprang  flygaren ut i fallskjerm, landa i sjøen og kom seg sidan opp  i ein gummiflåte.  Der kom båtar til, kven det var hugsar eg ikkje anna enn at det var ein robåt med to mann. Bestefar min og onkelen tok  motorbåten og for ut og fekk slepa flåten til lands inn på Nordre vågen. Eg trur eg gret fordi eg ikkje fekk vere med.

Eg meina å hugse at der kom fleire folk til og det var diskusjon om kva ein skulle gjere. Dette var berre nokre veker etter at radiostasjonen i Breivika var teken, så folk var vel noko oppskremde. Eg meiner at flygaren vart teken opp i Vågen. Ein vart einige om at det ikkje var anna å gjere en å melde frå til myndigheitene. Det vart ringt frå Ura og flygaren vart henta og ført til Florø og derifrå til Bergen. Han var vanleg krigsfange. Folk visste å fortelje at han hadde komme vel gjennom tyske fangenskapet det var då berre ein månad att av krigen Det vart naturlegvis rykte, praten gjekk om dette som om alt anna. Mellom anna skulle føraren av den båten (truleg var det Sonja, ein båt heimehøyrande i Seljestokken som tyskarane hadde kverrsett til sitt bruk) som skulle hente flygaren  gjeve seg god tid og endå til skura bort i eit skjer i von om at ein skulle få flygaren unna. Kor vidt det er rett er høgst uvisst.

Den himmelsende kjolen

Det som derimot er sikkert er at ein mann frå Nærøyane hadde plukka opp fallskjermen og ei stund etter kom den til Urøya. Finnaren eller bergar hadde ei dotter som skulle konfirmerast det året og han ville ha tanta mi, ho Alma som var sydame, til å sy kjole av skjermen. Så vart gjort. Nokre år etter kom kjolen attende til Urøya og ho Alma, men no skulle han syast om til brurekjole. Det vart og gjort, skriv Kjell Døskeland til Fridtjov Urdal.

Skal tru kven det var som sto konfirmant og brud i denne himmelsende kjolen? Er det nokon som veit det? Det kan ikkje vera så mange konfirmantar frå Nærøyane å velje i. Om kjolen finst enno så har han si historie. Har nokon bilete av konfirmanten og/eller brura i kjolen av fallskjermsilke?

At det er fleire forteljingar om same hending er heilt vanleg, og denne som Kjell Døskeland fortel er meir konsistent enn dei brokkar som eg minnest vart fortalt. Denne hendinga er nok dokumentert i både allierte og tyske arkiv. Fly avdelinga som det her er tale om hadde basen sin i Peterhead og fangen vart nok registrert og avhøyrd av tyskarane.

Fridtjov Urdal 14.04.2023.

Last ned planen her:

Øvelseplan for depoter 2023